onsdag 16. februar, nr 5 - 55. årgang
STUDVEST
-----
meny


søk i Studvest

om avisa annonsering arkivet siste kronikk kommentar ytringar apropos meiningar news leiar tema kultur nyhende fint bildeukens kjendistips studvest 55 54 51 48

 

 




Forprøve på norsk øydelegg for utanlandsstudentar

Gerrit Rode frå Tyskland skal ta grunnfag i tysk ved Universitetet i Bergen. Før han får løyve til å starte på kurset, må han ta forprøva i fonetikk og lingvistikk. Pensum, undervising og eksamen blir berre gitt på norsk.
Universitetet i Bergen krev at alle som vil studere språk skal ha bestått denne prøva. Dette gjeld også framandspråklege som skal studere sitt eige morsmål.
– Utanlandske studentar må lære norsk før dei byrjar på eit fag i Bergen, meiner fakultetsdirektør Asbjørn Bjørnset på HF.
Universitet i Bergen er det einaste i Norge som ikkje har noko tilpassa opplegg for dei framandspråklege studentane.


Rocke-Engelen

Einar Engelstad er kjend og frykta for sine musikkunnskapar og den store kjeften sin. Engelen høyrer på musikk halve døgnet, anten i platesjappa si, eller på spelestader rundt om i byen, og han er snar til å dømme det han høyrer i si faste BT-spalte.
– Eigentleg lever eg eit dobbeltliv. Den sida av meg som folk stort sett kjenner, utgjer berre ein liten del, seier han.

Foto: SIV JOHANNE SEGLEM

UiB får refs

Universitetet i Bergen er særs dårleg tilrettelagt for funksjonshemma studentar. Det kommer fram i ein rapport frå Norges Byggforskningsinstitutt.
– Nokre enkle tiltak ville gjere kvardagen mykje enklare, seier litteraturstudent Linn Jansen (biletet), som sjølv er avhengig av å bruke rullestol.

Mat.nat er best

– Her var det fint, utbraut Josephine Simonsen og Hilde Therese Gjerstad, HF og SV, då dei fekk sjå tilhøva til Marie Bueie Hostad på mat.nat. (biletet)
Hovudfagsstudentane på mat.nat har telefon, eige pauserom og flest rettleiarar pr. student. Slik er det ikkje på HF og SV.

Stjernespekka program

I dag lanserer UKEN 2000 sitt program. Forutan Primal Scream kan dei blant anna by på store namn som Bloodhound Gang og Travis, samt Euroboys og Midnight Choir og Bobby Hughes Experience.

 



Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Ansvarleg redaktør: Astrid Urdal. Webansvarleg: Arne Beek.
Les også mer på siden om avisen.
Copyright Studvest (C) 1999