© Bjørn Rørslett / NN / Samfoto
«For å sikra at norsk held fram som nasjonalspråk i Noreg må det utformast ein samla språkpolitikk for framtida. Politikken må forankrast i tre demokratisk baserte rettar: retten til nasjonalspråk, retten til morsmål og retten til framandspråk. Det overordna målet er å sikra at nynorsk og bokmål blir brukte på alle område i samfunnet, og at norsk språk er det naturlege valet i alle situasjonar der det ikkje er nødvendig å bruka framandspråk.
Det inneber mellom anna å leggja forholda spesielt til rette for nynorsk som mindretalsspråk. Spissformulert kan ein seia at så lenge nynorsk og bokmål ikkje er fullt likestilte, kan ikkje norsk, forstått som to likestilte målformer, seiast å vera fullt ut samfunnsberande.»
(Brev frå interimsstyret i Språkrådet til Kultur- og kyrkjedepartementet 6. mars 2006)
Sist oppdatert 18. juli 2007