onsdag 21. november, nr 29 - 56. årgang
STUDVEST
-----
[an error occurred while processing this directive]

Verst i Norden

Studvest har samanlikna buforholda for studentane i mellomstore byar i Norden. Bergensstudentane kjem desidert verst ut. Medan Århus kan tilby hyblar til 30 prosent av studentane sine, får berre ti prosent av studentane i Bergen eit tilsvarande tilbod.
Nabolanda våre kan ikkje berre tilby fleire hyblar til studentane sine. Bustadene er også større og billigare. Ein standardhybel i Århus er heile 22 kvadratmeter, og kostar rundt 1700 kroner. Også i høve til resten av Noreg er butilhøva for studentane i Bergen svært dårlege. Dekningsgraden på ti prosent er ifølgje Norsk Student Union (NSU) den verste landet.


Lystløgnar i ny drakt

Foto: Åsta Ytre

Henrik Ibsen er død. Så Studentteateret Immaturus uroar seg ikkje over at dei har lagt vekk vyrdnaden for norske Peer Gynt-tradisjonar.


Ung demo
Rundt 1500 møtte fram på demonstrasjonen mot det reviderte statsbudjettet mandag. Men det var få studentar å sjå. Flesteparten av aksjonistane var elevar i den vidaregåande skulen.

Ikkje berre for jenter
Aktive Kvinners Kultursenter har eit etter kvart misvisande navn. No har dei i tillegg teke til å skaffa band til Garage ein gong i månaden.

Belyser mørkret i oss
Filosofen Lars Fr. H. Svendsen meiner at vondskapen tilhøyrer oss alle, og at vi ikkje kan kalla grusomme handlingar umenneskelege. Tvert imot.

[an error occurred while processing this directive]