Regjeringa vil skape ei positiv utvikling i heile landet og aukar derfor satsinga på samferdsel. Det offentlege har ansvaret for eit godt og moderne kommunikasjonsnett i heile landet. Transport og kommunikasjon er ein viktig forutsetnad for busetjing og næringsutvikling. Dette stiller krav til ei variert satsing og ein differensiert samferdselspolitikk der dei ulike delane av samferdselspolitikken blir sett i samanheng.
Det er Samferdselsdepartementet som har det overordna ansvaret for spørsmål som gjeld transport, posttenester og telekommunikasjon. Fiskeri- og kystdepartementet ivaretek sjøtransport og kystforvaltninga.
På denne sida finn du informasjon og dokument som handlar om transport og kommunikasjon på eit overordna nivå. Du kan utforske temaet meir i menyen til høgre.