Cherrox-fallet
Hugsar de korleis det var å ta av seg cherroxane før i
tida? Desse fôra støvlane som alle barn har; hugsar nokon
korleis det var å ta dei av seg? Om våren?
Det var slik, før i tida, at vinterplagga fall eitt for
eitt, etter ei skjønsmessig vurdering som grunna i dei føresette
sin udiskutable vetorett med heimel i skjøn og meteorologisk
autoritet. Ein dag var det lov å gå utan strømpebukser.
Ein annan dag, lenge etter at 17. mai-komiteen var nedsett,
vart boblejakka bytt ut med ei halvkrølla og uvant dongerijakke.
Så forsvann hua, langt ut på seinvåren. Og ein dag, ein
vakker ein, som dei seier, fall cherroxane. Den dagen var
det sol, og snøklokker. Og mose som ikkje gav frå seg vatn
når ein steig på.
Ære vere cherroxane. For all del. Cherroxar er ei velsigning
på mange måtar. Dei isolerer mot slikt som leier til øyrebetennelse
og anna uhygge. Vatn og kulde og alt, det held cherroxane
ute. Men cherroxar held ein også nede. Dei dreg mennesket
nedover, forsterkar tyngdekrafta, limar stega til marka.
Og ingen veit kor tunge dei verkeleg er før ein tek dei
av seg om våren. Hugsar nokon dei første ti stega med joggesko?
Då føtene enno ikkje hadde omstilt seg frå cherrox-tyngda,
men feilberekna og sende eit lite menneske nesten til himmels?
Det var som å flyge. Heilt som å flyge. Det går nesten ikkje
an å forklare. Men ein hugsar det.
Eg tenkte på det for nokre dagar sidan. Ein dag med sol
som tørka opp mosen. I dag, tenkte eg, - I dag hadde eg
fått lov til å gå utan cherroxar for første gong, dersom
det var før i tida. Og eg såg ned på beina mine, som hadde
hatt lette sko på seg stadig vekk og alt ettersom heile
vinteren. Fordi det passa betre til buksa. Fordi eg berre
skulle på forelesing. For mange og vaksne grunnar. Og det
var eit tap - eit sårt tap - å stå der å ikkje lenger ha
gått med cherroxar kvar salte dag heile vinteren. Flygeudyktig
den første vårdagen.