Samviten header image 1

Samviten er studentavisen ved det samfunnsvitenskaplige fakultetet i Bergen.

Mannen som ikkje ville bli rektor

October 6th, 2005 · No Comments

Ved rektorvalet tidlegare i år ivra Sigmund Grønmo etter å bli rektor. Slik har det ikkje alltid vore.

Året var 1998. Ein skulle finne ein som skulle ta over styringa av Universitetet i Bergen (UiB). Rektor Jan Fridthjof Bernt ville trekke seg attende til jussen og la andre krefter ta over kommandoen. Det var tid for rektorval. Problemet var at det berre var ein kandidat. Professor i lingvistikk, Kirsti Koch Christensen, hadde sagt seg viljug til å ta opprykket – eit klokt val meinte mange. Det var og konsensus om at det var på høg tid med ein kvinneleg rektor ved UiB.

Sjå til Oslo
Bordet var dekka til at Kirsti Koch Christensen skulle ta over. Men det var ikkje så enkelt. Krefter vart sett i sving for å finne ein motkandidat til Christensen. Ikkje det at det var folk som tvila på om ho kunne føre skuta med sikker og trygg hand. Det var engasjementet på høgda dei uroa seg over. Korleis skulle ein få ein heftig og oppheita debatt blant studentar og tilsette dersom det berre var ein kandidat?
Det vart ymta frampå at det var uheldig med ein slik situasjon. - Med bare en rektorkandidat får vi ikke universitetsdemokratiet til å fungere, sa leiaren i forskerforeningen Gunnar Clausen til Bergens Tidende. Med lengtande auge såg dei mot Oslo. Der var det heile fem kandidatar som kjempa om herredømet. Slik ville dei også ha det i Bergen.
- I Oslo er mange opptatt av hvem som skal være universitetets rektor og fakultetets dekaner, og hvorfor. I Bergen derimot, er debatten om disse viktige spørsmålene nær sagt død, skreiv Professor i allmenn litteraturvitskap, Per Buvik i internavisa ved UiB.

Grønmo entrar scenen
For å skape debatt og engasjement vart Sigmund Grønmo føreslått som motkandidat til Christensen, sjølv om han hadde uttalt at han ikkje hadde noko ønske om å verta rektorkandidat. Grønmo hadde sjølv stilt til val som prorektor og hadde støtta Koch Christensen sitt kandidatur i rektorvalet. Likevel sa Grønmo seg viljug til å stille som rektorkandidat.
”Å være prorektorkandidat innebærer også å si ja til å fungere som rektor når det måtte være nødvendig”, postulerte han. På denne bakgrunnen måtte han påta seg ansvaret og pliktene som eit rektorverv inneber. For som han skreiv: - Hvis jeg ikke var innstilt på det, ville jeg også være en dårlig prorektorkandidat for UiB. Dessutan var han ein av dei som såg rektorvalet som eit veleigna forum for å diskutere universitetspolitikk.

Den store debatten
Dei som no hadde von om eit universitet som var oppslukt av eit stort engasjement og herlege debattar om universitetet si rolle i samfunnet vart diverre skuffa. Dragkampen mellom duellantane enda med ein stordebatt i store auditorium ved Studentsenteret. Det var labert oppmøte og det vart heller ikkje noko særleg temperatur i munnhuggeriet. Det var berre nyansar som skilte dei to kandidatane og det var vanskeleg å få eit inntrykk av kven som var den best eigna til å sette seg i rektorstolen.

Den fyrste kvinnelege rektor
Då valet endeleg var ferdig gjekk ingen ringare enn Kirsti Koch Christensen av med sigeren. Med 54,9 prosent av stemmene vart ho den fyrste kvinnelege rektoren ved Universitetet i Bergen. Av 18310 stemmeberettiga, var det berre 1989 som hadde funne vegen til urnene. Ei urovekkjande låg valdeltaking.

Grønmo vender attende

Kirsti Koch Christensen fekk ved valet i 2001 ingen motkandidatar, men då ho i år trakk seg attende, var det tre kandidatar som ville ta over. Ein av dei var Sigmund Grønmo. Med eit imponerande nettverk i ryggen gjekk han denne gongen inn for å bli vår neste rektor. Frå ein reformkritisk plattform vann han ein knusande siger allereie i fyrste valrunde. Denne gongen hadde Universitetet lagt høva til rette for ei høgare valdeltaking. Rektordebatten vart dessutan sendt på Student-tv og ein kunne stemme på internett. Av 16370 med stemmerett nytta 3305 seg av denne.

Tekst: Lars Tore Klepsvik

Tags: Kronikk