Til forside

Nyheter


Til toppen av siden

Framleis plastleikar med forbodne ftalater

20.06.02 To mjuke plastleikar med forbodne ftalater blei funne i ein SFT-kontroll i vår. Desse skal vere trekte frå marknaden opplyser importøren av leikane.

SFT kontrollerte leikar i 14 butikkar i Oslo, Bergen og Trondheim. Åtte produkt for småbarn blei sendt til analyse. To plastleikar viste seg å innehalde forbodne ftalater. Ved denne kontrollen fann SFT ingen leikar som det ved tidlegare kontrollar er påvist ftalater i.

Dei kontrollerte leikane blei valt ut blant mjuke barneprodukt som plastbadedyr, badebøker, dokker og spedbarnsprodukt. 

Forbod mot ftalater i leikar

Januar 2000 blei det forbod mot ftalater i leikar og ein del sped- og småbarnsprodukt til barn under 3 år.

Korleis unngå leikar med ftalater?

- Spør i butikken om den mjuke plastleiken til småbarn inneheld forbodne stoff. Får du ikkje gode svar, bør du ikkje kjøpe produktet, seier seksjonssjef Berit Gjerstad i SFT.

  • Tips en venn
  • Få nyheter fra SFT på e-post
Til toppen av siden

Til toppen av siden