Introduksjon til teoretisk filosofi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Filosofi blir ofte delt inn i på den eine sida teoretisk og den andre sida praktisk filosofi. Til teoretisk filosofi reknar ein gjerne slike område som kunnskapsteori, metafysikk, ontologi, logikk, vitskapsfilosofi og sinnsfilosofi. Men skiljet mellom teoretisk og praktisk filosofi er ikkje alltid skarpt, det er heller ikkje uomstritt, og problemstillingar innanfor teoretisk filosofi er ofte relevante for spørsmål i praktisk filosofi. Difor er det viktig for alle som studerer filosofi å ha kjennskap til teoretisk filosofi, også om dei i det vidare studiet vel å konsentrere seg om praktisk filosofi.
FIL125 skal gje studentane eit oversyn over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i teoretisk filosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor teoretisk filosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelor-nivå.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i teoretisk filosofi.
Dugleik:
Studentane skal kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande problemstillingar og argument innan teoretisk filosofi i ulike samanhengar.
Kompetanse:
Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også være eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. FIL125 bør takast i samband med eller etter FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida) og FIL121 (Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet)
Undervisning og omfang
Undervisninga har form av av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Gruppevis munnleg innlegg på seminar.
Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.
Vurderingsformer
Studentane skal ha ei heimeeksamen på fire dagar. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc).
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Læremiddelomtale
Pensum er innføringsverk og utvalde tekstutdrag.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no