Nye medier: produksjon og analyse
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | Det er fullt overlapp mellom MEVI171 og INFOMEVI171 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studentane skal styrkje sine kunnskapar og ferdigheiter i analyse og produksjon av nye medier. Studentane skal vere i stand til å produsere multimodalt innhald og distribuere dette på høvelig vis på Internett, og ved hjelp av andre teknologiar.
Emnet tek føre seg korleis ein kan produsere innhald til digitale medier og korleis dette kan gjerast tilgjengelig og distribuerast, med særskild vekt på Internett og web. Det vert fokusert på både tekniske og estetiske aspekt ved produksjon og analyse av digitale medier. Det blir også gitt opplæring i ulike teknologiar.
Læringsutbyte/resultat
Etter avslutta emne kan kandidaten
- bruka filmkamera, stillskamera, mikrofon, og relevant programvare
- gjennomføra ein praktisk produksjon av audiovisuelt materiale for web saman med to eller tre medstudentar
- utføra spesielt kompetent arbeid innafor enten video, lyddesign, webdesign eller programmering
- setja opp ei webside for video- og lydinnhald, og legga ut minst ein video
- anvenda teoretiske innsikter om webdesign, visuell kultur, lyddesign og/eller webdesign på sin eign produksjon
- gjera greie for estetiske prinsipp for video på web
Undervisningssemester
Vår
Eksamenssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitenskap
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar ved bachelorprogramma i film- og tv-produksjon og nye medier.
Tilrådde forkunnskapar
MEVI106/INFOMEVI106 Introduksjon til tv, film og nye medier
Fagleg overlapp
Det er fullt overlapp mellom MEVI171 og INFOMEVI171
Undervisning og omfang
Førelesingar, seminar og produksjonsarbeid i grupper under rettleiing
Obligatoriske arbeidskrav
Deltaking i teknisk opplæring og i praktiske produksjonar.
Vurderingsformer
Mappeevaluering. Innlevert mappe blir vurdert under eitt og gitt karakteren bestått/ikkje bestått.
I mappen skal være:
- en interaktiv produksjon med audiovisuelt innhold
- en analytisk produksjonsrapport om prosjektet.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år
Kontaktinformasjon
studieveileder@media.uib.no