Gå til innhold
English A A A
Emne KUVI103

Etniske relasjonar og konfliktar

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp

KUVI253

Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Fagleg innhald

KUVI103 er eit temabasert humanistisk studium i kulturvitskap som tek utgangspunkt i problemstillingar knytt til etniske konfliktar og migrasjonsrørsler. Det blir lagt særskilt vekt på omgrep som etnisitet, konflikt, migrasjon, multikulturalisme, stad og identitet, diaspora og kulturarv.

Læringsmål

Emnet skal gi studentane innsikt i ulike teoretiske tilnærmingar til feltet etnisitet og etniske konfliktar, samt migrasjon. Studentane skal gjera greie for korleis etniske konfliktar og migrasjonsrørsler kan endra demografiske, økonomiske og sosiale strukturar. Dessutan skal studentane få kunnskap om tilhøvet mellom migrasjonsrørsler og etnisk mangfald.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

Ved fullført emne har studentane fått kunnskap om etniske konfliktar og korleis migrantar lever sine liv på tvers av politiske, sosiale og kulturelle grenser. Dei har òg fått oversyn over migrasjonsprosessar og migrasjonsrørsler i eit fortids- og notidsperspektiv. Emnet gjev òg kunnskap om korleis etniske konfliktar oppstår og bli haldne ved like.

Ferdigheiter

Studentane kan drøfta kulturvitskaplege teoriar og perspektiv knytt til etniske konfliktar, migrasjonsprosessar, migrasjonsrørsler, nasjonalitet og diaspora.

Generell kompetanse

Studentane kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn innafor fagområdet.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB. Eksamen er open for personar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet, sjå: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

KUVI253

Undervisning og omfang

Normalt om lag 10 førelesingar. Undervisinga blir gitt i form av førelesingar og seminar.

Obligatoriske arbeidskrav

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ein 6 timars skuleeksamen.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Læremiddelomtale

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er på 1200 - 1500 sider.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no