Gå til innhold
English A A A
Emne FARM236

Lækjemiddelkjemi

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp Ingen
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Kurset omfattar dei viktigaste lækjemidla og lækjemiddelgruppene sin kjemi: tredimensjonale konfigurasjon, syntese, metabolisme og stabilitet. Vidare blir samanhengen mellom tredimensjonal struktur av lækjemidlet og biologisk aktivitet vektlagt. Kurset skal vidare tene som grunnlag for farmakologi og galenisk farmasi.

 

 

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet FARM236 vil studenten ut frå strukturformelen til ei sambinding kunne:

- gjere greie for sannsynleg bruk (lækjemiddelgruppe)

- gjere greie for verknadsmekanisme

- diskutere moglege bindingsinteraksjonar med biologiske makromolekyl

- drøfte eigenskapar som stabilitet og vassløysingsevne

- drøfte absorpsjon, distribusjon, metabolisme, eliminasjon og toksisitet

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi eller Masterprogram i farmasi for reseptarar eller ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.

 

Krav til forkunnskapar

FARM130/KJEM130 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

FARM150 eller tilsvarande

Fagleg overlapp

Ingen

Undervisning og omfang

Førelesingar/ 4 timar pr veke

Førelesingar/ 13 veker

Førelesingar/ 52 timar totalt

 

Kollokvium/ 2 timar pr veke

Kollokvium / 12 veker

Kollokvium / 24 timar totalt

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4 t). Dersom det er få deltakarar kan det bli munnleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ ansvarleg finn du på Mi side, kontakt eventuelt studierettleiar på Kjemisk institutt.