Regjeringa tar utgangspunkt i at folkestyret inneber eit styresett der mange har sjanse til å påverke, og at makt skal spreiast. Eit levande og desentralisert demokrati med brei deltaking er grunnleggjande for å møte samfunnsutfordringane.
Regjeringa fører ein aktiv og målretta distrikts- og regionalpolitikk. Målet er å leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og å oppretthalde hovedtrekka i mønsteret for busetnad. Regjeringa vil at folk skal ha en reell sjanse til å busette seg der dei ønskjer, vi skal ta heile landet i bruk for å styrke verdiskapinga og vi skal medvirke til at fleire flyttar til distrikta.
Kommunal- og regionaldepartementet har det overordna ansvaret for spørsmål som gjeld bustadpolitikk, regional- og distriktspolitikk, lokalforvaltning og gjennomføring av val.
På denne sida finn du informasjon og dokument som handlar om kommunar og distrikt på eit overordna nivå. Du kan utforske temaet meir i menyen til høgre.
.