Gå til innhold
English A A A
Emne GEOF110

Innføring i atmosfærens og havets dynamikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår (Obs, planlagt i gul fargekode)
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet gjev ei grunnleggjande innføring til dynamikken i atmosfæren og havet. Utgangspunktet for emnet er konservering av masse og rørslemengd og likningane som følgjer frå dette, uttrykt i både ikkje-roterande og roterande koordinatsystem. Fysisk tolking av likningane vert gjeven og forenkla uttrykk vert nytta for å forklare, forstå og rekna på, i hovudsak, storskala og fri rørsle i atmosfæren og i havet.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- utleie dei grunnleggjande likningane for rørsla i atmosfæren og havet

- nytta ulike versjonar av ikkjeroterande og roterande koordinatsystem for å rekna på rørsla i atmosfæren og havet

- utleie likningane for geostrofisk vind/straum og termalvind, og nytte ulike variasjonar av desse uttrykka på storskala og synoptiske system i atmosfæren og i havet

- berekne den grunnleggjande effekten av friksjon på rørsla i atmosfæren og i havet

- nytte fysiske prinsipp til å forklare den storskala, globale atmosfære- og havsirkulasjonen

- utleie og nytta dei grunnleggjande uttrykka for Ekman- og Sverdrupdynamikk i havet

- utleie og nytta uttrykk for grunnleggjande gravitasjon-, Rossby- og Kelvinbølgjer i atmosfære og hav

Undervisningssemester

Vår (Obs, planlagt i gul fargekode)

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT112, MAT131, MAT212, PHYS111

Vurderingsformer

Midtvegseksamen, skriftleg, 2 timar; tel 20% av sluttkarakteren. Slutteksamen, skriftleg, 4 timar; tel 80% av sluttkarakteren og må vere bestått. Må ha deltatt på midtvegseksamen for å få gå opp til eksamen. Dersom færre enn 10 påmeldte, kan det bli munnleg eksamen.

Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Matematisk formelsamling og kalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@gfi.uib.no