Grunnkurs i programmering
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | Emnet gjev 10 studiepoeng reduksjon saman med INF100.
|
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet gjev innføring i objektorientert teori og programmering. Studentane skal læra å skriva enkle program i Java, og å forstå grunnleggande omgrep i eit moderne programmeringsspråk.
Emnet gjev ei praktisk innføring i objektorientert programmering ved bruk av programmeringsspråket Java. Emnet omfattar utforming av klassar, klassehierarki, objekt og samspel mellom objekt. Ein får også innføring i bruk av Javas klassebibliotek, modellering, utforming av grafiske brukargrensesnitt og bruk av program til simulering.
Emnet er spesielt tilpassa studentar utan realfagleg bakgrunn, og i undervisninga nyttar ein utviklingsverktøyet BlueJ, som er særskilt utvikla for innføringskurs i programmering.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne
- gjere greie for sentrale omgrep innan objekt-orientert programmering og korleis desse vert realisert i eit moderne programmeringsspråk.
- greie ut om eksekvering og datalagring i objekt-orienterte program.
- forklare objekt-orienterte prinsipp og bruke desse i enkel programutvikling.
- skrive einingstestar for å demonstrere at programmet oppfører seg korrekt.
- demonstrere erfaring med bruk av programmeringsomgrep og programmeringskonstruksjonar.
- demonstrere erfaring med verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program.
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Vår/haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Ope
Tilrådde forkunnskapar
INFO100 eller tilsvarande.
Fagleg overlapp
Emnet gjev 10 studiepoeng reduksjon saman med INF100.
Undervisning og omfang
Førelesingar, labøvingar og oppgåveløysing (normalt 2 timar forelesing og 4 timar datalab i ca. 10 veker).
Obligatoriske arbeidskrav
Løysing av obligatoriske oppgåver.
Obligatoriske oppgåver må gjerast og godkjennast i undervisningssemesteret. Dei er gyldige berre eitt semester utover det semesteret dei har blitt godkjende.
Vurderingsformer
4 timars karaktersett skriftleg eksamen.
Karakterskala
Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar kvart 3. år, av faglærer kvart år.
Kontaktinformasjon
studieveileder@info.uib.no