TALERE:
Jorunn Ringstad (Sp) (ordførar for saka): Dok.nr.8:113 (1995-1996) frå Kristin Halvorsen dreier seg om korleis ein skal oppnå større grad av offentleg innsyn omkring informasjonsrådgjeving.
Som forslagsstillaren peikar på, er det i Noreg vanleg at det er interessegruppene sjølve som opptrer i høve til politiske styresmakter, og at eventuelle informasjonsrådgjevarar gjerne opptrer som bakspelarar. På denne måten kjenner den som bodskapen rettar seg mot, til at han står overfor ein interesserepresentant, og kan føreta den kritiske etterprøvinga som er naturleg overfor bodskapen frå interesserepresentantane. Ulikskap i evne til å skaffe seg rådgjevarar kan sjølvsagt vere eit demokratisk problem, men eit slikt problem kan òg oppstå på grunn av ulikskap mellom ulike aktørar i evne til å formidle bodskapen sin.
Framlegget dreier seg om at alle selskap der delar av eller heile verksemda går ut på å drive informasjonsrådgjeving, skal ha plikt til å ta inn i årsmeldinga ei liste over alle oppdragsgjevarane gjennom året. Vidare skal dei ha plikt til å oppgje namnet på oppdragsgjevarane til kvar tid gjennom året.
Heile komiteen meiner at det er både legitimt og ein viktig del av demokratiet vårt at ulike grupper får leggje fram sitt syn på ulike saker. Innspel frå ulike interessegrupper kan gje nyttig og verdfull informasjon i fleire saker. Men komiteen deler seg i synet på dei konkrete framlegga i Dok.nr.8-framlegget. Eg vil i resten av innlegget mitt konsentrere meg om Senterpartiet sine vurderingar og synspunkt. Eg reknar med at representantar for dei partia som har andre synspunkt, gjer greie for sine oppfatningar.
Senterpartiet, saman med Kristeleg Folkeparti, har peika på fleire vanskar med ei slik lovendring som er føreslått i Dok.nr.8-framlegget. For det fyrste vil det vere tvil om kva slag selskap som ville falle inn under ein slik regel. Det ville måtte avgrensast til dei selskapa som er pliktige til å gje årsmelding. For det andre er det i dag ikkje plikt for selskap til å oppgje kven som er kundar, og ein slik regel vil kunne medføre uheldige konkurransemessige verknader. For det tredje fangar ikkje framlegget opp alle informasjonsrådgjevarar, f.eks konsulentar som driv enkeltmannsføretak, advokatar m.m. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at slik verksemd kan bli lagd til selskap registrerte i utlandet, som då ikkje vil falle inn under dei norske reglane.
Dette er i korte trekk dei argumenta som gjer at Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti er sterkt i tvil om framlegget vil ha den effekten som forslagsstillaren tek sikte på. Dette er òg grunnen til at desse to partia, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, ikkje støttar framlegga i Dok.nr.8:113.
Men vi ser at det over ei tid har skjedd ei utvikling i informasjonsrådgjevingsbransjen i Noreg. I programmet « Brennpunkt » i NRK1 tidleg i januar, 7. januar, var det eit dokumentarprogram som viste korleis informasjonsbyråa arbeider. For betaling - ofte god betaling - frå kundar tek byråa på seg å få ut bodskapen til publikum. Og dette skjer ikkje som bakspelarar til grupper som legg bodskapen direkte fram for politikarar og andre som dei vil påverke. Nei, informasjonsbyråa, eller PR-byråa, påverkar publikum gjennom media og skapar på den måten ein opinion for eit bestemt standpunkt. Ferdig utarbeidt og tilrettelagt stoff blir sendt til aviser og TV-stasjonar. Aviser og TV-stasjonar som sender dette stoffet, føretek slett ikkje alltid nødvendige, kritiske vurderingar og offentleggjer dessutan også stoffet utan å fortelje publikum kven som er avsendar. Kor sterkt press PR-byråa øver overfor media for å få inn bodskapen dei har teke på seg å spreie, skal eg ikkje uttale meg skråsikkert om. Men lat meg seie det slik at eg er kjend med at det fyrste nei frå media slett ikkje alltid blir akseptert.
Dette blir ei heilt anna form for påverknad enn påverknaden frå den vanlege lobbyisten som du gjerne møter ansikt til ansikt, og som ikkje legg skjul på kven sine interesser han representerer. Dette er ein måte å selje ei sak eller ein bodskap på utan at publikum eller målgruppa for påverknaden har innsyn i eller opplysning om kven sine interesser som blir målborne. Det er dette som kan kallast å « plante » opplysningar i media eller overfor offentlege styresmakter for å fremje eigne eller oppdragsgjevaren sine interesser på ein utilbørleg måte. Her kan det vere grunn til å stoppe opp og vurdere om det er nødvendig med tiltak.
For det fyrste må vi kunne forvente at dei media som tek imot stoff frå PR-byråa, gjer dei nødvendige, kritiske vurderingane og også er kritiske til dei motiva kjeldene har, og i tillegg vurderer om det er ei balansert framstilling som er gjeven av saka.
Men eg meiner òg at det er nødvendig å vurdere tiltak, eventuelt lovendringar, som kan medverke til auka offentleg innsyn både omkring informasjonsrådgjevinga og dei metodane som blir brukte. Senterpartiet har difor, saman med Kristeleg Folkeparti, sett fram eit framlegg i innstillinga i tråd med dette.
Eg må få leggje til at dei svake formuleringane som fleirtalet har i denne saka, undrar meg litt. Ei setning som lyder slik: « Både Storting og Regjering bør difor følgje utviklinga innanfor dette området », er ei setning som i sitt innhald seier veldig lite. Det må jo vere klårt at både storting og regjering skal fylgje med i det som skjer. Det burde ha vore sagt sterkare dersom fleirtalet meiner at dette er noko som gjev grunnlag for nærmare vurdering.
Eg skal ikkje gå nærmare inn på merknadene frå fleirtalet eller mindretalet frå SV. Eg vil berre til slutt ta opp framlegg nr. 1, frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti.
Presidenten: Representanten Jorunn Ringstad har tatt opp det forslag hun
refererte til. Olav Akselsen (A) : Det er heilt klart
at me har sett ei ny utvikling innanfor dette området, ofte kalla
informasjons- og PR-byrå. Eg vil påstå at det er både positive og negative
sider ved det. Etter å ha vore her i huset nokre år, vil eg faktisk påstå
at mange av dei aktørane som prøver å påverka stortingspolitikarane, hadde
hatt godt av å ha profesjonell hjelp til å få fram bodskapen sin overfor
avgjerdstakarane. Eg ser det også slik at for enkelte kan det vera
vanskeleg å få sett dagsorden i Noreg, og dersom ein kan få hjelp av
profesjonelle til å gjera det og å få fremja si konkrete sak, ser eg ikkje
det som berre negativt.
Eg trur faktisk at veldig mange av dei
såkalla negative sidene ved den utviklinga me har, er det opp til oss som
stortingsrepresentantar og andre styresmakter å behandla, på den måten at me
blir meir skeptiske enn i dag til all informasjon me får. Det gjeld
informasjon som me får direkte, men òg informasjon som kjem frå media, og
ikkje minst at ein held den informasjonen ein får, opp mot annan og kanskje
motstridande informasjon. Eg vil påstå at eit av dei største problema i
Noreg er at altfor mange stortingsrepresentantar altfor raskt kastar seg på
såkalla gode saker og fremjar forslag i tråd med det utan å setja seg inn i
sakene eller vurdera alle sidene ved sakene før dei går til handling. Eg
har vel eit inntrykk av at kanskje denne saka òg er eit resultat av at det
er viktig å vera raskt ute og koma på banen med nødvendige konkrete tiltak.
Eg ser ikkje vekk frå at det kan vera nødvendig å sjå på utviklinga knytt
til informasjonsbyråa og den verksemda dei driv, men eg kan likevel ikkje
sjå at det er rett av Stortinget no å be Regjeringa prioritera dette
arbeidet. Etter mi meining er det heilt andre og viktigare ting Regjeringa
må bruka si tid og sine ressursar på i tida framover.
Når det gjeld det konrete forslaget,
trur eg dessverre at det ikkje har fanga inn det forslagsstillaren ønskjer,
fordi det er veldig vanskeleg å få til ei konkret avveging av kven som driv
denne typen verksemd. Dermed ville ein kunna få eit lovverk som nok kunne
påverka denne bransjen, men sannsynlegvis berre på ein måte som gjorde at
dei organiserte seg annleis enn det som er tilfellet i dag.
Eg trur som sagt at den viktigaste
bodskapen i denne samanhengen må vera at me som stortingsrepresentantar er
meir kritiske til den informasjonen me får, og at me held den opp mot annan
og offisiell informasjon. Som sagt, eg ser ikkje grunn til at me no skal
påleggja Regjeringa å jobba med dette. Likevel skal ein, som det står i
fleirtalet sine merknader, følgja utviklinga på dette området nøye, og det
er oppgåva for kvar og ein av oss.
[Neste innlegg av Olav Akselsen]
« òg sjå at det kan finnast problem knytta til den typen verksemd som framlegget omtalar ».
Eg vil gjerne be Akselsen om å utdjupe det litt nærmare.
Olav Akselsen (A) : Eg trur at eg iallfall etter fattig evne har sett meg inn i denne saka og funne ut kva den går ut på, og mi haldning er at ikkje alt går an å regulera gjennom lov. Det finst uheldige sider ved samfunnet vårt som me ikkje kan lovregulera vekk. Som sagt trur eg at det viktigaste svaret på dette problemet er at me som avgjerdstakarar blir meir kritiske.
Elles kan ikkje eg sjå at det at ein prøver å påverka opinionen, er noko nytt. Å få sett saker på dagsordenen er det politikk i alle år har dreidd seg om i eit fritt samfunn. Det er det dei politiske partia gjer, det er det dei frivillige organisasjonane gjer, det er det miljøvernorganisasjonane gjer gjennom sitt arbeid. Igjen er det slik at på bakgrunn av ein serie med informasjonar og inntrykk som tilflyt Stortinget og stortingsrepresentantane, er det me skal ta avgjerder. Det som er nytt, er at enkelte her kan kjøpa seg profesjonell hjelp. Eg ser det som eit problem dersom det blir slik at berre ressurssterke grupper får høve til å koma gjennom i den offentlege debatten. Men det er først og fremst ei oppgåve for media å sørgja for at det ikkje blir slik. Eg må innrømma at eg har inntrykk av at svært mange, ikkje minst politiske ungdomsorganisasjonar og miljøorganisasjonar, som i utgangspunktet, iallfall økonomisk, ikkje har dei største ressursane, greier å setja saker på dagsordenen og har stor gjennomslagskraft. (Presidenten klubber.)
Om eg kan få koma med litt ros, synest eg det var eit positivt tiltak frå forslagsstillaren då ho tok initiativ til å læra opp folk i korleis dei skal opptre overfor Stortinget.
« Fleirtalet vil òg peike på ein del prinsipielle tilhøve når det gjeld å be Regjeringa om å utarbeide reglar som har som føremål å avgrense den informasjonen og dei innspela Stortinget skal få. »
Det er ingen som har bedt om det. Det er ingen som har bedt om regler som skal avgrense den informasjonen vi vil få. Vi vil ha mer åpenhet. Vi vil vite hvem som påvirker, hvem som setter dagsordenen, hvilke interesser de representerer. Hvorfor kan ikke Arbeiderpartiet være med på å gi oss et redskap for i større grad å kunne vurdere den informasjonen som vi legger til grunn for avgjørelsene våre?
Olav Akselsen (A) : Eg trur ikkje at det er noko nytt at sterke og rike organisasjonar har større høve til å få gjennomslag enn fattige. Det som er nytt, er at somme tek seg betalt for å bidra til at informasjonen blir lettare tilgjengeleg og meir profesjonelt utforma. Eg trur at det ikkje skjer berre i tilfelle der det er rike organisasjonar eller enkeltpersonar som kjøper desse tenestene. Eg trur faktisk at desse profesjonelle informasjonsbyråa òg har bidratt til å få fram informasjon for andre grupper som har hatt behov for å få sett ting på dagsordenen, saker som elles kanskje lett kunne ha drukna. Det eg føler er problemet i denne konkrete saka, er at ein på bakgrunn av eitt informasjonsbyrå ønskjer å laga ei lov som på ein måte skal ramma all type verksemd. Då blir det litt skeivt.
Lisbeth Holand spurte i sin replikk til meg kvifor me var motstandarar av å få ein reiskap som kunne gje oss større openheit og innsikt på desse områda. Problemet er det som saksordføraren presenterte i sitt innlegg, nemleg at det er svært vanskeleg å regulera dette på ein måte som gjer at ein oppnår det ein vil med dette forslaget. Eg føler meg nokså overtydd om at hadde me gått inn for det forslaget som forslagsstillaren har fremma, ville me berre oppnådd å vri denne aktiviteten over i meir skjulte former, på ein annan måte enn det som er tilfellet i dag.
Kristin Halvorsen (SV) : Jeg må tillate meg å spørre representanten fra Arbeiderpartiet med hvilken seriøsitet de egentlig har gått inn i denne problemstillingen og satt seg inn i hva saken gjelder, hvordan tingene fungerer pr. i dag, og hva forslaget egentlig går ut på.
Når flertallet kan skrive i sin innstilling at det er « ein del prinsipielle tilhøve når det gjeld å be Regjeringa om å utarbeide reglar som har som føremål å avgrense den informasjonen og dei innspela Stortinget skal få », har man rett og slett for det første ikke lest forslaget, for det andre ikke vurdert det seriøst og for det tredje ikke forstått hva saken dreier seg om. For min intensjon er ikke å lage kø og sile hvem som skal ha mulighet eller ikke til å påvirke oss. Min intensjon er å si at det faktisk er lettere å ta seg fram i informasjonsstrømmen når man vet hvor sterke eller svake krefter som står bak, og hvilken gjennomtenkt, betalt kampanje som står bak at én sak får en dobbeltside i en avis, mens en annen sak får en liten notis.
Dette dreier seg om kampen om oppmerksomheten overfor mediene og overfor stortingsrepresentantene. Og det er et ganske stort demokratisk problem hvis man ikke vet hvor sterke krefter som står bak at oppslag eller henvendelser får den ene eller den andre oppmerksomheten, men lever i den villfarelsen at det bare er saklig informasjon som gjør at det blir sånn.
Olav Akselsen (A) : Eg trur ikkje, håpar iallfall ikkje, at det finst folk i dette huset som trur at all informasjonen som kjem i dag, er sakleg. Etter mi meining er det slik at dei fleste stortingsrepresentantane vurderer ulike sider ved ei sak. Men eg er klar over at det òg finst eksempel på at ein svelgjer alt rått og prøver å koma med forslag deretter.
Det kan henda at det er ein eigna teknikk å påstå at ein person som har kome fram til eit anna standpunkt enn ein sjølv, ikkje har gjort jobben sin, ikkje har sett seg inn i saka, eventuelt ikkje har forstått alvoret i saka. Men når me har kome til ulike konklusjonar, kan det sjølvsagt vera fordi me legg ulik vekt på dette, og ser på ulike sider ved denne saka. Og som sagt: Slik som eg oppfattar denne bransjen pr. i dag, er ikkje behovet stort nok til at me skal påleggja Regjeringa å bruka tid og ressursar på å få til eit regelverk som me i utgangspunktet veit vil vera veldig vanskeleg å få til på ein måte som gjer at ein kan regulera dette området slik at ein oppnår dei ønska som forslagsstillaren har.
Eg skjønar at forslagsstillaren ikkje likar ein slik konklusjon frå vår side, men eg trur ikkje debatten er spesielt tent med at ein påstår at dei som har eit anna standpunkt enn ein sjølv, ikkje har forstått eller sett seg inn i saka, eller ikkje har gjort ein god nok eller grundig nok jobb. Det er rett og slett fordi ein er ueinig at ein her går imot dette forslaget.
Presidenten: : Flere har ikke bedt om ordet til replikk. Anders C Sjaastad (H) : Ifølge et
gammelt norsk munnhell er veien til helvete brolagt med gode forsetter. Jeg
tror vi står overfor en slik situasjon i dag - ikke det at jeg tror vi ville
havnet så galt av sted, men at det er et godt forsett som ligger til grunn,
er jeg helt overbevist om. Og som debatten allerede har avslørt, er det
veldig mye et spørsmål om det forslaget som er fremmet, på noen måte kan
ivareta de gode ønsker som ligger bak.
Høyre er et parti som er sterk
tilhenger av lov og orden, men vi har likevel begrenset tro på at lover kan
regulere alle forhold i samfunnet. Her står vi altså overfor en situasjon
som i beste fall er vanskelig å fortolke. Det vi uten videre kan være enige
om, er at det har skjedd en del nytt når det gjelder informasjonsrådgivning,
og at informasjonen i samfunnet tar nye veier, finner nye kanaler, og at det
står profesjonell hjelp bak. Det har det for så vidt alltid gjort, men
kanskje arbeider man nå på en litt annen måte. Det kan ha fordeler, og det
kan ha ulemper.
Så registrerer jeg at fordi man i USA
står overfor dette problemet, antakelig i n'te potens, og man har innført en
del bestemmelser der, vil man, kanskje fra litt uventede partier, se hen til
USA for å finne veiledning for hvordan man skal forholde seg. Jeg tror ikke
at man for all fremtid kan si at vi ikke må se nærmere på dette problemet,
men jeg tror fortsatt ikke vi har kommet dit hen at det er behov for
lovregler og registreringsbestemmelser - særlig ikke fordi det er en veldig
vanskelig avgrensning vi her står overfor: Hvem driver med
informasjonsrådgivning? Vil det gjelde firmaer, vil det gjelde
enkeltpersoner, vil det gjelde konsulenter som arbeider innenfor ulike
sektorer, men som også på en eller annen måte kan sies å bidra med
informasjonsrådgivning?
Det er vitterlig også slik at det er
en rekke som ikke leverer årsrapporter, og som følgelig ikke vil bli rammet
av dette forslaget. Da står man f.eks overfor spørsmålet: Skal alle
pålegges å komme med årsrapporter, eller er det greit at noen leverer
årsrapporter og andre ikke og at det følgelig blir en forskjellsbehandling?
Det er åpenbart også slik at enkelte
firmaer vil kunne operere fra utlandet i forhold til norske kunder, mens man
altså da vil diskriminere norske virksomheter. Likeledes vil det være
spørsmål om å oppgi kunder - det har ofte å gjøre med
forretningshemmeligheter og med alminnelig konkurranse i markedet. Så også
her vil man stå overfor problemer som kan slå litt rart ut hvis enkelte må
gi opplysninger, mens andre ikke behøver å gjøre det.
Vi står vel ærlig talt overfor en
situasjon hvor både stortingsrepresentanter og presse må vise større
aktpågivenhet fordi en del av den informasjonen som formidles, er mer - skal
vi si - tilrettelagt enn man kanskje har vært seg bevisst tidligere. Men
når jeg tidligere har brukt ordet « bevisst », er det fordi jeg tror vi hele
tiden - ikke minst i dette hus - har stått overfor svært profesjonelle
informasjonsrådgivere, men de har kanskje seilt under andre flagg, eller de
har i realiteten tilhørt en bestemt organisasjon eller virksomhet og
følgelig kanskje blitt trodd på en annen måte enn man nå er tilbøyelig til å
tro disse såkalte informasjonsrådgiverne. Jeg tror det også er nyttig at
pressen er våken i forhold til at man åpenbart i enkeltsaker rett og slett
er blitt ført bak lyset. Men det er jo heller ikke noe nytt at pressen fra
tid til annen vil bli ført bak lyset, og jeg kan ikke se at det i seg selv
heller skal føre til store lover, regler og bestemmelser.
Så registrerte jeg at saksordføreren
syntes at det var litt slapt at flertallet bare skulle følge utviklingen.
Jeg går ut fra at hun ville vært beroliget hvis vi skulle følge utviklingen
våkent. Ærlig talt: For oss er det ganske meningsfullt at vi følger med i
utviklingen. Som jeg har forsøkt å si, er det ting på gang som det er grunn
til å følge med på, men det behøver da ikke tilsi - det mener i hvert fall
vi fra Høyres side - at man i dag velger en byråkratisk vei via lover og
registreringsplikt.
[Neste innlegg av Anders C Sjaastad]
Syver Berge hadde her teke over presidentplassen.
Presidenten: Det blir
replikkordskifte.
Kristin Halvorsen (SV) : Det er litt vanskelig å finne ut av med hvilken seriøsitet dette flertallet nå avviser ethvert forslag og enhver forståelse for problemstillingen, og hva de egentlig mener. Jeg har lyst til å spørre om Anders Sjaastad vil vedstå seg den setningen som Akselsen ikke ville vedstå seg, der man tydeligvis har misforstått hele utgangspunktet i forslaget, nemlig den setningen som sier at de er imot at det skal utarbeides regler som har som formål å avgrense den informasjonen og de innspillene som Stortinget skal få. Jeg vil be Sjaastad om å vise hvor i forslaget det står at informasjonen skal avgrenses.
Så sier Akselsen at det ikke er mangel på innsikt eller mangel på interesse, men at de rett og slett er uenig i det som er intensjonen i forslaget. Og intensjonen i forslaget er altså større åpenhet rundt hvem, hvor mye penger og hvor profesjonell hjelp som står bak dem som henvender seg til oss som stortingsrepresentanter, til andre beslutningstakere, og som får gjennomslag i mediene. Så da må man jo eventuelt i SV og Arbeiderpartiet være uenige om hva som er intensjonen i forslaget, nemlig om det skal være åpenhet eller ikke. Og da vil jeg gjerne spørre representanten for Høyre om Høyre også er uenig i at det hadde vært en fordel med større åpenhet rundt denne virksomheten. Hadde det f.eks vært en fordel da Filipstad-saken gikk som verst, at man visste at det var et PR-byrå som hadde tatt initiativet til hele kampanjen, og så hadde henvendt seg til Oslo Byes Vel etterpå, mens Kongshavn, som da var alternativet, ikke hadde noen som tok den type initiativ? Hadde det vært en fordel å få vite om Naturkraft hadde fått hjelp fra et profesjonelt byrå, bl.a med en tidligere statsråd satt på saken, for å rendyrke argumentasjonen på en slik måte at man kunne overbevise Arbeiderpartiets egen stortingsgruppe om at gasskraft var naturvern?
Anders C Sjaastad (H) : Først er det dette med egenattester. Jeg registrerer at SVs representanter insisterer på at de er seriøse og ingen annen. Jeg vil da selvfølgelig hevde at jeg og flertallet er minst like seriøse som SV. Og så er spørsmålet: Er dette noen særlig interessant diskusjon?
Det som er interessant å diskutere, er ikke om man har gode intensjoner med sitt forslag, men hva som er virkningen av det hvis det settes ut i livet. Og la meg med en gang ile til med å si - og det har jeg sagt ved en rekke anledninger opp gjennom årene i denne sal: Dess mer informasjon, dess bedre. Det er få grunner generelt til at informasjon skal holdes tilbake. Og da er vi over i offentlighetsloven, som vi skal få lov til å diskutere på et senere tidspunkt. Men generelt er jeg for større åpenhet og mer informasjon. Så er spørsmålet: Vil dette forslaget føre til mer informasjon? Det som ligger i denne formuleringen fra flertallets side, er at det at man skal registrere hvem som er kunder, uvegerlig vil føre til at en del informasjon ikke kommer frem fordi man er redd for å bli registrert, ofte antakelig av helt ubegrunnede årsaker. Så det fører altså til en begrensning i informasjonen på tross av at intensjonen fra Kristin Halvorsen og SV er at det skal føre til mer informasjon. Vi er altså egentlig ikke uenige om intensjonen å bringe mer informasjon frem, men vi er uenige om virkningen av dette forslaget satt ut i livet, og det er på det grunnlaget Høyre er en del av flertallet som avviser forslaget.
Lisbeth Holand (SV) : I motsetning til Akselsen prøvde iallfall Sjaastad å gi et slags svar på hva som menes med den setningen der flertallet - Arbeiderpartiet, Høyre og Fremskrittspartiet - vil peke på « prinsipielle tilhøve når det gjeld å be Regjeringa om å utarbeide reglar som har som føremål å avgrense den informasjonen og dei innspela Stortinget skal få. » Jeg kan i hvert fall si på SVs vegne at forslaget har ikke som « føremål å avgrense » informasjonen. Så der tar representanten Sjaastad i lag med flertallet konkret feil. Det er ikke « føremålet ». Så hevder Sjaastad at det ville bli virkningen. På hvilket grunnlag hevder han det? Det som ligger i det Sjaastad sier, er at det vil være en sånn belastning for dem som driver informasjonsrådgivning å opplyse hvem de er. Hvor har han det fra? Jeg tror at informasjonsbyråene er kommet for å bli, og jeg oppfatter egentlig dette forslaget som et forsøk på å avmystifisere dem, at man sier at det er kurant, det er greit, vi vil bare vite om det, vi vil vite hvem det er som står bak den informasjonen som fører til de store oppslagene, som fører til at man får satt dagsorden, og som fører fram til påvirkning av stortingsrepresentanter. Og det blir da først og fremst en konstatering av at det ikke er dekning for det som flertallet hevder, at det har som « føremål å avgrense » informasjonen - det har det ikke.
Så et lite spørsmål til Høyre, som er så prinsipielt for åpenhet: Det er mulig at Høyre er prinsipielt for at Regjeringa og det offentlige skal være mer åpne, men når det dreier seg om dem som påvirker, og som har økonomi til å påvirke, synes ikke Høyre da at det er viktig med åpenhet?
Anders C Sjaastad (H) : Nå vil SV ikke bare monopolisere å være seriøs, nå vil de også monopolisere å ha glasskulen, å kunne se virkningen av sitt forslag. Flertallet mener at virkningen av det forslaget som er fremmet, nettopp er at det fører til begrenset informasjon, enten fordi en del ikke ønsker å fremstå som informasjonsrådgivere, eller informasjonsrådgivningen skjer på en annen måte. For eksempel: Hva skal være grunnlaget for rapportering? Dette at man under uhøytidelige sammenkomster har gitt råd? Skal man sitte overfor hverandre på et kontor? Skal det være konkrete penger knyttet til rådgivningen? Hvor er avgrensningene for å kvalifisere til registrering? Jeg tror man kommer opp i et uføre uten like, og mulighetene for omorganisering av virksomheten er jo legio.
Så blir det hevdet her som et rent postulat at det er de ressurssterke, det er de store, kraftige organisasjonene som bruker bedriftsrådgivning, informasjonsrådgivning. Jeg tror ikke det er riktig. Jeg tror mange av de aller største har sine egne folk, og jeg kunne godt nevne noen som vi har hatt jevnlig her i huset, bl.a fra primærnæringene, som er ganske effektive. Men så er også spørsmålet: Hvem er mest effektive overfor Stortinget? Jeg må si at i løpet av noen år på Stortinget har jeg ofte opplevd små, ideelle organisasjoner som svært effektive, og i dag bruker kanskje noen av dem også profesjonelle informasjonsrådgivere - hvem vet? Så jeg tror det er en altfor skjematisk forestilling at det er de store, ressurssterke som bruker informasjonsrådgivere og følgelig er suspekte, og at det er de stakkars ideelle som ikke har råd til noen hjelp.
Presidenten: Replikkordskiftet er slutt. Kristin Halvorsen (SV) : Jeg blir en
smule provosert så langt ute i denne debatten som vi er kommet, for jeg
synes ikke at man har gått inn i problemstillingene her med tilstrekkelig
seriøsitet og med tilstrekkelig interesse for å diskutere åpenhet om
maktforhold i et samfunn, som faktisk er ganske viktig for dem som skal ta
beslutninger. Det er altså ikke lenge siden statsminister Jagland skulle ha
en ny maktutredning, og det hadde SV betydelig sans for. Det er klart at da
er jo hele dette feltet en betydelig del av hva en sånn diskusjon må gå ut
på, nemlig: Hvem kan påvirke, hvem kan kjøpe seg hjelp til å kjøre kampanjer
i forhold til dem som er beslutningstakere og i forhold til pressen, og hva
annet enn full åpenhet rundt det kan hjelpe oss til å orientere oss i
demokratiet?
Det ble f.eks sagt fra Akselsen her at
det virker som jeg lettvint har kastet meg på et forslag - nærmest
underforstått: sånn som opposisjonen pleier å gjøre. Det er altså fire år
siden jeg holdt mitt første kurs for ideelle organisasjoner med gode saker
for at de skulle skjønne hvordan Stortinget og beslutningssystemet fungerte,
og det var etter at Stortinget hadde behandlet skattereformen. Da så vi på
nært hold alle de store gutta, alle de store pengene komme på rad og rekke
og påvirke beslutningen. Resultatet var en skattelette på 5,6 - 5,7
milliarder kr - det som skjedde i løpet av Stortingets behandling, var at
det ble en betydelig økt skattelette i forhold til det Regjeringen hadde
lagt opp til, og etterpå, når regningen skulle gjøres opp, kom
innstrammingene, i velferdsordningene, overfor alle mulige svakt organiserte
grupper og overfor miljøet. Det var en flytting av makt og penger i favør
av dem som hadde sterke interesser i ryggen. Da var det enklere å vite hvem
de var, for dette var jo organisasjoner som kom selv, det er klart. I
veldig stor grad er det også Rederiforbundet og NHO, organisasjoner som vi
vet har mye penger, som vi vet har store informasjonsavdelinger selv, og da
er det enkelt å forholde seg til at det er de gutta som er på tur - det er
greit. Og jeg hører på NHO, jeg hører til og med på Rederiforbundet, jeg
hører på alle for å vurdere om det de sier, har noe for seg, om det er noe
det er noe poeng i å ta hensyn til, eller om det Regjeringen har foreslått,
er riktig. Problemet er annerledes når det blir litt mer skjult hva som
egentlig ligger bak henvendelser. Det er riktig som det er blitt sagt her,
at det er ikke sånn at det er profesjonelle lobbyister som henvender seg til
Stortinget. Det er ikke amerikanske tilstander i Norge. Det er ikke sånn
at Tor Mikkel Wara kommer ti ganger på rad med ti forskjellige saker. Det
disse byråene gjør, er å trene opp organisasjonene i å legge fram sitt
budskap overfor dem som skal ta beslutninger, hvordan de skal spisse til
budskapet osv., hvordan de skal legge vekt på det viktigste, og de går
sikkert gjennom argumentasjonsrekken osv., sånn som de gjorde i forbindelse
med Naturkraft - det nordiske argumentet eller miljøargumentasjonen osv. -
for å få gjennomslag for sin type argumenter. På samme måten jobber de
selvfølgelig overfor pressen. Det betyr at her er det en sammenheng. Det
betyr at man ligger mye bedre an til å vinne kampen om oppmerksomheten når
det systematisk er jobbet med en sak, at det har vært en kampanje i forkant,
enn om man bare kommer. Det betyr at de som ringer og gir en beskjed i
løpet av to minutter på telefonen om at de nå driver en aksjon mot konebiler
fordi de er så skrekkelig farlige, har mye bedre sjanse til å nå gjennom enn
de som holder på en halvtime fordi det tar litt lang tid å få uttrykt det de
faktisk har på hjertet. Det betyr ikke at vi ikke skal høre på den ene
eller den andre, men det betyr at det er rimelig å vite hva som ligger bak
av informasjon.
Jeg var på en debatt i morges hvor
Matz Sandman, som har drevet innenfor denne bransjen, sa at denne type
byråer og profesjonell hjelp er et ektefødt barn av informasjonssamfunnet.
Jeg tror han har rett. Jeg tror at strømmen av informasjon, konkurransen om
oppmerksomheten blir tøffere og tøffere, og at det er en rimelig utvikling,
at det er en forventet utvikling at det profesjonaliseres, og det er det man
er tjent med. Problemet er at man kan profesjonalisere dette sånn at det
kommer ut av dimensjon i forhold til å kunne vurdere hvor viktig det en har
på hjertet, er, f.eks denne aksjonen med konebiler, som framstod som en
folkeaksjon blant undertrykte koner som måtte ta den dårlige konebilen. Det
var boards med sånne engler rundt i hele byen. Etter hvert kom det fram at
bak dem stod en mektig bilorganisasjon med mye penger - akkurat som vanlig!
Jeg vet ikke om den aksjonen, som liksom skulle samle alle konene i kamp mot
dette langfingra Stortinget som tok så mye avgifter av dem, framstod som
profesjonell. Vi var da med i diverse debatter i mediene, det var diverse
stunts hvor Vazelina Bilopphøggers hogg opp noen biler og greide og styrte
utpå her. Det gav inntrykk av at her var det virkelig opprør blant landets
hundretusenvis av koner som måtte ta den lille bilnøkkelen!
Hvordan skjer det da i forhold til en
stortingsrepresentant? Da skjer det på den måten at mediene begynner å bli
interessert i denne aksjonen, og så ringer de en stakkars
stortingsrepresentant Halvorsen, som hadde tenkt å bruke den dagen til å
sette seg inn i en helt annen sak, og så sier de: Aftenposten vil gjerne
vite hva du mener om engangsavgift, årsavgift etc. på bil. Da må en bruke
den dagen til å gi skikkelig svar på det. Ergo har man fått meg og - la oss
si - ti andre i finanskomiteen til å bruke den dagen på det. Det er 80
arbeidstimer - meget godt jobba - og så har man fått oppmerksomhet rundt den
saken! Jeg vet ikke hvor stor betydning en slik aksjon hadde for å flytte
oppmerksomheten, men bilavgiftene ble altså redusert med 1 milliard kr da
Stortinget behandlet den saken. Det er klart at det var effektivt i forhold
til det, og det hadde kommet fortere inn i sine rette proporsjoner hvis man
hadde visst at her er det en kampanje fra det og det informasjonsbyrået, og
det er de og de som betaler - mye enklere å forholde seg til hva de kommer
med! Det samme er det med dette eksemplet som har kommet opp når det gjelder
Naturkraft, og når det gjelder Filipstad. Det er enklere for oss å vite
hvem det er man forholder seg til, og så gjøre vurderingene på eget
grunnlag.
Jeg tror kanskje det er en viss
endring i bransjen, hvor de store organisasjonene også kjøper inn tjenester
fra mer profesjonelle informasjonsbyråer, selv om de har store
informasjonsavdelinger selv. Det kan man jo gjøre ut fra ønsket om å
vurdere effektiviteten i sitt eget informasjons- og påvirkningsarbeid. Men
jeg tror også at man f.eks i NHO, Rederiforbundet etc. kan ønske seg
forsterkninger i krisesituasjoner eller få nye øyne inn for å se på en
spesiell type aksjon. Men ellers er jo en terskel på 200.000-300.000 i
forhold til å nå gjennom i mediene overkommelig for mange organisasjoner som
ikke har ressurser nok til å bygge opp en egen stor informasjonsavdeling.
Sånn sett er det ikke nødvendigvis de som har flest penger, som kjøper
tjenestene her. Det er jeg faktisk enig i. Men det er da ingen grunn til
at en ikke skal ha innsyn i det. Hvis det er slik at Sykepleierforbundet
har spart i det vide og det brede og vil bruke 3 mill. kr til en skikkelig
kampanje for å fortelle det norske folk om hvilken stor innsats sykepleierne
gjør, er jo det en helt redelig sak, en helt grei sak! Det er helt all right
hvis vi også får vite hvem som står bak, slik at vi vet at nå er det en
kampanje de kjører på det. Hvis det hadde vært et reklamebyrå som hadde
fått et slikt oppdrag, hadde det reklamebyrået gjerne satt navnet sitt
under. De hadde sågar gjerne vært med i konkurranser om de beste reklamene,
fordi de gjerne vil ta ansvaret og æren for den jobben de har gjort. Da er
det helt rimelig og fullt mulig for oss å vurdere hva slags penger som
ligger bak, hvem det er som har gjort det, osv.
Jeg synes at de som i dag går imot
åpenhet når det gjelder dette, har gått seg bort i juridiske
spissfindigheter. Jeg er helt overbevist om at det kommer til å være full
åpenhet om disse mystiske informasjonsbyråenes virksomhet om fem år. Det
kommer ikke til å være noe mystisk. Det kommer til å være sånn at
Geelmuyden Kiese eller andre ønsker å smykke seg med å si at det var de som
gav råd til den og den, Naturkraft eller andre, for å få igjennom sånn og
sånn. Det er den veien dette helt opplagt kommer til å gå. Det er bare
spørsmål om litt tid, og det er spørsmål om hvor mange skjulte kampanjer det
norske demokratiet og det norske pressemiljøet skal motta i mellomtiden.
Jeg er helt sikker på at dette kommer man etter hvert til å ha et rimelig
avslappet forhold til, på samme måten som man har et avslappet forhold til
reklamebransjen. Og kulturen kommer til å bli slik, hos dem, hos byråene,
hos kundene, hos oss, at man ønsker å vite hvem som står bak. Man ønsker å
ta æren for det som skjer. Så det er rett og slett mangel på innsikt,
gammelmodighet og mangel på å være oppdatert i forhold til hvordan
beslutninger tas, som gjør at flertallet nå går seg bort i disse juridiske
spissfindighetene og leter etter måter å avvise dette på.
Jeg synes det er en overraskende
mangel på interesse når det gjelder hva som er makt, og kampen om
oppmerksomheten - maktkampen i dette. Jeg har diskutert dette forslaget med
bransjen selv, og der har man hatt ett argument som jeg kan forstå at
bransjen kanskje ønsker å verne seg mot, og det er å vise sine konkurrenter
sine egne kundelister. Men det tror jeg rett og slett er prisen. Slik er
det innenfor reklamebransjen. Det er klart at konkurrerende reklamebyrå med
en gang vet hvem som har lagd Solo-reklamen eller Tine-reklamen osv. Man
har kanskje en idé som er bedre for neste runde, og så henvender man seg til
f.eks. Tine med en idé som er bedre. Det tror jeg bransjen rett og slett
må finne seg i. Og jeg tror det kommer til å være en hedersbetegnelse ved
bransjen etter hvert som den minste advokat eller det største
informasjonsbyrå kommer til å si: OK, det var vi som rådgav dem. Slik
kommer det til å være om fem år, det er bare så innmari synd at vi ikke skal
ha full åpenhet om dette i den tiden det tar før stortingsflertallet får
øynene opp og får satt seg inn i hva som egentlig skjer på dette markedet.
Anita Apelthun Sæle (KrF) : Jorunn Ringstad har som saksordførar uttala seg
på vegner av både Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet på ein utmerkt måte,
så det er ikkje mykje eg har å seia i tillegg.
Det dreier seg om
informasjonssamfunnet - og det er vi alle ein del av - der det som er
skrive, vist i bilete, det som er tala, skapar meiningar og politiske
vedtak. Tidlegare var det eit sannheitsbevis at noko hadde stått i avisa,
men slik er det ikkje lenger. Eg trur ikkje at informasjonssamfunnet er
objektivt på nokon måte. Også utveljinga frå dei store nyheitsbyråa er
prega av nyheitsleiar sitt skjønn og si innstilling. Derfor er det viktig å
ha ei fri og uavhengig presse, helst også ei presse med forskjellig
ideologisk utgangspunkt. Den « offisielle » meininga er ikkje den einaste som
skal fram.
Likevel er det forskjell, synest
Kristeleg Folkeparti, når informanten er kjøpt og betalt for at opinionen
skal påverkast i ei spesiell retning. Vi må lære av dei som har problemet i
n-te potens. Og når USA har innført reglar der lobbyistar må fortelja kven
dei er, kven dei representerer og kva dei tener på jobben, er det viktig
informasjon til oss som ikkje har kome så langt. Kunnskap er makt, og for
informasjonsmottakaren, som ofte også er oss, er det ofte avgjerande å vita
kven som kjem med opplysningar, det har jo Kristin Halvorsen nettopp så
malande gjort greie for.
Problemet med nyheitslobbying er at
den er annleis og mykje meir farleg enn den lobbyinga som ein har frå ei
eller anna informasjonsavdeling, for akkurat media held informanten løynd
for ålmenta. Sjølvsagt skal alle journalistar med respekt for sitt yrke
henta alle synspunkt i ei sak, også det som mindretalet eventuelt
representerer, eller det som er det motsette av det som går fram frå det
stoffet ein har. Men så er det så godt og så enkelt å ta ei godt redigert
nyheit frå proffe informantar i ein travel kvardag for ein journalist.
Kristeleg Folkeparti meiner dette er
ei utvikling som truar demokratiet. Media må naturlegvis passa seg så dei
ikkje vert handlangarar for krefter som vil styra og sila og teia med
adekvat informasjon, då vert nemleg informasjon og propaganda nesten umogleg
å skilja frå kvarandre. Men lovgjevarane, politikarane, må også krevja å få
vita kven som står bak informasjonen som ofte dannar premissane for lover og
reglar. Vi treng altså, synest vi, offentleg innsyn omkring
informasjonsrådgjeving og kontroll med dei metodane som vert nytta i slik
verksemd, og derfor har Kristeleg Folkeparti saman med Senterpartiet kome
med det forslaget som ligg i innstillinga.
[Neste innlegg av Kristin Halvorsen]
[Neste innlegg av Anita Apelthun Sæle]
Presidenten: Det blir replikkordskifte. Olav Akselsen (A) : Eg vil tru at alle
som driv med utetterretta verksemd, t.d. Kristeleg Folkeparti, har ein
informasjonsstrategi. Dei ønskjer å nå fram med sin bodskap, og dei ønskjer
å få gjennomslag for sine standpunkt. For å få det til kan ein gjera to
ting: Ein kan byggja opp ei stor informasjonsavdeling sjølv og bruka pengane
på det, eller ein kan i ein aktuell situasjon nytta eit profesjonelt byrå.
I begge tilfella brukar ein pengar på å få fram informasjon. Er det ein rik
organisasjon, kan ein bruka mykje pengar på å byggja opp ei eiga avdeling,
eller ein kan bruka mykje pengar på å kjøpa denne tenesta utanfrå.
I dag har det vore mykje snakk om at
desse informasjonsbyråa set i gang ulike kampanjar. Dersom ein har eigne
informasjonsavdelingar, kan eg ikkje sjå nokon grunn til at dei ikkje kan
setja i verk liknande kampanjar. Det kunne vore veldig greitt for meg å få
avklart om det er slik at Kristeleg Folkeparti ser store prinsipielle
forskjellar på om ein har desse informasjonsavdelingane sjølv og brukar
midlane på den måten, eller om ein kjøper av eit byrå som ligg lenger borte
i gata.
Anita Apelthun Sæle (KrF) : Poenget er: Kristeleg Folkeparti ynskjer
naturlegvis å informera om det som vi står for, og vi skjuler aldri at det
er vi som ynskjer å informera om dette. Det er faktisk hovudpoenget. Når
vi brukar eit reklamebyrå, noko Kristeleg Folkeparti naturlegvis gjer - eg
trur Arbeidarpartiet også gjer det - står reklamebyrået sitt namn veldig
ofte i reklamen. I alle fall har dei ikkje noko særleg imot å ha namnet
sitt bak. Men når ein får eit nyheitsoppslag i ei avis, vert det annleis
dersom dette nyheitsoppslaget ikkje er framkome frå dei som det synest som
det er framkome frå, men frå eit reklamebyrå. Ein slik kampanje for å sila
eller styra informasjonen i ei viss retning er uheldig. Kristeleg
Folkeparti ynskjer å vita kven som står bak, og det er det dette dreier seg
om. Det dreier seg ikkje om å halda tilbake informasjon, det dreier seg om
å vita og få meir informasjon om kven som eigentleg står bak. Det er derfor
vi ynskjer å gjera noko med det. Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti
ynskjer å få ei vurdering frå Regjeringa på dette området. Vi ynskjer ein
brei debatt og ei brei vurdering av dette og har faktisk den tiltrua til
Regjeringa at den kan vurdera det.
Presidenten: Lisbeth Holand ynskjer ordet for å ta opp forslaget frå
Sosialistisk Venstreparti. Lisbeth Holand (SV) : Jeg bad om ordet
til innlegg, der jeg også vil ta opp forslaget - så jeg tar hermed opp
forslaget fra SV. Jeg har lyst til å lese det, det er veldig kort:
«
Dok.nr.8:113
(1995-1996) - forslag fra stortingsrepresentant Kristin Halvorsen om åpenhet
omkring informasjonsrådgivning - vert å oversende Regjeringa til uttale og
utgreiing. »
Det forslaget vil altså ingen andre
være med på. Her har det vært en debatt - en bombastisk debatt - om alle
mulige tekniske problemer med lovregulering av åpenhet og plikt til å melde
fra om hvem som er kundene. Men det forslaget går ut på, er at forslaget
« vert å oversende Regjeringa til uttale og utgreiing ». Det vil ikke
Stortinget. Stortinget vil altså ikke at det skal arbeides for mer åpenhet
omkring informasjonsrådgivning. Det syns jeg er høyst skuffende, og jeg har
på tampen av debatten lyst til å utfordre justisministeren fordi flertallet
sier at det vil « følgje utviklinga », og det sies at det kan være behov for
reguleringer, om det ikke er på nåværende tidspunkt. Da har jeg lyst til å
spørre justisministeren: Mener justisministeren at det, uavhengig av en
regulering, ville ha vært demokratisk ønskelig at informasjonsbyråene gav
opplysninger om hvem som var klientene deres? Og det neste spørsmålet til
ministeren er: Hvordan vil ministeren følge opp det som flertallet ber om:
at en skal « følgje utviklinga » for å kunne vurdere om det er aktuelt med
tiltak, og i så fall hvilke?
[Neste innlegg av Lisbeth Holand]
Presidenten: Lisbeth Holand har teke opp det forslaget ho refererte. Statsråd Gerd-Liv Valla : Jeg har nå
sittet og fulgt denne debatten. Jeg har fulgt denne debatten i lengre tid,
også før jeg begynte som justisminister. Jeg innser at det finns problemer
knyttet til denne type virksomhet, og her i dag vil jeg bare si at dette er
noe som både Stortinget og Regjeringen bør følge nøye. Jeg tror man skal
være veldig årvåken i forhold til det som skjer. Man må kunne forvente
årvåkenhet fra alle hold - politikere og mediefolk - og at man foretar en
selvstendig og kritisk vurdering av den informasjon som presenteres for dem.
Men jeg syns ikke det er riktig her og nå å si noe konkret om hvordan jeg
vil følge dette opp. Jeg tar med meg debatten og Stortingets vedtak, og så
vil jeg se nærmere på det.
Kristin Halvorsen (SV) : Jeg har egentlig bare en kort kommentar på slutten
av debatten, fordi jeg forstår at justisministeren har interesse for
utviklingen på dette feltet. Det demokratiske problemet er som følger: I
hvert fall de store kampanjene som jeg er kjent med - de kampanjene som er
drevet av organisasjoner, tilrettelagt av PR-byråer og er in i forhold til
beslutningssystemet - har alle vunnet på bekostning av noen andre
samfunnsinteresser. Det betyr at dette er en veldig effektiv måte å få
gjennomslag for synspunktene sine på. Da har man et demokratisk problem.
Det er riktig at vi med stor årvåkenhet skal vurdere alt vi får av
informasjon, og det er riktig at journalister med stor årvåkenhet skal
vurdere alt det de får av informasjon. Departementene er jo ofte i en litt
heldigere situasjon, fordi de har mer ekspertise selv til å sette seg inn i
saker.
Dette er bare et moment på slutten av
debatten. Jeg er helt sikker på at vi kommer tilbake til disse spørsmålene.
Det er et ganske stort demokratisk problem hvis det er sånn at sjansene til
å nå igjennom i forhold til demokratiske beslutninger er betydelig høyere
dersom man har penger, dersom man har kjøpt seg en kampanje og dersom man
har kjøpt seg profesjonell hjelp, selv om man ikke representerer mange, og
selv om man ikke representerer en innarbeidet organisasjon. Det er jo det
dette spørsmålet dreier seg om. Da får jeg ønske flertallet lykke til!
Anders C Sjaastad (H) : Lisbeth Holand gav inntrykk av at det var blitt en
forunderlig debatt på et tidligere tidspunkt i denne debatten. Hun gikk da
behendig forbi det poeng at det vi egentlig behandler i dag, jo er et
forslag fra Kristin Halvorsen som dreide seg om lovgivning, om registrering
av denne virksomheten, og det er på mange måter på det grunnlaget debatten
er ført.
Jeg synes det er et fremskritt,
selvfølgelig, at SV ikke turde stå ved det opprinnelige forslaget, men har
gjort det om nærmest til et oversendelsesforslag til Regjeringen. Nå mener
flertallet at både Regjeringen og de øvrige partier bør følge med i
utviklingen, og gjerne våkent - for å tilfredsstille Jorunn Ringstad - og
dermed er i realiteten alle opptatt av hva som kommer til å skje i
fortsettelsen. Men jeg registrerer ved slutten av denne debatten at SV har
frafalt sitt opprinnelige forslag, sannsynligvis fordi de har forstått at
det var urealistisk det de foreslo.
Lisbeth Holand (SV) : Jeg må si at jeg oppfatter det innlegget som litt
positivt, for det virker for meg nå som om Sjaastad prøver å distansere seg
litt fra all den motstand han tidligere har mobilisert mot forslaget.
Jeg gjengav forslaget konkret, for det
er riktig at SV har fraveket det opprinnelige forslaget, fordi vi så
relevante innvendinger som rett og slett gikk på at forslaget ikke gikk
langt nok, men at det knyttet seg eksklusivt til selskapslovgivningen, og vi
ser at informasjonsrådgivning kan organiseres på ulike måter. Det vi er
opptatt av, er større åpenhet omkring informasjonsrådgivning. De tekniske
måtene det skal gjøres på, mener vi faktisk at Regjeringen er bedre i stand
til å utrede enn det Stortinget er gjennom behandlingen av forslaget.
Derfor foreslår vi at forslaget oversendes til utgreiing og uttale. Slik
jeg oppfattet det siste innlegget fra representanten Sjaastad, syns jeg at
han faktisk kunne stemme for forslaget fra SV. Og hvis en med det samme
oppfordret resten av Stortinget til å gjøre det, kunne dette bli en riktig
positiv utgang på debatten.
[Neste innlegg av Kristin Halvorsen]
[Neste innlegg av Anders C Sjaastad]
[Neste innlegg av Lisbeth Holand]
Presidenten: Det blir replikkordskifte. Anders C Sjaastad (H) : Jeg vil gjerne
returnere komplimenten om et positivt innlegg. Det er klart at når denne
debatten og behandlingen av saken har ført til at SV har forstått at deres
forslag var for snevert og ikke ville treffe det mål de hadde satt seg å
treffe, så har vi faktisk oppnådd noe i denne saken. Når Høyre ikke vil
stemme for forslaget, er det fordi vi synes at ikke bare Regjeringen skal
tenke på dette problemet fremover, men også de øvrige partier, inklusive
Høyre.
Lisbeth Holand (SV) : Jeg gjentar da min oppfordring om at en stemmer for
forslaget fra SV, for det forslaget går ut på, er å oversende det konkrete
forslaget til Regjeringen til « uttale og utgreiing ». Hensikten er - og den
tror jeg har kommet klart fram fra vår side i debatten - at Stortinget skal
få et bedre redskap til å få åpenhet og informasjon om hvem som påvirker
beslutningstakerne. Sjaastad sier jo at han skal følge årvåkent med. Men
spørsmålet er jo om man også vil at vi skal få et redskap til å ha større
mulighet til å følge med.