Dette er historia om korleis det er å vera sjef for, og einaste tilsette, i eit lite distribusjonsselskap som prioriterer kvalitets- og alternativ film. Det er ein sjanse å ta.
Filmbyrået Coriander Film vart etablert i 2003 av dagleg leiar Eli Stangeland, som har bakgrunn som filmkonsulent, kinosjef, festivalsjef, samt arbeidserfaring frå eit internasjonalt salgsselskap for film i utlandet (BV International Pictures) og studier i markedsføring.
–Kvifor byrja du for deg sjølv?
– Eg kunne ha snakka lenge om motivasjon, men det gjekk i det at BVIP gjekk konkurs. Ein av dei involverte filmane ville ikkje ha fått pengar utan at eg hadde starta opp. Disa flytter til Japan, regissert av Benedicte Orvung, var den utløysande faktoren. Denne filmen vann Gullruta sin hovudpris og fleire prisar over heile verda. Elles distribuerte eg Mannen som elsket Haugesund, som fekk god kritikk og mange prisar. Den var den fyrste norske dokumentaren som vart vist på dvd på kino. Eg får enno forespørsel frå utlandet om den, men eg driv eigentleg ikkje med eksport. Då henviser eg dei til Filminstituttet. Det å byrja for meg sjølv var ein sjanse å ta, for tenk om ingenting hadde slått an. Men om ein einaste film slår til, så kan du leva lenge på det økonomisk. Så langt har eg ikkje vore blant dei heldige som har fått oppleva det, til dømes med ein ”Flåklypa Grandprix”.
– Kva med kostnadar? Mottar du støtte frå MEDIA II, dette EU/EØ- tiltaket som gir finansiell stønad til dømes til uavhengige distributørar og til marknadsføring?
– Ja. Dei gjer det lettare for meg å ta inn europeisk film. Dei støttar europeisk kinolansering i fleire land og gjer at europeisk film vert meir interessant. Film og Kino får eg også stønad frå. Det er kinoane sin interesseorganisasjon som du kan søkja støtte frå til dømes til dubbing og underskotsgaranti.
Smal superkatt
Årleg tar Noreg inn 220 filmar. Dei ti best besøkte tar seksti prosent av besøket. Førti prosent av besøket vert då fordelt på dei om lag 210 resterande filmane. Smal film vert smal fordi smal film ikkje får merksemd.
- Til barnefilmen Superkatten Zorba søkte eg underskotsgaranti, men filmen gjekk så bra at den fekk eg ikkje utbetalt, noko som jo var bra. I Bergen fekk den dårleg kritikk, men det seier litt om tilfeldighet i bransjen. VG gav den god kritikk men svært liten plass, i motsetning til ein film dei på same side berre gav terningkast to, men likevel blåste opp. Skeivt, med andre ord.
– Korleis arbeider du reint konkret, reiser du ut på leiting eller vert du kontakta?
– Begge deler. Nyleg var eg i København der eg såg tre filmar som eg gjerne vil ta inn. Då kontaktar eg produsentar eller salgsagentar, men eg vert også kontakta. Eg har arbeidskapasitet til å ta inn fire til seks filmar i året. Bak det ligg der mykje usynleg arbeid. Dessutan tenkjer eg konkurranse – kva andre filmar skal opp då og då. Eg er flinkast på barnefilm. På vaksenfilmfronten er det vanskeleg å koma inn for nye distributørar, sidan dei same selskapa vert brukte om att. Men eg tok inn Suite Habana, for øvrig den einaste ikkje-europeiske filmen eg har tatt inn. Ungdomsfilm er vanskeleg, for vanskeleg, og dyrt å marknadsføra. Jo meir reklamepengar ein har til disposisjon, jo fleire ungdomar kjem. Sånn er det ikkje med vaksenfilm der ein er prisgitt omtale og kritikk. Ungdom ser ikkje alternative filmar, noko dei heller ikkje lærer på skulen. Spør dei kva dei har sett i det siste, og du får svaret amerikansk, elles kanskje ein norsk eller svensk. Ungdomsfilm driv eg likevel med.
– Kva tykkjer du om filmtilbodet i landet?
– BIFF er glimrande når det gjeld annleis film og eg skal sjølv gå å sjå film på Nordisk Panorama. I Noreg har me faktisk eit bra spenn i filmtilbodet. Men når det gjeld min bransje er me prisgitt markedføringspengar og kritikarstanden. Kritikarane er feige i forhold til amerikansk film. Mykje hadde fortjent dårlegare kritikk. Det hjelper ikkje om fotografi og så vidare er aldri så bra når der er teite historiar i botn!
Norsk snillisme
– Men kva med snillismen overfor norsk film?
– Det er ok å vera meir fair mot norsk film fordi den har lite pengar. Amerikansk film har kapital og stort markedsføringsbudsjett, men er meiningslaus.
– Det er jo noko bra innan amerikansk indiefilm?
– Amerikansk film kan også vera bra, men likevel fastlåst. Vodka Lemon kunne til dømes aldri ha vorte laga i Amerika. Publikum bør sjå minst fire ikkje-amerikanske filmar i året. Mangfald er det eg er ute etter. Ungar vert sjuke av for mykje Astrid Lindgren, sjølv om det er bra film.
– Kan du røpa for oss noko av det du skal ta inn utover hausten?
– Kebab Connection. Manus er av Fatih Akin som også hadde manus i tillegg til regi av Mot veggen. Filmen er ein tysk ungdoms- og vaksenfilm om ein tyrkisktysk gut som vil laga den fyrste tyske kung-fu-filmen. Den kjem opp i november, men eg kunne ha fått den inn tidlegare om det ikkje hadde vore for at det tar over eit år å få ut pengar frå MEDIA II. Det tar tid og er omstendeleg å søkja, søknadar vert tatt imot berre visse deler av året. Det tar også veldig lang tid å få svar. Nei, det er ikkje rart at film kjem seint til Noreg.
– Kva legg du i omgrepet kvalitet?
– Om du kjenner deg berika, om du er glad for å ha sett filmen, om den treffer. Kvifor les ein seriøse bøker? Fordi det gjer oss godt. Me vil le og grina, oppleva noko nytt, verta engasjerte. Og det er jo deilig å le. Eg ynskjer meg intelligente komediar.
Og med den setningen går intervjuet over i mimring om Charlie Chaplin.
Tekst: Lilly Vinje
