Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i språkvitskap

ingressbilde

Introduksjon

Finst det grenser for kor ulike språk kan vere? På yupik kan ein seie «han ønskjer å skaffe seg ein stor båt» berre med eitt einaste bøygd ord, medan kinesisk ikkje har bøying i det heile. Korleis kan ein beskrive så ulike språk med dei same omgrepa? Korleis kan born lære så kompliserte system på mindre enn tre år?

Kva skal til for å omforme tale automatisk til korrekt skriftleg norsk? Korleis kan du med eit tastetrykk omforme ein norsk tekst til forståeleg engelsk? Slike og liknande spørsmål opptek faga allmenn lingvistikk og datalingvistikk.

I bachelorstudiet i språkvitskap kan du fordjupe deg i desse og andre spørsmål som har med menneskeleg språk å gjere. Du får ei innføring i omgrep for å beskrive ulike språk, ei lita innføring i eit språk som står fjernt frå norsk, lære om samanhengen mellom språk og menneskeleg forståing og tankeverksemd, og ei innføring i korleis språk kan analyserast automatisk med ei datamaskin.

Visste du at ...

Litt avhengig av korleis du tel, er det omlag 6000 språk i verda. Omlag 1500 av desse språka finst konsentrert på Papua New Guinea og i Indonesia. Heile 96 prosent av språka i verda blir snakka av berre 4 prosent av verdas folk. Grovt rekna døyr 25 språk ut kvart år.

Studievegar

Bachelor (3 år)

I det treårige studiet kan du velje mellom ei spesialisering i allmenn lingvistikk og ei spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi, der fleire emne er felles. Det er godt mogleg å kombinere fordjupingane i dette programmet med emne frå andre språkfag, frå datavitskap eller frå kognitiv psykologi.

Master

Etter bachelorprogrammet i språkvitskap kan du ta eit toårig masterprogram i allmenn lingvistikk eller eitt i datalingvistikk og språkteknologi. Bachelor-programmet kvalifiserer også for opptak til masterprogrammet i logopedi.

Forsking

Fagmiljøet bak bachelorprogrammet i språkvitskap driv forsking og utvikling på fleire område. Det forskar blant anna på automatisk omsetting mellom språk og på fagspråk. Miljøet driv med utvikling av datamaskinelle grammatikkar, blant anna ein som gjer det mogleg å analysere norsk automatisk. Fagmiljøet arbeider òg med utvikling av store databasar av analysert tekst som gjer det mogleg å samanlikne språk presist og lage dataprogram for omsetting.

Sjå også desse studia

Framandspråk, nordisk, kognitiv vitskap, datavitskap, informasjonsvitskap.

Utveksling

Som del av graden kan du studere eitt eller to semester i utlandet. UiB har mange avtaler med universitet over heile verda. For studentar som tek språkvitskap kan det vere interessant å reise mellom anna til Nederland.

Yrkesvegar

Bachelorprogrammet i språkvitskap gir eit godt teoretisk grunnlag for å arbeide med språk i ulike samanhengar. Ein kan arbeide med språk innanfor forsking og undervisning eller andre felt der språk står sentralt, for eksempel: forlagsarbeid med ordbøker og fagbøker; omsettingsarbeid og språkleg rådgiving; reklamebransjen/informasjonsbransjen; og offentleg forvalting. Vidare kan ein utdanne seg til logoped gjennom å velje masterstudiet i logopedi som påbygging. Bachelorprogrammet i språkvitskap er det einaste programmet ved fakultetet som kvalifiserer for denne påbygginga. Ved påbygging til mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i språkvitskap.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Kvar haust

Mål og innhald

Bachelorpgrogrammet i språkvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (exphil og exfac), 90 studiepoeng med spesialisering og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.

I bachelorprogrammet i språkvitskap kan studentane velje mellom spesialisering i faga allmenn lingvistikk eller datalingvistikk og språkteknologi.

Allmenn lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturfenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda.

Datalingvistikk handlar også om menneskeleg språk og språkbruk, men utforskar dette med hjelp av datamaskinelle metodar, det vil seie teoriar og modellar med røter i informatikk, logikk, matematisk lingvistikk og informasjonsteoretiske prinsipp. Datalingvistikken er særleg oppteken av dei prosessane som ligg bak språkforståing og språkproduksjon.Det er eit grunnforskingsfelt som både kan gi psykolingvistisk innsikt i korleis mennesket behandlar språk og gi grunnlag for språkteknologiske applikasjonar. Difor går faget hand i hand med språkteknologi, som har ei rekkje bruksområde, t.d. i naturleg-språkleg kommunikasjon mellom menneske og maskin (i samband med databasar og ekspertsystem), i informasjonssøkingssystem, tekstbehandlingssystem, system for automatisert omsetjing, språkpedagogiske hjelpemiddel og hjelpemiddel for funksjonshemma.

Siktemålet med bachelorprogrammet i språkvitskap er å bringe studentane sine kunnskapar i språkvitskap opp på eit nivå som gir ein nyttig basis for vidare studium og kvalifiserer for meir sjølvstendig deltaking i forsking innanfor lingvistikk, datalingvistikk og språkteknologisk utvikling. Språkvitskap har også tverrfagleg relevans, særleg for studentar på språkrelaterte fag, t.d. språkfaga, andre humanistiske fag, logopedi, informasjonsvitskap o.l.

Læringsutbyte

Studentar med bachelorgrad i språkvitskap skal

  • ha fått innsyn i dei sentrale greinene av synkron lingvistikk, med deira problemstillingar og metodar: fonologi (læra om lydsystem), morfologi (læra om ordbøying og orddanning), syntaks (læra om setningsbygning), semantikk (læra om språkleg meining)
  • med spesialisering i lingvistikk, ha fått innsyn i historiske og typologiske samanhengar mellom språk
  • med spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi, ha oppnådd ein grunnleggjande dugleik i programmering for å skrive og modifisere enklare program for språkprosessering
  • ha lært å bruke korpuslingvistiske verktøy
  • kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Bachelorprogrammet i språkvitskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):

 

  • EXPHIL Examen philosophicum (10 stp)
  • EXFAC00AK Akademisk skriving (10 stp)
  • EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 stp) eller
  • EXFAC00TK Tekst og kultur (10 stp)

 

Språk og kommunikasjon er tilrådd.

 

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.

Obligatoriske emne

Studentane har valet mellom to alternative spesialiseringar:

 

  1. Datalingvistikk og språkteknologi
  2. Allmenn lingvistikk

 

Kvar spesialisering er på 90 studiepoeng, dvs. til saman tre semesters studium.

 

Datalingvistikk og språkteknologi

I ei slik spesialisering er dei følgjande emna, eller tilsvarande emne frå andre lærestader, obligatoriske: LING111, LING114, LING116, LING120, LING122, MNF130, DASP106, DASP107, INFO132, DASP109 og DASP252.

 

Desse emna skal også inngå i opptaksgrunnlaget for mastergraden.

 

100-nivået:

 

LING111 / Syntaks (10 stp)

LING114 / Særspråk (5 stp)

LING116 / Semantikk (10 stp)

LING120 / Morfologi (5 stp)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)

MNF130 / Diskrete strukturar (10 stp)

 

200-nivået:

 

DASP252 / Datalingvistisk fordjupningsemne: Aktuelle tema innan datalingvistikk (15 stp)

INFO132 / Grunnkurs i programmering (10 stp) 

DASP109 / Språk på verdsveven (5 stp)

 

Allmenn lingvistikk

I ei slik spesialisering er dei følgjande emna, eller tilsvarande emne frå andre lærestader, obligatoriske:

LING111, LING116, LING120, LING121, LING250.

 

Desse emna skal også inngå i opptaksgrunnlaget for mastergraden.

 

Dei 40 studiepoenga frå dei andre emna - LING114, LING122, DASP106, DASP107 og NOLING221/NOSP251 - kan utgjerast av emne frå andre fag etter avtale med instituttet.

 

100-nivået:

 

LING111 / Syntaks (10 stp)

LING114 / Særspråk (5 stp)

LING116 / Semantikk (10 stp)

LING120 / Morfologi (5 stp)

LING121 / Fonologi (10 stp)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 stp)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)

 

 

200-nivået:

 

NOLING221/NOSP251 / Nordisk : Språkleg variasjon og endring (15 stp)*

LING250 / Språktypologi med bacheloroppgåve (15 stp)

 

*NOLING221 og NOSP251 har same undervisning men ulike krav til eksamen. NOSP251 inneheld eit målformskrav, NOLING221 har ikkje noko krav om ei bestemt målform. Begge kan inngå i ei spesialisering i allmenn lingvistikk, men berre NOSP251 kan inngå i ei spesialisering i nordisk.

 

Graden må, uavhengig av kva spesialisering som er valt, innehalde sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i språkvitskap har 60 frie studiepoeng. Det er ingen spesielle føringar knytte til dei frie studiepoenga, og studentane vel sjølve kva fag og emne dei vil ta i tillegg til spesialiseringa.

Rekkefølgje for emne i studiet

Datalingvistikk og språkteknologi

 

Tilrådd progresjon:

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret. (30 stp)

 

2. semester:

LING111 / Syntaks (10 stp)

LING114 / Særspråk

LING120 / Morfologi (5 stp)

MNF130 / Diskrete strukturar (10 stp)

 

3. semester:

LING116 / Semantikk (10 sp)

LING122 / Språk og kognisjon (10 sp)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 sp)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 sp)

 

4. semester:

DASP252 / Datalingvistisk fordjupningsemne: Aktuelle tema innan datalingvistikk (15 sp)

INFO132 / Grunnkurs i programmering (10 sp)

DASP109 / Språk på verdsveven (5 sp)

 

5. og 6. semester:

60 frie studiepoeng.  

 

 

Allmenn lingvistikk

Tilrådd progresjon:

Studiet startar med innføringsemna i det første semesteret. (30 stp)

 

2.semester:

LING111 / Syntaks (10 stp)

LING120 / Morfologi (5 stp)

LING121 / Fonologi (10 stp)

LING114 / Særspråk (5 stp)

 

3. semester:

LING116 / Semantikk (10 stp)

LING122 / Språk og kognisjon (10 stp)

DASP106 / Statistikk for kognisjonsforskning (5 sp)

DASP107 / Innføring i språk og data (5 stp)

 

4. semester:

LING250 / Språktypologi med bacheloroppgåve (15 sp)

NOLING221/NOSP251 / Nordisk: Språkleg variasjon og endring (15 sp)

 

5. og 6. semester:

60 frie studiepoeng

 

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Ein kan ta delar av bachelorutdanninga som utvekslingsstudent i eit anna land. Ein kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det blinytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for videre studium

Bachelorprogrammet i språkvitskap kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i allmenn lingvistikk eller masterprogrammet datalingvistikk og språkteknologi alt etter kva spesialisering studenten har valt. Bachelorgrad i språkvitskap med spesialisering i lingvistikk er vidare det einaste HF-studiet som gir opptaksgrunnlag for masterstudiet i logopedi. Emna innan programmet eignar seg også godt for studentar som ønskjer å skrive språkleg masteroppgåve innanfor eitt av språkfaga.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i språkvitskap kan gi grunnlag for arbeid med forsking og undervisning, og for arbeid innanfor andre felt der språk står sentralt: forlagsarbeid, til dømes i arbeid med ordbøker og fagbøker; omsetjingsarbeid og språkleg rådgjeving; reklamebransjen/informasjonsbransjen, der språk og språkvasking er viktige arbeidsområde; offentleg forvalting; logopedi.

Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i språkvitskap.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

Antall studieplasser

20

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.

Læringsutbyte

Studentar med bachelorgrad i språkvitskap skal

  • ha fått innsyn i dei sentrale greinene av synkron lingvistikk, med deira problemstillingar og metodar: fonologi (læra om lydsystem), morfologi (læra om ordbøying og orddanning), syntaks (læra om setningsbygning), semantikk (læra om språkleg meining)
  • med spesialisering i lingvistikk, ha fått innsyn i historiske og typologiske samanhengar mellom språk
  • med spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi, ha oppnådd ein grunnleggjande dugleik i programmering for å skrive og modifisere enklare program for språkprosessering
  • ha lært å bruke korpuslingvistiske verktøy
  • kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.

Oppbygging

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i allmenn lingvistikk eller datalingvistikk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.

Under ser du eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.

Semester Innhald Studiepoeng

1. semester Examen philosophicum og
Examen facultatum 30

2. semester Spesialisering 30

3. semester Spesialisering 30

4. semester Spesialisering 30

5. semester Valfrie emne 30

6. semester Valfrie emne 30

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar@hf.uib.no

55 58 93 70

BAHF-SPRKV/Bachelorprogram i språkvitenskap
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Studentane har valet mellom to alternative spesialiseringar:
a) Datalingvistikk og språkteknologi b) Allmenn lingvistikk
Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP)
Bachelorprogrammet i språkvitenskap skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):



EXPHIL Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS)
EXFAC00AS Akademisk skriving
EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (tilrådd) eller
EXFAC00TK Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM - seminarvariant eller EXFAC00TKEKS - eksamensvariant)

Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne.

  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving 10 1-6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-HFEKS Examen philosophicum - skuleeksamen 10 1-6
EXPHIL-HFSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXFAC00SK Examen facultatum, Språk og kommunikasjon 10 1-6
EXFAC00TKEKS Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen 10 1-6
EXFAC00TKSEM Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell 10 1-6
Spesialisering
Spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi (krav: 90 SP)
Anbefalt spesialisering i datalingvistikk og språkteknologi f.o.m. høsten 2011:
2. semester: LING111, LING114, LING120 og MNF130
3. semester: DASP106, DASP107, LING116 og LING122
4. semester: DASP252, INFO132 og DASP109
    Minst 90 studiepoeng
Emnekode Emnetittel SP S A
LING111 Syntaks 10 1
LING114 Særspråk 5 1
LING120 Morfologi 5 1
MNF130 Diskrete strukturar 10 1
DASP106 Statistikk og kognisjonsforskning 5 1
DASP107 Innføring i språk og data 5 1
LING116 Semantikk 10 1
LING122 Språk og kognisjon 10 1
DASP252 Datalingvistisk fordjupningsemne: Aktuelle tema innan datalingvistikk 15 1
DIKULT100 Nettbasert kommunikasjon og publisering - 1
INFO132 Grunnkurs i programmering 10 1
DASP101 Programmering og søkestrategiar - 1
DASP104 Automatisk analyse av språk - 1
DASP108 Språk og data - 1
DASP109 Språk på verdensveven 5 1
DASP201 Grammatikkar og datalingvistiske verktøy - 1
DASP250 Semantisk og pragmatisk prosessering med bacheloroppgåve - 1
DASP251 Leksikon og ordnett - 1
LING118 Språk og kognisjon - 1
LING121 Fonologi 10 1
Spesialisering i allmenn lingvistikk (krav: 90 SP)
Anbefalt spesialisering i allmenn lingvistikk f.o.m. høsten 2011:
2. semester: LING111, LING114, LING120 og LING121
3. semester: LING116, LING122, DASP106 og DASP107
4. semester: NOSP251/NOLING221 og LING250
    Minst 90 studiepoeng
Emnekode Emnetittel SP S A
LING111 Syntaks 10 1
LING114 Særspråk 5 1
LING116 Semantikk 10 1
LING122 Språk og kognisjon 10 1
LING120 Morfologi 5 1
LING121 Fonologi 10 1
DASP106 Statistikk og kognisjonsforskning 5 1
DASP107 Innføring i språk og data 5 1
LING250 Språktypologi med bacheloroppgåve 15 1
NOSP251 Nordisk: Språklig variasjon og endring med bacheloroppgåve 15 1
NOLING221 Nordisk: Språkleg variasjon og endring 15 1
DASP108 Språk og data - 1
LING119 Lingvistiske klassikarar - 1
LING203 Diakron lingvistikk og sosiolingvistikk - 1
LING204 Typologi - 1
LING118 Språk og kognisjon - 1
Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utveksling 1 semester - -
Utveksling 1/2 semester - 15 stp - -
Utveksling 2 semester - -