Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggjarane gode tenester, valfridom og medbestemmelse. Offentleg sektor skal vere i stand til å ivareta omsynet til kvalitet, tilgjengelegheit, rettferd og økonomisk effektivitet.
Fornying og utvikling av offentleg sektor omfattar mange politikkområde. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vart oppretta i 1. januar 2006 og skal vere koordinerande departement i Regjeringa sitt fornyingssarbeid.
På denne sida finn du informasjon og dokument som handlar om offentleg forvaltning på eit overordna nivå. Du kan utforske temaet meir i menyen til høgre.