Lenke til Stortingets hovedside  

Innst.S.nr.32 (1996-1997)
Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens antegnelse vedrørende driftstilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner og Forslag fra stortingsrepresentant Carl I Hagen om mistillit mot statsråd Kjell Opseth for behandlingen av Fjeld-kommisjonens rapport.


oversikt første forrige neste

Vedlegg 7

Brev fra Samferdselsdepartementet ved statsråd Kjell Opseth til kontroll- og konstitusjonskomiteen, datert den 9. oktober 1996:

Handsaminga av Dok.nr.8:49 (1995-1996) - trekking av meldingar til politiet - innhenta råd

       Eg viser til brev frå kontroll- og konstitusjonskomiteen dagsett 26. september 1996.

       I mitt brev 25. september 1996, som blei overlevert komiteen dagen etter, gjer eg greie for det syn som låg til grunn for at departementet ikkje ville vurdere å trekkje politimeldingar attende. Av nemnde brev går det fram at eg ikkje meiner det er rettslege hindringar for eventuelt å trekkje politimeldingar.

       Dette spørsmålet vart under høyringa i komiteen knytt til den eksterne strafferettslege ekspertise departementet har nytta i samband med denne saka. Råda her var ikkje knytt til dette spørsmålet. Eg viser elles til mitt brev av 25. september 1996. Slik eg forstår brevet frå komiteen, meiner eg det med dette er gjeve svar på spørsmåla.

       Eg finn samstundes likevel grunn til å streke under at departementet generelt ikkje går ut med kva for eksterne rådgjevarar vi nyttar.



oversikt første neste


Sist oppdatert 8. nov 2005 av Stortingets administrasjon