Kjønn, seksualitet, kultur - bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | KUVI106 |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Læringsmål
Sentrale spørsmål i emnet dreier seg om kulturelle konstruksjonar og iscenesetjingar av kjønn og seksualitetar. Eit læringsmål er at studenten skal kunna analysera kjønn og seksualitet frå eit kulturvitskapleg perspektiv.
Fagleg innhald
Emnet rettar søkjelys på den kulturelle konstruksjonen av kjønn og seksualitetar og søkjer å avdekkja dei kulturelle mønstra som er med å forma individa i lys av tilsynelatande faste kategoriar (mann-kvinne, homo-hetero osv.). Emnet fokuserer på korleis meiningsinnhaldet i kjønns- og seksualitetskategoriane blir produsert, reprodusert og eventuelt endra. Teoretisk vil emnet trekkja vekslar på kulturteori og generell kjønnsteori. Empiriske pensumtekstar omhandlar fenomen henta både frå samtid og historisk tid.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar
Studenten kan analysere kjønn og seksualitet ut frå eit kulturvitskapleg perspektiv i ei sjølvstendig oppgåve.
Ferdigheiter
Studenten har fått trening i å innhenta eit kjeldemateriale, gjera eit avgrensingsarbeid, utvikla presise problemstillingar og å skrive ein lengre, sjølvstendig resonnerande tekst.
Generell kompetanse
Studenten kan kommunisera om faglege tema med andre med bakgrunn innan fagområdet.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Institutt
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
Krav til studierett
Emnet er opent for studentar med studierett på UiB.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Instituttet rår til at ein har teke eksamen i KUVI 101, KUVI 102, samt to sjølvvalde kulturvitskapsemne før ein tek til på KUVI256. Vidare rår ein til at bacheloroppgåva vert skriven i 5. eller 6. semester.
Fagleg overlapp
Undervisning og omfang
Undervisning blir gitt i form av forelesingar og rettleiing.
Obligatoriske arbeidskrav
Studentane skal i arbeidsprosessen levera bacheloropgåva i minimum to utkast til fastsette tidspunkt. Det første utkastet skal innehalda ei skisse av temaet, førebels disposisjon og kort utgreiing om relevant litteratur. Dette utkastet er basis for diskusjon mellom rettleiar og student.
Pensumlista skal godkjennast av faglærar og leverast saman med den endelege oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i eitt semester etter det undervisningssemesteret dei vart godkjende.
Vurderingsformer
Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med ein justerande munnleg eksamen. Bacheloroppgåva skal ha eit omfang på 5000 - 6000 ord. Framstillinga skal vera dokumentert med tilvisingar til litteratur og kjelder.
Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Læremiddelomtale
Pensum er på 1200 - 1500 sider. Studenten leverer saman med bacheloroppgåva inn ei pensumliste der halvparten av litteraturen er henta frå pensumlista på KUVI106 og halvparten er sjølvvald. Lista skal vera godkjend av faglærar.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Studentane vil med jamne mellomrom bli inviterte til å evaluera emnet.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar@ahkr.uib.no