Framtidas regionar – eit solid bidrag til
auka verdiskaping og modernisering av offentleg sektor
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sin tale - regjeringas
kontaktkonferanse med fylkeskommunane
Bergen
5.-6. april 2005
Innleiing
Kjære
alle saman!
”Vekstkrafta
må kome nedanfrå”, står det øvst på dagens program. Då blir eg ekstra
inspirert. Det tydar på at vi langt på veg er enige!
Det
gler det meg at det for tida bles ein regionaliseringsvind over landet. Den
skuldast ikkje klimaendringane, men at mange ser behovet for igjen å sloss for
demokratisering og lokalstyre, og mot auka sentralisering i landet vårt.
Først
og fremst handlar det om behovet for ei samfunnsreform som legg betre til rette
for auka verdiskaping ute i regionane. Nye sterke regionar skal gjere den
offentlege politikken meir treffsikker – ved at fleire verkemiddel blir styrt
på det regionale nivået, og dermed blir meir tilpassa regionens faktiske
utfordringar og mulighetar. Den standardiserte nasjonale politikken treff ikkje
godt nok i dette mangfaldige landet vårt. Dermed får vi ikkje alltid god nok
effekt av den offentlege politikken.
Går
det som eg vil, kan dei nye regionane kome i arbeid frå 1. januar 2010 – til
erstatning for dagens fylkeskommunar.
Eit
lite tilbakeblikk på ein forvirrande historie…
På
regjeringa sin kontaktkonferanse skal vi sjå framover. Likevel – tillat meg eit
lite tilbakeblikk på fylkeskommunens ”nyare historie”:
*
Tanken om å styrke det regionale sjølvstyret er slett ikkje ny. Den store
lokalforvaltningsreforma som vart iverksett i 1975 skulle nettopp gjere
fylkeskommunane meir handlekraftige - gjennom direkte valg, nye oppgåver og
direkte fylkesskatt. Fylkesmannen skulle konsentrere seg om tilsyn og kontroll,
og fylkeskommunen og kommunane skulle ta hand om dei viktige samfunnsoppgåvene
– under folkevald styring.
Men
– det gjekk ikkje heilt slik. Fylkesmannen sine samfunnsutviklings-oppgåver
vart ikkje redusert – tvert imot. Og fylkeskommunen fekk ikkje tilstrekkeleg
økonomisk ryggrad til å vere regional utviklar. Heller ikkje klarte ein å få
til det gode samspelet med kommunane.
I
dag blomstrar fylkesmannsembetet med fleire stillingar enn nokon gong, og med
oppgåver som gjer dei statlege embetsmenna til altfor viktige maktorgan i
regionane.
*
Oppgåvefordelingsutvalet kom med vektige argument for igjen å styrke den
regionale folkevalde styringa, gjennom m.a. å overføre landbruks- og
miljøoppgåvene frå fylkesmannen til fylkeskommunen. Ei rekkje andre viktige
oppgåver skulle også desentraliserast til det regionale nivået. Men slik gjekk
det heller ikkje.
* I
staden gjekk det ut eit bod om at fylkeskommunane skulle ta på seg rolla som
regional utviklar. Ei spennande utfordring, som vi kasta oss over med stor iver
– og få verkemiddel.
* I
lys av dette lot vi oss inspirere til å sjå på behovet for ei ny regional
inndeling – med større landsdelsregionar. Det vart ikkje særleg godt motteke i
regjeringskontora. Fy og fy, sa dei, og ba oss holde oss til saka..
*
Underleg nok var det nett på den same tida som staten sjølv snudde opp ned på
den regionale inndeling av statsetatane. Under mottoet ”eit enklare Norge”
ordna kvar statsetat seg med ulike regionale inndelingar – og skapte eit sant
virvar av grenser og inndelingar.
* Og
mens vi stadig prøvde å få i gang ein dialog om ei ny samfunnsreform med eit
sterkare regionalt nivå – vart vi møtt med trøystande ord om ei framtidig
evaluering av den nye fylkeskommunen. Ikkje ein gong ropet frå 18
fylkesordførarar i fjor sommar om at tida er moden for å erstatte dagens
fylkeskommunar med eit nytt regionalt nivå,
gjorde inntrykk på evalueringsforkjemparane i Oslo!
Regionaliseringsvinden
er meir enn ein tilfeldig kastevind…
Det
er ikkje lenge sidan vi igjen høyrde omkvedet om at fylkespolitikarane først og
fremst slåss for eigne interesser, godgjersler og jobbar. Og at det er dette
som er den viktigaste drivkraften bak forslaget om nye regionar.
Eg
reknar ikkje med å høyre det argumentet her i dag. Alle ser no at det er tunge
og breitt forankra drivkrefter bak den nye regionaliserings-rørsla i Norge. Eg
er faktisk litt overraska over kor fort vi har fått tilslutning til saka vår
hjå viktige aktørar i samfunns- og næringsliv! Enigheten går ikkje på akkurat
kor grensene skal gå og detaljar om kva oppgåver dei nye regionane skal ha. Men
det er brei tilslutning til at Norge treng eit sterkare regionalt nivå som
betre kan utløyse verdiskapingspotensialet i alle delar av landet, og som betre
kan sikre støttande folkevald styring av den regionale utviklinga.
Både
Effektutvalet og Distriktskommisjonen har kome med tunge faglege argument for
ei ny regional reform som kan gjere den offentlege politikken meir treffsikker
og effektiv.
Næringslivet
ønskjer at fleire verkemiddel blir styrt regionalt for å sikre betre tilpasning
til faktiske utfordringar i den enkelte region. Og dei ønskjer nærhet til eit
sterkt regionalt folkevald nivå som kan vere medspelarar og støttespelarar.
Tilsvarande argument høyrer vi også frå fleire kunnskapsinstitusjonar.
I
mitt fylke kjenner eg meg trygg på at vi også har det store fleirtalet av
kommunar med oss. Eit sterkt regionalt nivå gir styrke også til det kommunale
sjølvstyret.
Og
det gler meg at KS også så tydeleg gjennom Sentralstyrevedtaket 3. mars gir sin
tilslutning til sterke folkestyrte regionar, slik Halvdan Skaar nettopp har
gjort greie for.
Endå
viktigare er nok det som utover våren skjer i dei politiske partia – når dei på
sine landsmøte skal vedta program framfor Stortingsvalget til hausten. Og høyr
her:
Både
Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti går i forslaga til nytt
partiprogram eintydig inn for å erstatte dagens fylkeskommunar med eit nytt
folkevald regionalt nivå – basert på større regionar og fleire vikige oppgåver.
Også SV og Venstre ønskjer å arbeide for ei reform som fornyar og styrkar det
regionale nivået.
Brei
støtte til regjeringa sin politikk for auka verdiskaping og modernisering av
offentleg sektor…
Eigentleg
dreier det seg om ei massiv støtte til regjeringa sin politikk for auka
verdiskaping og modernisering av offentleg sektor. Å reformere, styrke og
fornye det regionale nivået er ei samfunnsreform som vil ha stor effekt og gi
stor nytteverdi for heile landet. Det representerer ikkje minst eit nytt grep i
distrikts- og regionalpolitikken som vil sikre ein meir effektiv og treffsikker
politikk. Og det betyr at ein nettopp tar på alvor det fyndordet som står
øverst på dagens program – nemleg at ”Vekstkrafta må kome nedanfrå”.
Norge
treng sterke folkestyrte regionar som ein del av moderniseringa av offentleg
sektor. Ei regionreform skal vidareutvikle folkstyret, og sikre at oppgåver
blir lagt på lavast mulege effektive forvaltningsnivå.
På
den måten skal innbyggjarane sikrast rett til reell demokratisk innflytelse på
alle viktige samfunnsområde. Og – på den måten skal vi styrke verdiskapinga til
beste for heile landet.
Statleg
regionalisering – i fri dressur…
Den
statlege ny-regionaliseringa dei siste 5-6 åra har etter mitt syn ikkje vore
noko eintydig godt bidrag til modernisering og effektivisering av offentleg
sektor.
Det
handlar om kystverket, vegvesenet,
helseforetaka, politi- og lensmannsetaten, mattilsynet, tollvesenet,
trygdeetaten, skatteetaten, jordskifteverket – og fleire til. Dei statlege
regionkontora er blitt styrka, områdeinndelinga er endra - og makt og mynde
overført frå sentralt nivå.
Resultatet
er eit svært fragmentert og forvirrande kart over ulike statlege
regioninndelingar – i ein situasjon der regjeringa elles snakkar om ”eit
enklare samfunn”.
Embetsmannsstyringa
over viktige oppgåver og verkemiddel er styrka, og den politiske styringa er
svekka. Sjølvsagt finnst det mange dyktige og velmeinande embetsmenn, men eg
trudde no vi i dette landet først og fremst skulle sikre politisk styring av
samfunnsutviklinga vår.
Ikkje
eingong regjering, statsrådar eller Storting klarar å drive effektiv politisk
styring overfor eit såpass autonomt og fragmentert system. Og kommunane og
fylkeskommunane har meir enn nok med å revidere karta kvar gong ein ny statleg
etat kunngjer sine nye inndelingar og organiseringar.
Er
det dette vi vil? Er det ei slik avpolitisert modernisering av samfunnet vi
ønskjer?
Regionalpolitikken
– stor og liten…
Vekstkrafta
må kome nedanfrå. Nye sterke regionar handlar først og fremst om ei
samfunnsreform som legg betre til rette for auka verdiskaping ute i regionane.
Det handlar om å la fleire verkemiddel bli styrt på det regionale nivået – og
dermed bli meir tilpassa regionens faktiske utfordringar og mulighetar.
Fylkeskommunane
har dei siste åra verkeleg streva med å få kraft og innhald i sin nye rolle som
regional utviklar. Og vi har lykkast godt på mange område. Vi har fått overført
nye frie midlar til regional utvikling, og vi har etablert tett og godt
samarbeid med viktige partnarar i regionane og med kommunane.
Både
arbeidsmåtar og fokusområde i fylkeskommunane er fullstendig endra i løpet av
dei siste 3‑4 åra. Fylkeskommunane har verkeleg tatt rollen som
samfunnsutviklar, og tatt leiarskapen i det regionale utviklingsarbeidet. Kva
saker vi no engasjerer oss i blir ikkje berre avgjort av kva oppgåver vi
formelt har eit tildelt ansvar for. Det avgjerande er kva oppgåver som er
viktige for fylket, for kommunane, for næringslivet og for folket i fylket.
Men
– dette har også lært oss kor prisgitt vi er den statlege sektorpolitikken på
viktige politikkområde.
Vel
er det slik at vi bestemmer mykje over den ”vesle regionalpolitikken”, dvs.
bruken av eit mindre knippe spesielle verkemiddel for regional utvikling og
distriktspolitikk.
Men
dei tunge utviklingskreftene og verkemidlane er knytt til den ”store
regionalpolitikken”, dvs. landbrukspolitikken, utdannings- og
forskingspolitikken, næringspolitikken, samferdselspolitikken, helsepolitikken,
kulturpolitikken, miljøpolitikken, olje- og energipolitikken og
fiskeripolitikken.
Det
er vegvalg og verkemiddelbruk innan desse tunge politikkområda som først og
fremst er avgjerande for den regionale utviklinga. Og her har fylkeskommunane
liten innflytelse.
På
den eine sida er det staten som styrer på desse områda. På den andre sida er
det embetsmenn i departement, direktorat, statlege foretak og statlege
regionkontor som rår over verkemidlane som skal tilpassast og brukast ute i
regionane. Her har vi svært lite vi skulle ha sagt!
For
at vi skal oppnå effekt av nye sterke regionar, må regionane få større ansvar
og oppgåver nettopp innan slike viktige politikkområde. Fortsatt skal staten
har den overordna styringa – det skulle berre mangle. Norge skal fortsatt vere
ein samla nasjon. Men gjennom å la regionane få større ansvar for å tilpasse
verkemidlane til dei faktiske forholda i kvar einskild region, oppnår vi større
treffsikkerhet og effekt av den offentlege politikken. Og vi styrkar
folkestyret framfor embetsmannsstyret. Det handlar om å flytte makt frå
byråkrati til politikk!
Både
Distriktskommisjonen og Effektutvalet peikar nettopp på at den statlege
politikken er for sektorisert og for lite samordna på det regionale nivået, og
at verkemidlane i for liten grad tar omsyn til regionale skilnader. Dermed blir
den samla effekten av den statlege politikken svekka, og den regionale
utviklinga blir hemma.
Desentralisering
av makt til det regionale nivået er nødvendig for å utløyse meir av det samla
verdiskapingspotensialet i landet vårt, og for å sette lokalsamfunn og regionar
betre i stand til å ta større ansvar for eiga utvikling.
Frå
Vestlandsråd til Vestlandsregion…?
Trass
i lite begeistring på sentralt hald, så sit ikkje regionane stille og ventar på
verken tillatelse eller startordre. Rundt i heile landet er det regionale
initiativ på gang. Eg skal ikkje gå gjennom alle her. La meg halde meg til
Vestlandet:
Vestlandsrådet
er inne i sitt tredje år. Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og
Romsdal har gjennom dette rådet etablert eit tett og forpliktande politisk
samarbeid om felles utviklingsoppgåver for Vestlandet, og har fått overført
viktige nye oppgåver og ansvar på samferdselsektoren i eit statleg forsøk.
Vestlandsrådet
med sine 20 medlemer er sett saman av dei fremste politikarane i dei fire
fylka. Formannskapen går på omgang frå år til år. Sjølv hadde eg gleda av å
leie Vestlandsrådet i fjor. Den administrative leiinga følgjer den politiske,
og vi har ikkje etablert eigne administrative organ.
Det
er berre viktige politiske saker for regionen som kjem på vår dagsorden, og det
er det politiske handtverket som står i fokus. Administrasjonen arbeider på
direkte bestilling frå Vestlandsrådet. Dermed unngår vi å bruke opp all
vår energi på allehånde administrative initiativ som ikkje
nødvendigvis er politisk viktige. Ein eigen handlingsplan set kursen får vårt
langsiktige arbeid.
Vi
har særleg hatt suksess i arbeidet med Kyststamvegen – både ved at vi har klart
å samle oss om felles prioriteringar, og ved at vi faktisk i haust klarte å
hente 1 milliard ekstra frå Stortinget til dette viktige prosjektet.
Å
klare å samle seg om felles prioriteringar er ikkje alltid enkelt. Det betyr at
vi alle må klare å la Vestlandet sitt langsiktige beste gå framfor kortsiktige
interne omsyn i våre enkelte fylke. Tru ikkje at det er lett! Men så langt har
vi klart å halde saman, trass i at sakene ofte er vanskelege og utfordrande.
Vi
har også lagt stor vekt på å etablere tett kontakt med næringslivet, byane,
regionråda og dei høgare utdanningsinstitusjonane på Vestlandet i vårt arbeid.
Det
aller mest spennande nett no er arbeidet med å greie ut eit eventuelt samla
Vestlandfylke. I januar i år vedtok nemleg Rogaland, Hordaland og Sogn og
Fjordane å starte ei utgreiing som skal vurdere eventuell etablering av eit
samla Vestlandsfylke. Møre og Romsdal har takka nei til å vere med på dette
arbeidet.
Utgreiinga
skal konkretisere innhaldet i eit nytt regionalt folkevald nivå på Vestlandet,
vise kva konkrete oppgåver regionen bør ha og utforme ein modell for
desentralisert politisk og administrativ styring.
Utgreiinga
skal vere klar til sommaren, og dei tre fylkestinga får saka til behandling til
hausten.
Eg
trur ikkje det er ei lett oppgåve vi har gitt oss inn på. Og det er altfor
tidleg å spå om kva dei tre fylkestinga kjem til å gå inn for når utgreiinga
ligg føre. Men – eg kjenner meg trygg på at det er sterke krefter som ønskjer
ein samla Vestlandsregion. Eg vonar vi derfor klarar å vere konstruktive og
kreative i å finne løysingar og modeller som alle kan gå inn for.
Eitt
er i alle fall sikkert: Bergen kan ikkje bli hovudstad for den nye
Vestlandsregionen. Den administrative modellen må byggje på desentralisering
slik at regiondanninga ikkje i seg sjølv representerer ei sentralisering innan
Vestlandet.
Norge
treng sterke regionar!
Maktutredningen
som kom for eit par år sidan slår fast
at det lokale sjølvstyret forvitrar og at demokratiet tapar terreng i
samfunnsstyringa. Avpolitisering og sentralisering gjer sitt inntog på stadig
nye område. Det er denne trenden vi ønskjer å snu.
Nye
regionar skal bidra til å utvikle eit sterkt demokrati på regionalt nivå - gjennom å overføre oppgåver, ansvar,
ressursar og beslutningsmakt frå staten til regionane.
Vi
treng sterke regionar som kommunane har tillit til, som staten har respekt for,
og som innbyggjarane og næringslivet har nytte av.
Dei
nye regionane skal gi eit effektivt bidrag til regional og nasjonal
verdiskaping, næringsutvikling og sysselsetting.
Og -
regionane skal sjølvsagt utøve sitt arbeid innanfor dei rammene som følgjer av nasjonal politikk og nasjonale mål.
Regionreformen
vil forenkle og samordne. Innbyggjarar, næringsliv og kommunar får eit
regionalt nivå å forhalde seg til, i staden for dagens fragmenterte og
uoversiktlege statlege forvaltning. Oppgåver og verkemiddel i
regionalpolitikken blir samordna i eitt organ, i staden for dagens modell med
sektoriserte statlege regionkontor.
Embetsmannsstyring
blir erstatta med politisk styring av verkemiddel og utviklingspolitikk.
Fylkesmannen sine oppgåver skal då konsentrerast om tilsyn og kontroll.
Standardiserte
sentralstyrte verkemiddel og utviklingsprosjekt blir erstatta av regionalt
tilpassa utviklingsarbeid.
Det
er dette vil så gjerne vil!
Vekstkrafta
må kome nedanfrå, står det som sagt på dagens program. Då er det viktig at også
gjødsel og såkorn blir tatt hand om ute i regionane!
Takk
så mykje for at de ville høyre på meg!