|
Komiteen, medlemmene frå Arbeidarpartiet, Olav Akselsen, Vidar Brynsplass, Anne Helen Rui og Ane Sofie Tømmerås, frå Senterpartiet, Tor Nymo og Jorunn Ringstad, frå Høgre, Arild Hiim og Anders C. Sjaastad, frå Sosialistisk Venstreparti, lederen Lisbeth Holand, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle, og frå Framstegspartiet, Jan Simonsen, har merka seg Regjeringa sine hovudsatsingsområde på justissektoren - redusert kriminalitet, generell tryggleik og rettstryggleik, demokrati og openheit, og ei betre oppgåveløysing og betre service. Komiteen stør desse satsingsområda sjølv om det kan vere usemje om korleis ein best skal nå måla, og kva for mål som skal prioriterast.
Komiteen har merka seg at departementet ynskjer å styrke faktagrunnlag og kunnskap når det gjeld kriminalitetsutvikling og evaluering av ulike prosjekt. Komiteen vil streke under at det er ei klår trong for auka forskingsinnsats når det gjeld kriminalitet - både når det gjeld årsaker til kriminalitet og når det gjeld dei tiltaka som vert sette inn for å motverke kriminalitet og tilbakefall hjå lovbrytarar.
Komiteen ser det som ein viktig del av kriminalpolitikken å redusere frykten for kriminalitet. Utbreiinga av valdsbruk og kriminalitet i samfunnet øydelegg liv og helse i eit omfang vi ikkje kan godta. Komiteen arbeider for eit samfunn der folk kan kjenne seg trygge både ute og heime, eit samfunn der folk kan ferdast fritt utan redsle for å bli utsett for vald.
Komiteen er einig i at kampen mot vald framleis må vere eit av dei høgast prioriterte områda innan kriminalpolitikken, og meiner det er naudsynt at seksualisert vald og overgrep mot barn vert gjeve ein sentral plass i dette arbeidet.
Årsakene til vald og kriminalitet er samansette, men kriminalitet avspeglar ofte samfunnet. Kalde, umenneskelege samfunn og dårlege oppvekstvilkår kan vere årsak til vald og kriminelle handlingar. Heilskapstenking og førebygging av problem er derfor viktig i samfunnsplanlegginga.
Komiteen er kjend med den urovekkjande auken i kriminalitet og valdsbruk blant ungdom og mellom ungdomsgjengar. Hurtig reaksjon og oppfølging overfor ungdomskriminalitet må ha høg prioritet. Komiteen ser i denne sammanhengen behov for eit sterkare samarbeid mellom barnevernet og politiet for å sikre ei god oppfølging av ungdom for i størst mogleg grad å hindre gjentatt kriminalitet. Rasistisk motivert vald og konfliktar mellom ulike ungdomsgrupper er òg ein del av valdsbiletet, spesielt i dei store byane. Innsats for å kjempe mot diskriminering, rasisme og framandhat er etter komiteen si meining viktig i det valdsførebyggjande arbeidet.
Dei som bryt loven må bli stilte til ansvar og få sin straff. Komiteen meiner at straffane for vald mot barn, sedelighetsbrotsverk og grov valdsbruk bør skjerpast.
Komiteen viser til at justissektoren sitt særlege ansvar i arbeidet mot kriminalitet er politiet si handheving av ro og orden, og arbeid med å finne fram til dei som bryt lovene, stille dei til ansvar og gjennomføre sanksjonar. Komiteen er samd med Regjeringa i at det er viktig at samfunnet sin reaksjon på lovbrot kjem raskt. Samstundes er det naudsynt at den som bryt lova får ei rettvis handsaming, slik at ein må vege omsynet til effektivitet og omsynet til rettstryggleik mot kvarandre og finne ein rimeleg balanse. Kampen mot kriminalitet er full av slike avvegingar. Regjeringa omtalar tilhøvet mellom personvernomsyn på den eine sida, og omsynet til effektiv oppklaring av lovbrot på den andre sida. Komiteen er samd med Regjeringa i at det er ei utfordring å motarbeide kriminalitet på ein slik måte at andre viktige omsyn som personvern og rettstryggleik ikkje lir skade. Det må gjerast konkrete avvegingar av kor alvorleg kriminalitet det gjeld og kor alvorlege inngrep i personvernet det gjeld.
Regjeringa skriv at kriminaliteten i dag i stor mon er internasjonalt organisert, og at det sit bakmenn som innkasserar den økonomiske vinsten av mange lovbrot. Komiteen er samd med Regjeringa i at det er viktig å hindre at lovbrot skal løne seg. Det må derfor leggjast større vekt på å få inndratt utbytte av kriminell verksemd i tillegg til ordinær straff. Komiteen meiner at det òg innafor det lovverket vi har i dag, er mogeleg å gjere større innsats for å inndra utbytte.
Komiteen har merka seg at Regjeringa vil leggje fram ein proposisjon om ny våpenlov i løpet av 1997. Komiteen syner til at Noreg har meir våpen i høve til folketalet enn noko anna vesteuropeisk land. Komiteen er utålmodig når det gjeld å få ein gjennomgang av våpenlova.
Komiteen finn det positivt at Regjeringa understrekar rettstryggleik som ein grunnpilar i samfunnet, men komiteen finn òg grunn til å minne Regjeringa om at ein føresetnad for at alle skal oppleve rettstryggleik, er at folk kjenner rettane sine og at dei har økonomisk høve til å følgje opp ei sak slik at dei kan få rett dersom dei har rett. På same måten er komiteen samd med Regjeringa når den strekar under kor viktig det er å byggja opp under demokrati og eit ope samfunn. Komiteen reknar med at Regjeringa si understreking av verdien av eit ope samfunn, vil bli følgt opp med ei meir open praktisering av innsynsprinsippet enn det som så langt har vore situasjonen.
Meir synleg og tilgjengeleg politi der folk bur og ferdast er etter komiteen si meining eit viktig tiltak for å skape tryggleik i kvardagen. Folk må få tilbake tryggleiken for at politiet er tilgjengeleg og yt hjelp når ein er blitt utsett for ei kriminell handling.
Komiteen viser til at lensmannsetaten har vore bygd opp på grunnlag av nærpolitimodellen og er prega av god oversikt og god kunnskap om lokalmiljøet. Nærpolitimodellen bør byggjast vidare ut i byane. Ein må sjå til at omorganiseringa av politi- og lensmannsetaten vert gjennomført i tråd med Stortinget sine føresetnader om å behalda ein desentralisert etat, med tenestemenn med god lokalkunnskap.
Komiteen ser behovet for klårare
grenser for verksemda til private vaktselskap og private etterforskarar i
høve til politiet sine oppgåver og ansvar. Komiteen viser til sine
merknader om dette i
Innst.O.nr.44
(1994-1995) om ny politilov s. 11. Komiteen har merka seg at departementet
arbeider med denne grenseoppgangen, og reknar med at dette arbeidet blir
prioritert og lagt fram for Stortinget i høveleg form.
Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemen frå Framstegspartiet, er samd med Regjeringa i at ein god kriminalpolitikk krev at vi rettar merksemda både mot det ansvaret den einskilde har for kva han gjer, og mot dei samfunnstilhøva som særleg verkar inn på utviklinga av kriminalitet. Fleirtalet merkar seg at Regjeringa peiker på at samfunnet sin evne til å inkludere alle gjennom skule og arbeidsliv, vise omsorg for dei som treng det og fordele velferden rettferdig, er sentrale element i det førebyggjande arbeidet. Fleirtalet er samd i dette og trur at det er viktig å rette større merksemd mot dette. I den samanhengen finn fleirtalet grunn til uro over at over 1/3 av alle dei som lever av sosialhjelp i Noreg er under 25 år, likeins at arbeidsløysa mellom innvandrarar er langt høgare enn mellom nordmenn elles.
Fleirtalet meiner at ein må satse på
eit vidt spekter av verkemiddel for å få bukt med auking av vald og
kriminalitet i samfunnet. Fleirtalet meiner at samfunnet må gje familien
meir tid til omsorg. Det er i familien at barn får grunnleggjande tryggleik
og lærer å ta personleg ansvar. Likeins vil fleirtalet påpeike den
utvilsame samanhangen mellom underhaldningsvalden og den aukande valden i
samfunnet. Fleire undersøkingar av mediavald som fenomen viser at mediavald
aukar barn og ungdom sin aggresjon, og at vald blir problemløysingsmetode.
Fleirtalet meiner det er viktig å kartlegge både kortsiktig og langsiktig
verknad av konsum av medievald. Fleirtalet er opptatt av å styrke
verdinormene og det haldningsskapande arbeid i samfunnet.
Regjeringa peiker i proposisjonen på
samanhangen mellom rusbruk og kriminalitet. Eit anna fleirtal, alle
unnateke medlemene frå Høgre og Framstegspartiet, peika i budsjettmerknadene
for 1995-96 på at departementet burde skaffe fram meir kunnskap om
samanhangen mellom meir liberale skjenkereglar og meir valdskriminalitet.
Forsking som er komen fram det siste året, viser at det er klår samanhang
mellom liberal skjenkepolitikk og auka valdskriminalitet. Strengare
skjenkerettsreglar vil etter dette truleg vere eit effektivt tiltak for å
redusere valdskriminalitet.
Et annet flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti, konstaterer at kriminaliteten fortsetter å øke i Norge. Fra 1994-1995 økte anmeldte forbrytelser med 15 %.
Dette flertallet konstaterer videre at det prosentvise antall forbrytelser som oppklares synker. Oppklaringsprosenten sank med 2,5 prosentpoeng i 1995 til kun 23,5 %. Dette innebærer at mindre enn hver fjerde forbrytelse oppklares.
Dette flertallet mener at Regjeringens forslag til budsjett på politisektoren ikke er tilstrekkelig til å møte utfordringen med å gi folk trygghet for at politiet er tilgjengelig og yter hjelp når man er blitt utsatt for en kriminell handling. Dette flertallet vil derfor i budsjettet for 1997 prioritere kampen mot kriminalitet, med særlig vekt på arbeidet for å styrke politiet og lensmannsetaten.
Dette flertallet foreslår å øke
bevilgningen til politi- og lensmannsetaten, slik at driftsbudsjettet kan
styrkes og kontorpersonell og arrestforvarere tilsettes for å frigjøre
utdannet politipersonell til rene politioppgaver. En slik satsing vil i
tillegg til å sikre publikum service og trygghet også på kvelds- og
nattetid, bidra til et mer synlig og tilgjengelig politi. Et synlig politi
med god lokalkunnskap er viktig i kampen mot kriminaliteten.
Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet, vil understreke betydningen av det internasjonale samarbeidet med sikte på å bekjempe kriminalitet over landegrensene, og mener en norsk avtale med Schengenlandene kan innebære et nytt og viktig virkemiddel i dette arbeidet. En slik avtale vil videre sikre at det nordiske pass- og reisefrihetssamarbeidet kan videreføres og utvides til flere land i Europa.
Dette flertallet mener det ikke er mulig for ett land å føre en god og effektiv kriminalpolitikk uten å ta i betraktning kriminalitetens internasjonale aspekter. Uansett på hvilket nivå det settes inn kriminalitetsforebyggende tiltak, er det nødvendig å se på sammenhengen mellom lokale tiltak, tiltak på nasjonalt nivå og behovet for et samarbeid på internasjonalt nivå for å komme den internasjonale kriminaliteten til livs.
Dette flertallet mener at et tett og effektivt politisamarbeid på tvers av grensene i Europa er til nytte for vår nasjonale innsats mot kriminalitet. Alle som deltar i Schengen-samarbeidet forplikter seg til å treffe nødvendige tiltak for å bekjempe handel med narkotika og å forebygge narkotikaetterspørsel. For at narkotikabekjempelsen skal være så effektiv som mulig, forutsettes det at vi har et godt kriminalitetsetterretningssystem slik at landene kan samarbeide om å avdekke narkotikakriminaliteten.
Dette flertallet vil derfor understreke at Schengen-samarbeidet ikke kommer i stedet for, men som et supplement til det gode samarbeidet Norge har med andre land, ikke minst gjennom Interpol. Interpol har siden 1989 gjennomgått en betydelig og omfattende modernisering og effektivisering, og er nå en tidsmessig og fleksibel organisasjon.
Dette flertallet mener en videreføring av dette samarbeidet er et viktig element i arbeidet for å oppnå et effektivt og nyttig internasjonalt samarbeid. Interpol vil fortsatt være viktig for Norge, og organisasjonen har fortsatt et betydelig potensiale.
Dette flertallet mener at det norske samfunnet er best tjent med at vi gjennom deltakelse i Schengen-samarbeidet sikrer de nordiske pass- og reisefrihetsordningene, deltar i et større reisefrihetsområde i Europa, og bedrer mulighetene for å bekjempe internasjonal og alvorlig kriminalitet ved et tettere politisamarbeid.
Dette flertallet viser til at
Regjeringen vil legge fram en ratifikasjonsproposisjon om
Schengen-samarbeidet etter at en avtale er undertegnet, og at det i den
forbindelse vil bli lagt fram en bredere redegjørelse av de ulike
konsekvenser denne avtalen vil få for Norge.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti vil understreke betydningen av internasjonalt samarbeid for å bekjempe kriminalitet over landegrensene, og mener at dette politifaglige internasjonale samarbeidet bør skje på fleksible måter, gjennom bilateralt samarbeid blant annet ved utplassering av sambandsmenn, og på andre måter, f.eks. på nordisk basis. I tillegg til slikt arbeid, vil disse medlemmer peke på Interpol som det sentrale koordinerende leddet i internasjonalt politisamarbeid.
Siden 1989 har Interpol gjennomgått en betydelig og omfattende modernisering og effektivisering og er nå en tidsmessig fleksibel og effektiv organisasjon. Et resultat av dette er en sterkt økende interesse for, og bruk av organisasjonen, både fra Vest- og Øst- Europa.
Disse medlemmer vil understreke at Interpols europadefinisjon omfatter 45 stater, EU/Interpols 15 stater mot Schengens foreløpige 10. Det er en stor og betydningsfull forskjell.
Særlig når det gjelder samarbeidet og informasjonsutvekslingen med de sentral- og østeuropeiske stater er det viktig å kunne samvirke med etablerte politielementer med en tilnærmet felles administrativ struktur, identiske arbeidsoppgaver innenfor etablerte sambandsnett, med like definerte oppgaver, basert på et felles juridisk element.
Etter disse medlemmers mening er dette viktige elementer i arbeidet for å oppnå effektivitet og nyttige virkninger av internasjonalt samarbeid. Gjennom Interpol-samarbeidet er de sentral- og østeuropeiske stater allerede med i et mellomstatlig forpliktende politisamarbeid.
Disse medlemmer mener at Interpols 176 medlemsland, slik organisasjonen er i dag, ubestridelig er den mest moderne og effektive organisasjonen i kampen mot internasjonal kriminalitet. I tillegg er det en organisasjon med betydelig potensiale.
Disse medlemmer er ikke enig med Regjeringen i at en tilknytning til Schengen-samarbeidet vil være den beste måten å møte utviklingen på. Tvert imot tror disse medlemmer at en slik tilknytning, som vil føre til at grensekontrollen faller bort mellom Norge og alle Schengenlandene, vil gjøre det enda vanskeligere å bekjempe smugling, narkotikasalg og annen kriminalitet over landegrensene.
Disse medlemmer mener det er viktig og
nødvendig å ha et omfattende internasjonalt samarbeid for å bekjempe
kriminaliteten, men ser en svekkelse av grensekontrollen - slik
Schengen-samarbeidet forutsetter - som et tilbakesteg i dette arbeidet.
Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet vil visa til at kampen mot kriminalitet er eit av Regjeringa sine viktigaste satsingsområde. Dette har òg vist att i seinare års budsjett. Etter at Arbeiderpartiet tok over regjeringsmakta i 1986, er justissektoren eit av dei områda som har hatt sterkast realvekst. Alle delar av justisforvaltninga har fått betra sine budsjettvilkår under Arbeidarpartiet si regjeringsmakt. Særleg i politi- og lensmannsetaten og innan kriminalomsorga har ein hatt sterk vekst. Justissektoren har òg gjennomgått ei sterk effektivisering. Alt dette gjer at ein står langt betre rusta i kampen mot kriminaliteten.
Men for Arbeidarpartiet er ikkje kamp mot kriminalitet synonymt med auka løyvingar til politi og strengare straffar åleine. I kampen mot kriminalitet må ein sjå heile samfunnet under eitt og ikkje justissektoren isolert. Desse medlemene er difor samd med Regjeringa når denne slår fast at justissektoren åleine ikkje rår over dei verkemidla som er avgjerande for å hindra kriminalitet, slik enkelte andre parti synest å meina. Arbeidarpartiet sin strategi i kampen mot kriminalitet er ein heilskapspolitikk der arbeid til alle, sosial tryggleik og små forskjellar mellom folk, er viktige faktorar. Trygge oppvekstvilkår for barn og eit godt utbygd skuleverk er like viktige bidrag i kampen mot kriminalitet som til dømes styrking av politiet.
Frykta for kriminalitet kan for mange,
særleg eldre, vera langt større enn den reelle faren for å verta utsett for
kriminalitet. Denne frykta er med på å redusera livskvaliteten for mange.
Desse medlemene vil difor ta sterk avstand frå alle forsøk på å framstilla
kriminaliteten i Noreg som verre enn den er. Desse medlemene har elles
merka seg at det har vore ei omlegging av statistikkføringa frå 1994 til
1995, og at dei endringane statistikken viser må tolkast i lys av dette.
Det er på denne bakgrunnen vanskeleg å slå fast den reelle
kriminalitetsutviklinga.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet vil understreke at kriminalitetsutviklingen, bl.a. når det gjelder voldskriminalitet og organisert kriminalitet, er urovekkende, og medfører at altfor mange føler utrygghet for liv og eiendom. Samtidig er selve frykten for kriminalitet en alvorlig realitet som svekker livskvaliteten for mange mennesker, ikke minst gjelder dette eldre mennesker.
Disse medlemmer vil påpeke at spesielt når det gjelder vinningsforbrytelser, er situasjonen i Norge i dag den at forbrytelser altfor ofte « lønner seg ». Sjansen for at en vinningsforbryter skal måtte stå til rette for sin kriminalitet er blitt uakseptabel liten. Dette er samtidig den form for kriminalitet som hyppigst rammer folk flest i deres hverdag.
Disse medlemmer konstaterer at det offentlige ikke makter å løse på en tilfredsstillende måte de store utfordringer som øket kriminalitet stiller samfunnet overfor. Regjeringens forslag til justisbudsjett for 1997 er i likhet med budsjettforslagene for de senere år, utilstrekkelig til å møte kriminalitetsutviklingen.
Disse medlemmer mener at dette er en uholdbar og uakseptabel situasjon, og at det derfor er nødvendig å intensivere arbeidet for å bekjempe kriminalitet og for å forebygge lovbrudd. Disse medlemmer viser til konkrete forslag under senere kapitler i denne innstilling, bl.a. om en rekke tiltak for å styrke politiet.
Disse medlemmer viser også til at Høyre og Fremskrittspartiet i tidligere innstillinger i denne stortingsperioden, har fremmet en rekke forslag om raskere, mer konsekvente og strengere straffereaksjoner. Disse forslagene har så langt ikke fått støtte fra flertallet, men disse medlemmer vil fortsette arbeidet for å få flertall for straffereaksjoner som bedre enn i dag ivaretar samfunnets behov for trygghet og borgernes alminnelige rettsfølelse.
Disse medlemmer registrerer at Regjeringen fortsatt ikke har fremmet den lenge bebudede stortingsmelding om kriminalomsorg, og at den neppe vil foreligge før i 1997. Dette er beklagelig i og med at utfordringene innenfor kriminalomsorgen står i kø og at alle spørsmål vedrørende fremtidens kriminalomsorg henvises til behandling i den nevnte melding.
Disse medlemmer finner det på denne bakgrunn allerede nå nødvendig å signalisere Høyres og Fremskrittspartiets holdning til visse spørsmål innenfor kriminalomsorgen. En mer utdypende diskusjon vil imidlertid først kunne finne sted når kriminalomsorgsmeldingen endelig foreligger.
Disse medlemmer legger stor vekt på at soning i anstalt skal være straff med frihetsberøvelse, og at samfunnets behov for sikkerhet må tillegges avgjørende vekt. Samtidig skal oppholdet i fengsel forberede fangen på tilbakeføring til samfunnet. Begge hensyn har konsekvenser for både utbygging av fengselsbehovet og for utvikling av soningens innhold.
Disse medlemmer vil understreke hvor viktig det er å forhindre flaskehalser i straffesakskjeden. Dette innebærer blant annet at idømte fengselsstraffer skal avsones raskest mulig etter at rettskraftig dom foreligger.
Disse medlemmer mener videre at lettelser i soningsforholdene og adgangen til permisjoner og såkalt « fremstilling » må være avhengig av hvorledes den enkelte innsatte oppfører seg, slik at den innsatte selv får anledning til å påvirke egne soningsforhold. Adgangen til åpen soning må begrenses slik at kriminelle gjengangere ikke får anledning til å misbruke ordningen til fortsatt kriminell virksomhet. Tilsynet med sikringsdømte og prøveløslatte må styrkes, noe som innebærer at også friomsorgen må rustes opp til å møte stadig større utfordringer. Disse medlemmer vil for øvrig fremheve at brudd på løslatelsesvilkårene vanligvis skal medføre gjeninnsettelse i anstalt.
Disse medlemmer viser til tidligere forslag om innstramninger i bruk av samfunnstjeneste og vil fortsatt arbeide for slik innstramninger.
Disse medlemmer vil peke på den senere tids ran av ungdom foretatt av ungdomsgjenger. Det i dag mer nødvendig enn noensinne å satse sterkere på tiltak som gjør det mulig å reagere raskere og mer konsekvent på lovbrudd begått av unge lovbrytere. Ikke minst må politiet i samarbeid med barnevernet settes bedre i stand til å ta hånd om både førstegangskriminelle og det voksende antall sterkt belastede ungdomskriminelle i aldersgruppen 12-16 år.
Disse medlemmer konstaterer at fremveksten av organisert kriminalitet fortsetter, ofte med sterk tilknytning til internasjonale kriminelle miljøer. Et nytt alvorlig innslag i den senere tid er utviklingen av volds- og narkotikaforbrytelser innenfor deler av det organiserte MC-miljø.
Disse medlemmer vil påpeke at bekjempelse av organisert kriminalitet må være en meget høyt prioritert oppgave for politiet, samtidig som dette arbeidet krever utradisjonelle etterforskningsmetoder.
Disse medlemmer har med beklagelse registrert at det såkalte « metodeutvalget » som skal vurdere uortodokse etterforskningsmetoder i kampen mot organisert kriminalitet, fortsatt ikke har avlevert sin innstilling. Det haster med å få dette arbeidet sluttført slik at Stortinget kan ta konkret stilling til utvalgets forslag.
Disse medlemmer registrerer at mye kriminalitet kan føres tilbake til utlendingsmiljøer. I den senere tid er det også avdekket en betydelig økning i voldskriminaliteten innenfor ungdomsbander med basis i etniske miljøer. Utgangspunktet for Høyre og Fremskrittspartiet er at samfunnets reaksjon på lovbrudd skal være den samme uansett hvem som begår forbrytelsen, uavhengig av nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Allikevel er det nødvendig med spesielle tiltak mot utlendingskriminalitet, bl.a. for å styrke politiets muligheter til å få innsyn i kriminelle miljøer.
Disse medlemmer understreker i denne sammenheng behovet for å rekruttere flere politifolk med fremmedkulturell bakgrunn.
Disse medlemmer vil påpeke at politiets innsats mot utlendinger som oppholder seg ulovlig i Norge må intensiveres, samtidig som reglene om utvisning for kriminelle handlinger må praktiseres strengt, og baseres på rask saksbehandling.
Disse medlemmer vil igjen sterkt betone at en vellykket kriminalpolitikk må bygge på et bredt sett med virkemidler og ikke minst på en bred satsing på det forebyggende arbeid. Disse medlemmer legger stor vekt på det selvstendige ansvar den enkelte har for egne handlinger, og mener at det er særlig viktig å gjenreise det personlige ansvar og å styrke den enkeltes muligheter til å foreta valg og overskue konsekvensene av sine valg.
Disse medlemmer ønsker spesielt å
fremheve familiens rolle i oppvekstsammenheng, og å skape større forståelse
for foreldrenes ansvar for sine barn. Dette er ikke minst viktig i arbeidet
for å redusere den skremmende høye kriminalitet blant barn og ungdom og som
utvikler seg til tross for en betydelig forebyggende innsats.
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet mener at det bør være en høyt prioritert oppgave å bekjempe kriminalitet, og at denne oppgaven er sterkt forsømt av de øvrige politiske partiene i Norge. Vårt land har meget lave straffereaksjoner, og et politi som ikke har tilstrekkelig med ressurser til å vise seg nok i gatebildet eller til en effektiv etterforskning av lovbrudd. Dette medlem vil påstå at en mangedobling av straffeutmålingene, en kraftig innstramning av permisjonsadganger og prøveløslatelser, og langt mindre bruk av betingede straffer og samfunnstjeneste i stedet for ubetingede fengselsstraffer, samt en kraftig ressursøkning til politiet, vil føre til redusert kriminalitet og økt trygghet.
Dette medlem mener at strenge straffer er nødvendig både for å avskrekke en gjerningsmann fra å fortsette på en kriminell løpebane, for å avskrekke andre fra å begå kriminelle handlinger, og for å skjerme samfunnet fra tilbakefallsforbrytere.
Dette medlem konstaterer at Regjeringen heller ikke i år foreslår nødvendige bevilgningsøkninger til politi- og lensmannsetaten, og konstaterer således at Regjeringen synes å akseptere en kriminalitet på dagens nivå. Dette medlem mener at en slik holdning er forkastelig.
Dette medlem viser til at Oslo Politikammers kriminalstatistikk dokumenterer at en stor del av narkotikakriminalitet, ran, voldskriminalitet der det blir brukt kniv samt voldtekter, blir begått av personer med utenlandsk opprinnelse. Dette medlem finner det overveiende sannsynlig at måten den norske flyktning- og asylpolitikken er organisert på medvirker til å øke omfanget av kriminalitet i Norge. En person fra et land hvor straffereaksjonene er langt strengere enn i Norge vet at han ved å reise til Norge og søke om asyl i praksis får bli i Norge i lang tid. Det gjør det selvsagt attraktivt for kriminelle utlendinger å reise til Norge under dekke av å være flyktninger. Dette medlem vil hevde at en strengere asyl- og flyktningpolitikk, kombinert med raskere saksbehandlingstid for asylsaker, og strengere kontroll ved asylmottakene, vil kunne bidra til redusert kriminalitet.
Dette medlem viser til at arbeidsledigheten er større blant enkelte innvandrergrupper enn blant den øvrige delen av befolkningen, noe som sannsynligvis skyldes dårlige norskkunnskaper. Arbeidsledighet og sosial mistilpasning kan lett resultere i kriminelle handlinger. Dette medlem vil derfor hevde at en bedre integreringspolitikk, slik Fremskrittspartiet foreslår, vil kunne medvirke til å redusere kriminaliteten.
Dette medlem vil hevde at det med bakgrunn i det store omfanget alvorlig voldskriminalitet som personer med utenlandsk opprinnelse står bak, vil være en fordel om det i politiet finnes tjenestemenn med spesiell forståelse for og innsikt i de toneangivende kulturene som disse utlendingene representerer. Det vil derfor være viktig å stimulere innvandrere til å søke seg inn ved Politihøyskolen. Dette medlem mener likevel at kvoteordninger vil være uheldig, fordi det gir inntrykk av en forskjellsbehandling mellom søkere med ulik etnisk opprinnelse.
Dette medlem mener at det er viktig at innvandrergruppene føler den samme tilliten til politiet som resten av befolkningen, og at det må slås ned på eventuelle fremmedfiendtlige holdninger hos polititjenestemenn.
Dette medlem vil påpeke at kriminalitet ikke alene kan bekjempes ved hjelp av mye politi og strenge straffereaksjoner. Kriminalitet må også forebygges gjennom redusert arbeidsledighet blant ungdom, en familiepolitikk som gjør det mulig for foreldrene å ta vare på sine barn, en skole som lærer barna positive holdninger til moral og arbeidsinnsats, og en alkoholpolitikk som ikke stimulerer til lovbrudd i form av hjemmebrenning og spritsmugling. En skatte- og avgiftspolitikk som knekker småbedrifter og skaper arbeidsledighet, en familiepolitikk som tvinger foreldrene vekk fra barna, en dårlig skolepolitikk, og en alt for liberal innvandringspolitikk, er derfor viktige faktorer som har bidratt negativt til kriminalitetsutviklingen. Dette medlem konstaterer at Regjeringen på nesten alle områder fører en politikk som bryter ned samfunnet og øker kriminaliteten.