Bohemen leve!
Eg kjenner frykta breie seg i kroppen. Mitt sjette studieår
går mot slutten. Snart er det slutt på det gode
liv. Slutt på vekkarklokke med fleksitid, onsdagspilsen
på Gjestehuset, spontane fester og mappeoppgåver
som vert skrivne kvelden før deadline. Framfor meg
ventar eit liv i rutine, styrt av klokka og med ein skatteprosent
som nok aldri kjem ned att på dagens 23 prosent. Frykta
for å forlate vener, og hamne på ein ukjend
stad med mistrivsel og trege folk kjem snikande.
«Kva planar har du til hausten?» «Skal
du ikkje snart søkje deg jobb?» «Du har
vel studert lenge nok no?» Spørsmåla
haglar i stadig aukande tempo frå nysgjerrige kjenningar.
Men dei får ikkje svar. Eg veit ikkje kva eg skal.
Som gymnasiast gjer ein seg gjerne tankar om kva ein skal
bli i livet, slik var det også for meg. Juni 1998:
Munnleg eksamen vert avlyst grunna lærarstreik. Elevane
i klasse 3A stormar for siste gang ut gjennom dørene
på Høyanger vgs. Underteikna skal til Sogndal
for å studere økonomi. Draumen er noko så
vågalt som bilseljar, eller kanskje journalist.
Februar 2003: Over halvvegs i nok eit studieår. Etter
planen det siste. Eg vart aldri økonom. Tre år
i Sogndal, og like lenge i Bergen, har resultert i lærarutdanning,
engelsk, historie og sosialantropologi. 300.000 lånekassekroner
passerast med glans i løpet av våren. Framleis
veit eg ikkje kva eg skal satse på. Lærar, journalist,
eller ingen av delane.
300 laken er skremmande mykje pengar, men det er berre
snakk om ei årsinntekt i gjeld for seks festfulle
år. Gjeld som har gitt meg vener for livet, utallige
«vekttal» festing, og ikkje minst ein sambuar
eg neppe hadde treft om eg hadde gått heime på
Hydro Aluminium. Mange av mine medstudentar frå lærarskulen
er alt i jobb. Kanskje studerer eg først og fremst
for å vere student. Stasjonsvogn og rekkehus. Skremmande
seriøs klisjé. «Korleis ende studia»,
burde sikkert vore obligatorisk fag for slike som meg. Vi
som ikkje kjenner vår besøkstid. Men vi kastar
ikkje bort tida. Det er vi som er heldige. Ikkje strevarane
som stakk av frå moroa etter to- tre år.