Gå til innhold
English A A A
Emne INFO103

Informasjon og kunnskap

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 5
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Kurset gjev eit oversyn over ulike tilnærmingar til informasjonsomgrepet, korleis informasjon og kunnskap vert modellert i ulike vitskaplege disiplinar, samt relaterte omgrep som data, kunnskap, språk, logikk og sannsyn. Målet er å gje studentane ei forståing av kva informasjon er. Dette skjer på eit breitt vitskapleg grunnlag og gjev ein kontekst for spesialisering i informasjonsvitskap.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

  • greie ut om kva ein meiner med informasjon.
  • demonstrere overordna kunnskap om ulike måtar å modellere og analysere informasjon.
  • gjere greie for kva rolle informasjonsomgrepet spelar i ulike fagdisiplinar.
  • gje att dei vanlegaste måtane for å modellere informasjon.
  • demonstrere ei grunnleggjande forståing av relaterte modellar og omgrep frå fleire ulike fagdisiplinar.

Undervisningssemester

Vår

Eksamenssemester

Vår/Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for informasjons- og medievitskap

Krav til studierett

Ope for studentar ved UiB

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Forelesingar (16-20 timar), Øvingar (16-20 timar)

Obligatoriske arbeidskrav

To beståtte innleveringsoppgåver.

Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 3 timar

Karakterskala

Bokstavkarakterar (A-F)

Emneevaluering

Kurset blir evaluert kvart tredje år og av forelesar kvart år.

Kontaktinformasjon

studieveileder@info.uib.no