Etniske relasjonar og konfliktar - bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | KUVI103 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Læringsmål
Emnet skal gi studentane innsikt i ulike teoretiske tilnærmingar til feltet etnisitet og etniske konfliktar, samt migrasjon. Studentane skal gjera greie for korleis etniske konfliktar og migrasjonsrørsler kan endra demografiske, økonomiske og sosiale strukturar. Dessutan skal studentane få kunnskap om tilhøvet mellom migrasjonsrørsler og etnisk mangfald.
Fagleg innhald
Emnet er eit temabasert humanistisk studium i kulturvitskap som tek utgangspunkt i ulike problemstillingar knytt til etniske konfliktar, og migrasjonsrørsler. Det blir lagt særskilt vekt på omgrep som etnisitet, konflikt, migrasjon, multikulturalisme, stad og identitet, diaspora og kulturarv.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Ved fullført emne har studentane fått kunnskap om etniske konfliktar og korleis migrantar lever sine liv på tvers av politiske, sosiale og kulturelle grenser. Dei har òg fått oversyn over migrasjonsprosessar og migrasjonsrørsler i eit fortids- og notidsperspektiv, samt kunnskap om korleis etniske konfliktar oppstår og blir haldne ved like.
Ferdigheiter
Studentane kan drøfta kulturvitskaplege teoriar og perspektiv knytt til etniske konfliktar, migrasjonsprosessar, nasjonalitet og diaspora. Dei kan òg skriva ein lengre, resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studentane kan diskutera faglege tema innafor kulturvitskapen med andre med bakgrunn innafor fagområdet.
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI253. Vidare rår ein til at bacheloroppgåva vert skriven i 5. eller 6. semester.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar, seminar og rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloroppgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på KUVI103 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no