Nytt karrieresenter til hausten:
-Her får du jobb
Til hausten får studentane ved Universitetet
og Høgskulen (HiB) eit eiget karrieresenter i Vektergården.
Vi vil prioritere jobbsøkarkurs, karriererettleiing
og utplassering i arbeidslivet, seier Peter Bomann-Larsen, ein
av hovudaktørane bak senteret.
Karrieresenteret vil òg formidle deltidsjobbar, sumarjobbar
og vikariat.
Det vil bli gratis å nytte tilbodet, men semesteravgifta
vil auke med ti kronar.

|
Nervar i lufta

Utrusta med Cola, mobiltelefon og evna til å halde hovudet
kaldt, står Tine Rude (biletet) klar til å telje ned
til sendestart. Studentradioen følgjer opp suksessen frå
i fjor,
og sendar direkte frå Kvarteret ein gong i månaden.
Programleiarane kryp ut av studioet og inn i ein øldampande
kafé. Dei prøvar å holde styr på sommerfuglane
i magen,
medan teknikar Torgeir Nes (biletet) prøvar å temje
den iltre knitringa frå høgtalarane. Ikkje rart lufta
er elektrisk allereie før den blir fylt med radiosignal.
Foto: Henning Mohaupt
|
«Reservert for kvinner»
Hovudfagsplassar, stipend og pc-rom reserverte for kvinner. Dette
er nokre av tiltaka i Universitetet sitt Handlingsprogram for
likestilling som Det Akademiske Kollegium har vedteke.
|
Spør om studentrabatt
Om lag 15.000 studentar har blitt kontakta i norgeshistoria si
største spørreundersøking via mail. Hordaland
fylke vil finne ut kva slags reisevanar studentane har. Resultata
skal leggjast fram for fylkesutvalet når spørsmålet
om studentrabatt skal opp i mai.
|
Kvinnen som slagmark
Dette er tittelen på Turboteateret si nye oppsetjing. Temaet
er valdtekt som våpen i etnisk krigføring. Denne
problematikken har også vore bakgrunn for ein rapport om
den aukande seksualiseringa av krig.
|
| |