Bergensstudent stranda etter kupp i Ecuador

«Flyet til Norge gikk fra hovedstaden Quito for fem timer
siden. Jeg hadde ingen mulighet til å komme meg dit i tide»
skriv bergensstudenten Guri Sandelien i ein mail til Studvest.
No er ho stranda i Andesfjellene i Ecuador.
Sandslien sit fast i fjellbyen Cuenca. Etter kuppet fredag har
vegane ut fra byen vore stengde. Verken Utenriksdepartementet
eller forsikringsselskapet kan hjelpe. Norge har heller ikkje
nokon ambassade i landet.

|
Dronningbia 
Eg blir rusa av stress, seier Heidi Sund.
Eg elskar å kjempe og hatar apati.
Sidan den unge blondina var barnerompe har ho bølla seg
fram og kjempa for rettferd, og ikkje gjeve opp når ting
har gått mot henne.
Den nye leiaren på Kvarteret er søt som honning,
men har ein stikkande brodd som mange er redde for.
|
Lite pengar gir mykje stryk
Fakulteta som får minst pengar har høgast strykprosent. Forprøvane,
Juss og psykologi får minst til kvar student - og har mest stryk.
– Lite pengar til undervising gjer at juss er meir eit pensum
enn eit studium, seier jusstudent Knut Einar Skodvin (bilete).
|
På vent
I studentkapellet i Allégaten sit ein 24-årig pakistansk
gutt isolert på 14 kvadratmetrar. Slik har han sete sidan
sommaren 1998. Etter tre avslag på søknaden om opphaldsløyve
har han ikkje gjeve opp håpet om å få bli i
Norge, sjølv om han har mista trua på systemet.
|
Hamsun på Herdla
I desse dagar er eit filmteam i gong med opptaka til ein Hamsun
kortfilm på Herdla. Mannen bak er Glenn Heilevang Gerdner,
ein driftig amerikansk filmstudent. Han har blant anna smitta
Bjarte Hjelmeland og Lasse Lindtner med sin brennande lidenskap
for prosjektet.
|
| |