Kvarterstyret ønskjer først og fremst
å tena pengar. Dei driv huset som ein skjenkestad, og
nedprioriterer kulturarrangementa.
Det seier leiaren i Studenter-samfunnet, Ingrid Stranger-Thorsen.
I helga måtte Studentersamfunnet avlysa laurdagsarrangementet
sitt fordi det ikkje har vore mogeleg å få i stand
ei skikkeleg avtale om kor mykje dei skal tena på ølsalet.
Vi må ha ei avtale som sikrar pengar til kulturtilboda.
Det vil
ikkje Kvarteret gje oss, seier ho.
Kvarterleiar Hans Martin Asheim reagerer kraftig på kritikken
frå Studentersamfunnet og samarbeidsorganisasjonen RAS.
Vi ønskjer å prioritera kulturen, og har
tilbudt ei svært god
avtale, seier han.