Nyhende
Kultur




















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 04. februar 2004, nr. 3 - 59. årgang

NM i vandel og handel

Internasjonal handelsrett er ikkje det lettaste. Det veit deltakarane i NM i jus. Sist veke fekk dei prøve advokatyrket i Bergen.

Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK oyvind@studvest.no
Foto: PER CHRISTIAN SOLHEIM per@studvest.no
– MR. CHAIRMAN! Hilde Ruus frå Tromsø er i gong med si prosedyre. Høgsterettsdommar Bruzelius heng tydelegvis med i svingane. I forgrunnen to av bergensadvokatane, Thomas Lie og Helge J. Andersen.

– The court is in session, seier høgsterettsdommar Broch, og publikum i det ganske fulle auditoriet i Jusbygget kan sette seg.

Jusstudentane frå Bergen og Tromsø gjer seg klare til å legge fram si sak: Kvifor bør bananrepublikken Mullavia få meir toll? Eller kvifor ikkje?

ADVOKATHIMMELEN

NM for jusstudentar, eller, som det helst heiter, Nasjonal prosedyrekonkurranse, går for fyrste gong i Bergen. Dette er konkurransen der framtidas beste advokatar skal få vise seg fram.

Frå før har det vore lokale konkurransar i Bergen, Tromsø og Oslo. No skal dei tre vinnarlaga bryne seg mot kvarandre. Dei skal argumentere, replisere, duplisere, sjarmere og overbevise både dommarar og studentar om kor framifrå dei er. Alt på engelsk, berre for å gjere det heile ekstra komplisert. Men grunnen er enkel: Dei som vinn går vidare til verdsfinalen i Genève, verdshandelens høgborg. Der skal internasjonal handelsrett argumenterast vidare, med Verdas handelsorganisasjon som vertskap.

FACTUM EST

– Vi har brukt sjukt med tid på dette, seier ein av Tromsøs forsvararar, bergensaren Hilde Ruus. Etter å ha gått fyrste året ved Universitetet i Tromsø, har ho no flytta hem.

Dagen før fall Oslo av lasset. Det var engelsken som tok dei, i følgje sikre kjelder. Bergens ære skal forsvarast av blant andre Thomas Lie.

– Vi vinner, alt anna vil vere urimeleg, seier han sjølvsikkert. Og resten av laget er samstemte. Helge J. Andersen er likevel litt i tvil:

– Dommarane får nok ein vanskeleg jobb.

VIKTIGE BANANAR

 
ALVOR. Tøys ikkje med ein fyrsteamanuensis i europarett og to høgsterettsdommarar. Frå venstre Ola Mestad, rettsformann Lars Oftedal Broch og Karin M. Bruzelius.

Salen har sett seg. Bergenslaget startar sin presentasjon av saka. Det er klart: Mullavia bryt god banankutyme så det held. Dei argumenterer på mumlande engelsk for Condaluza, sitt eige land, sin rett til å handle med kven dei vil. Dommarane spør og grev. Bergenslaget verker nervøse.

Tromsø går meir offensivt ut.

– Mr. Chairman! My name is Hilde Ruus, seier ho og legg ut om dei gode grunnane Mullavia har for å vere sure og bistre. Trass alt: Det er ein bananrepublikk det er snakk om. Dei treng bananhandel.

Det heile minner om den episoden av Ally McBeal som aldri vart laga.

GENÈVE NESTE

Bergensarane hadde rett. Dommarane fekk ein vanskeleg jobb. Høgsterettsdommar Broch er nøgd med kva morgondagens rettssalar kan sjå fram til.

– Men vi må jo kåre ein vinnar, seier han, og sender Tromsø vidare til Genève.

Bergensarane er tydeleg skuffa.

– Akk. Det seier alt no, seier jusstudent Lie frå Bergen, og innrømmer villig at han ikkje er ein særleg god tapar.

Den andre forsvararen for Tromsø, Vegard Emaus, kan derimot juble.

– Dette er stort! No gler vi oss til Genève, seier Emaus, som også stakk av med publikumsprisen for beste presentasjon.

11.02.04

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14