Jobb i SIU
SIU har omlag 55 fast tilsette. I tillegg til eigne medarbeidarar administrerer SIU òg tilsettingane av nasjonale ekspertar til EU-kommisjonen og Cedefop, utanlandslektoratane og en eigen høgskulelektor i Caen.
SIU har medarbeidarar med ein variert kompetanse innan programforvaltning, internasjonalisering, informasjon og kommunikasjon. Blant medarbeidarene på SIU finn ein tilsette som meistrar fleire framandspråk utanom engelsk, mellom anna fransk, bosnisk, spansk, tysk, russisk, mandarin og hindi. Dei tilsette på SIU har ein variert utdannings- og erfaringsbakgrunn, og mange har utdanning på doktorgradsnivå eller tilsvarande.
SIU har ein balansert kjønnsfordeling og fleire tilsette med fleirkulturell bakgrunn. Vi satsar på aktiv bruk av nettbaserte tenester for å informere om program vi driv, og lagar ei rekke publikasjonar. Kompetansen innan IKT har mellom anna gitt oss oppdrag frå EU-kommisjonen, Nordisk Ministerråd og andre europeiske programkontor.
SIU kan tilby ein arbeidsplass i eit internasjonalt miljø der trivsel, personleg- og fagleg utvikling, og respekt er viktig.
Tilsette i SIU vert løna etter Statens lønnsregulativ og SIU praktiserer fleksibel arbeidstid.
- Trine Lilleskare Granerud
Tlf:
55 30 88 49
Epost: trine.granerudSPAMFILTER@siu.no
Faks: 55 30 88 01

