|
Eg viser til brev fra Kommunalkomiteen
3. november 1993.
Spørsmål:
| I
det ein viser til omtalen av arbeidsmarkedstiltaket KAJA (Kompetanse, arbeid
og jobbskaping for arbeidsledige) i m.a. Kommunal- og arbeidsdepartementets budsjettdokument
og i Nasjonalbudsjettet, ynskjer kommunalkomiteen ein oversikt over eigenfinansieringa
for kommunane ved bruk av ordninga, jamført med SKAP-ordninga. |
Svar:
KAJA blei satt i verk fra 1. november
1993. Tiltaket erstattar tiltaka SKAP, Arbeid for trygd, Utvida arbeid for
trygd og Enkeltarbeidsplassar for sosialhjelpsmottakare. I all hovedsak er
det SKAP som har blitt nytta i kommunane i 1993.
KAJA versus SKAP
I KAJA skal kommunane gi 15 % tilrettelagt opplæring i løpet av tiltaksperioden. Kommunane har ansvaret for å tilrettelegge opplæringa. I SKAP er det ingen krav til opplæring.
I KAJA skal det gis tarifflønn for utført arbeid. Opplæring gis det ikkje lønn for. Samla gir det ei lønn lik 85 % av tarifflønn. Det er ingen øvre grense for lønna.
I SKAP forhandlas det om lønn. Lønna
skal ikkje overstige 85 % av tarifflønn, eller tilskottet fra staten på
12.750 kr per månad. Fra 01.01.94 tas det sikte på å auke tilskottet til
13.000 kr per månad.
Kostnadar for kommunane
Kostnadane for kommunane ved overgang fra SKAP til KAJA vil i stor grad stå på korleis kommunane vel å nytte tiltaket. Kommunane har stor fridom både til å velje arbeidsoppgaver, berre dei er ekstraordinære, og val og tilrettelegging av opplæringa.
I SKAP-M kommunane (Rennebu-modellen), eit forsøk i ni kommunar, skal kommunane gi 20 % opplæring til deltakarane. Erfaring fra disse kommunane viser at kommunane har vore oppfinnsomme i å tilrettelegge opplæring ut fra kommunen sin økonomi og deltakarane sine behov. Dette forsøket gjennomførast med ordinært SKAP-tilskott, 12.750 kr per deltakar per månad.
Kommunal-og arbeidsdepartementet vil
evaluere korleis kommunane nyttar KAJA.
Lønn:
I gjennomsnitt har lønna for
SKAP-deltakarar vore om lag 9.500 kr per månad, og lønna har ikkje kunne
overstige 85 % av tarifflønn. Ved overgang til KAJA der lønna skal reknas
ut fra tarifflønn for utført arbeid vil lønnskostnadane avhenge av arbeidet
som kommunane sett i verk. I og med at det berre skal gis lønn for 85 av
tida på tiltaket vil truleg lønnskostnadene ikkje skille seg vesentleg fra
SKAP.
Opplæring:
For 1994 har arbeidsmarkedsetaten lagt
til grunn 5.100 kr i gjennomsnittleg månadsverkspris på AMO-kurs. Viss
kommunane har samme kostnader for opplæringa i KAJA gir det i gjennomsnitt
770 kroner per måned i utlegg til opplæring per tiltaksdeltakar.
Samla kostnadar:
Kommunal- og arbeidsdepartementet reknar med at dei kommunale utgiftar til lønn og opplæring om lag svarer til det statlege tilskottet. Kommunane sine faktiske kostnadar vil likevel avhenge av dei oppgavar dei ledige settes til og korleis kommunane organiserer opplæringa.