Gå til innhold
English A A A
Emne DIKULT305

Praksisprosjekt i digital kultur

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

I dette emnet skal studentane arbeide med ei praktisk utviklingsoppgåve i digital kultur, eller gjere systematiske studiar av eksisterande teknologiar og/eller IKT-løysingar. Det praktiske utviklingsarbeidet kan til dømes dreie seg om utvikling av eit program, eit undervisningsopplegg, ein nettstad eller utvikling av ein informasjonsarkitektur.

Arbeidet skal føre fram til eit produkt, i samanheng med ein realistisk brukskontekst. Arbeidet kan gjerne skje i eit miljø utanfor instituttet. Saman med det praktiske resultatet skal det liggje ved ein rapport på om lag 10 sider som set prosjektet i samanheng med tidlegare forsking og utvikling gjort innan feltet, som dokumenterer arbeidsprosessen, analyserer resultatet, og gir ei eiga evaluering av prosess og resultat.

Dersom ein vèl å analysere eksisterande teknologiar kan det skje i ein konkret empirisk brukskontekst eller ein kan studere meir generelle aspekt som til dømes usability eller dei kulturelle implikasjonane denne har. Analysen skal vere på om lag 20 sider. Problemstilling og opplegg for prosjektet skal godkjennast av emneansvarleg.

Læringsutbyte/resultat

Etter endt studium skal studentane:

  • kunne knyte saman dei teoretiske og praktiske sidene av faget digital kultur
  • ha realistisk erfaring i arbeidet med å utforme, gjennomføre og evaluere eit praktisk utviklingsarbeid
  • på sjølvstendig grunnlag kunne fordjupe seg i praktisk utviklingsarbeid

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Engelsk

Studienivå

Master og PhD

Krav til studierett

Aktuelle kandidatar må ha studierett på masterprogrammet i Digital kultur.

Emnet er eigna for studentar som har eit prosjekt dei ønskjer å jobbe med. For å få adgang til å ta dette emnet må tema og problemstilling for prosjektet vere godkjend av emneansvarleg innan 1. februar/1. september. Interesserte studentar bør kontakte studierettleiar eller emneansvarleg i god tid før fristen.

Krav til forkunnskapar

DIKULT301 og DIKULT302

Tilrådde forkunnskapar

DIKULT105 eller tilsvarande.

Undervisning og omfang

Det vert kun gitt individuell rettleiing i dette emnet.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal leggje frem to arbeidstekstar til rettleiing i løpet av semesteret.

Vurderingsformer

Ei rettleidd oppgåve og justerande munnleg prøve.

Oppgåva har form som

anten

1) Det praktiske resultatet (produktet) av prosjektet studenten har jobba med og ein rapport på om lag 10 sider som skal følgje med

eller

2) Ei analyse på om lag 20 sider av eksisterande teknologiar i ein konkret empirisk brukskontekst eller av meir generelle aspekt som til dømes usability eller dei kulturelle implikasjonane denne har.

For meir informasjon om arbeidet med oppgåva, sjå under "mål og innhald".

Problemstilling og opplegg for prosjektet skal godkjennast av emneansvarleg.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

PhD-studentar får karakteren bestått/ikkje bestått

Læremiddelomtale

Studentar vel i samarbeid med emneansvarleg ut eit pensum tilsvarande 1000 sider. Delar av pensum kan vere programvare eller liknande.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no