Seminaremne i Digital kultur
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Mastergradsstudiet tar sikte på å gi ei grundig innføring i Digital kultur, i teoretiske og analytiske metodar og arbeidsteknikkar.
DIKULT304 er eit seminaremne i Digital kultur med vekt på sentrale spørsmål innan forsking på feltet Digital kultur. Emnet femner om relevant teori i tilknyting til eit nærare avgrensa tema. Tema for emnet vil variere, og kan til dømes vere:
- ein teoretisk tradisjon (t.d. feministisk teknologiforsking)
- ein metode (t.d. statistisk analyse av samhandling på nett)
- eit tema (t.d. bruk av sosiale medium i politikken)
- ein sentral problemstilling (t.d. internasjonale relasjonar i nettverkssamfunnet)
Tema vert annonsert ved semesterstart.
Ein sentral del av emnet er å delta i diskusjonar og munnlege presentasjonar.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha tatt emnet skal studentane ha:
- utdjupande kunnskap om eit sentralt tema innan Digital kultur
- kunnskap om og erfaring frå argumentasjon, diskusjon og presentasjon i ei akademisk form
Studentane skal etter ferdig kurs kunne:
- opparbeide seg djupnekunnskap innan eit avgrensa tema på eige hand
- analysere og ta stilling til kompliserte forskingsspørsmål
- kunne førebu og halde ein munnleg akademisk presentasjon
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Master og PhD
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i Digital kultur. Studentar på andre masterprogram ved Universitetet i Bergen kan søkje Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier om å få melde seg til emnet.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Studentane bør ha gjennomført DIKULT301 og DIKULT302.
Undervisning og omfang
Undervisinga vil skje i form av eit vekevis seminar over tretten veker.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
To munnlege presentasjonar i seminargruppa.
For å kunne gå opp til eksamen krevst det at studenten har delteke i minst 75 prosent av undervisninga og i dei aktivitetane som undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg.
Vurderingsformer
Munnleg presentasjon på 20 minutt over eit oppgitt tema som er knytt til undervisninga. Tema for foredraget blir gitt 7 dagar før eksamen.
Dei munnlege presentasjonane kan bli arrangert som ein konferanse for deltakarane på emnet og fagmiljøet.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
PhD-studentar får karakteren bestått/ikkje bestått.
Læremiddelomtale
Pensum er på om lag 1000 sider, der om lag halvparten blir individuelt valt av studentane, i samråd med faglærer.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no