Gå til innhold
English A A A
Emne ENG122

Amerikansk litteratur og kultur

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp Ein kan ikkje få utteljing for både ENG122 og ENG122L.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet gir ei allmenn historisk innføring i amerikansk litteratur, kultur, og samfunnsutvikling.

Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen og samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført studium av ENG122 skal studentane

- ha ei grunnleggjande forståing av amerikansk litteratur og kultur i ein historisk kontekst

- ha ei meir inngåande forståing av dei ulike pensumtekstane frå 1600-talet og fram til i dag, både når det gjeld dominerande trekk og idear i den tidsperiode dei tilhøyrer og når det gjeld meir gjennomgåande tankar om USA som nasjon og kultur

- ha ei forståing av det som karakteriserer dei ulike litterære genrane studiet omfattar, så som roman, novelle, dikt, skodespel og ikkje-skjønnlitterære tekstar

- kunne forstå og diskutera tekstar frå eit litteratur- og kulturteoretisk perspektiv

- kunne uttrykkja seg akademisk på skriftlig og munnleg engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Engelsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande B2 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Fagleg overlapp

Ein kan ikkje få utteljing for både ENG122 og ENG122L.

Undervisning og omfang

Førelesning: 2 x 2 timer pr. veke. Totalt 48

Grupper: 2 x 1 time pr. veke. Totalt 24

Obligatoriske arbeidskrav

I tilknyting til seminara skal studentane skrive ei rettleidd skriftleg oppgåve, som må vera godkjend for at studenten kan gå opp til eksamen i emnet (sjå Vurderingsformer). Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 1200 og 1500 ord (svarar til 3-4 sider), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med den skriftlege oppgåva. Rettleiinga blir gitt i tilknyting til seminarundervisninga, og føreset at studentane følgjer denne. Studentane vel oppgåve å arbeida med frå utarbeidde oppgåvealternativ og retningsliner, og dei skal levera utkast til oppgåva til fastsett tid og møte til rettleiing etter retningsliner fastsette av instituttet og faglæraren. Studentar som ikkje har oppfylt krava om rettleiing og fått godkjent oppgåva innan den fastsette fristen, får ikkje gå opp til heimeeksamen.

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen kvart semester: på slutten av haustsemesteret og midt i vårsemesteret.

Studentane får karakter i emnet på grunnlag av ein skriftleg skoleeksamen midt i semesteret og ein heimeeksamen som kvar tel 50 %. Studenten må ha ståkarakter i båe vurderingsdelane. Båe vurderingsdelane må vere greidde i same semester.

Skoleeksamen er ein to timars eksamen midt i semesteret der studenten vert prøva i pensum frå den første halvdelen av emnet. Dato for eksamen vert oppgitt i byrjinga av semesteret. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skuleeksamen.

I slutten av semesteret er det ein sju dagars heimeeksamen over oppgitt tema. Heimeeksamen skal vera på mellom 2200 og 2500 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.

For å kunna ta heimeeksamen, må studentane ha greidd skuleeksamen og fått godkjent den skriftlege oppgåva, inkl. oppfylt krava til rettleiing (sjå Obligatoriske arbeidskrav).

I vårsemesteret er eksamen ein 5 timars skoleeksamen. For å kunna ta skuleeksamen, må studentane ha fått godkjent den skriftlege oppgåva, inkl. oppfylt krava til rettleiing (sjå Obligatoriske arbeidskrav).

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Pensum omfattar litterære periodar, historiske hendingar og representative tekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa frå 1600-talet til våre dagar.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no