Amerikansk litteratur og kultur for lærarstudentar
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet gir ei allmenn historisk innføring i amerikansk litteratur, kultur, og samfunnsutvikling.
Studiet har som mål å gi auka kunnskap om mangfaldet i amerikansk kultur i eit historisk perspektiv, og dessutan forståing av grunnleggjande premissar for utviklinga av litteraturen og samfunnet. Studiet skal òg utvikle evna til å uttrykkje seg skriftleg og munnleg på engelsk
Læringsutbyte/resultat
Etter fullført studium av ENG122L skal studentane
- ha ei grunnleggjande forståing av amerikansk litteratur og kultur i ein historisk kontekst
- ha ei meir inngåande forståing av dei ulike pensumtekstane frå 1600-talet og fram til i dag, både når det gjeld dominerande trekk og idear i den tidsperiode dei tilhøyrer og når det gjeld meir gjennomgåande tankar om USA som nasjon og kultur
- ha ei forståing av det som karakteriserer dei ulike litterære genrane studiet omfattar, så som roman, novelle, dikt, skodespel og ikkje-skjønnlitterære tekstar
- kunne forstå og diskutera tekstar frå eit litteratur- og kulturteoretisk perspektiv
- kunne uttrykkja seg akademisk på skriftlig og munnleg engelsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Opptak på integrert lærarutdanning med engelsk.
Ein kan ikkje få utteljing for både ENG122 og ENG122L.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar.
Undervisning og omfang
Førelesning: 2 x 2 timer pr. veke. Totalt 48
Grupper: 2 x 1 time pr. veke. Totalt 24
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
Det blir arrangert eksamen i 122L kvart semester.
Studentane får karakter i emnet på grunnlag av ein skriftleg skoleeksamen midt i semesteret og ein heimeeksamen som kvar tel 50 %.
Skoleeksamen er ein to timars eksamen midt i semesteret der studenten vert prøva i pensum frå den første halvdelen av emnet. Dato for eksamen vert oppgitt i byrjinga av semesteret. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved skuleeksamen.
I slutten av semesteret er det ein sju dagars heimeeksamen over oppgitt tema. Heimeeksamen skal vera på mellom 2000 og 2300 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna.
Studentane blir ikkje prøvde i den delen av pensumet som går vekk i forbindelsen med skulebesøket (normalt veke 40).
For å kunne ta heimeeksamen, må studentane ha greidd skuleeksamen.
I vårsemesteret er eksamen ein 5 timars skoleeksamen.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum gir ei allmenn innføring i amerikansk litteratur og kultur gjennom historia og omfattar tekstar innan skjønnlitteratur og sakprosa.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no