Gå til innhold
English A A A
Emne MUV310

Konsertframføring I

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Høst
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emne har som mål å vidareutvikle studentens utøvande erfaring og kompetanse og består av to delar:

 

1. Studenten skal arbeide fram mot ein eigen konsert. Repertoaret kan innehalde både soloverk og kammermusikk. Dersom tilhøva ligg til rette for det, kan MUV310 eller MUV311 gjennomførast i eit orkester eller ensemble på høgt profesjonelt nivå. Dette må avtalast med rettleiar i hovedinstrument og programkoordinator. Dei eigne konsertane i MUV310 og MUV311 kan alternativt slåast saman til ein konsert på minst 70 minutt (2 x 35 minutt) i vårssemesteret (normalt 2. semester).

 

2. Studenten deltek i instrumentale fellestimar, ensembleaktivitetar (orkesterpraksis, sinfonietta, kammerorkester m.m.) og prosjekt i instituttets regi. Planar for dette vil føreligge ved oppstart av kvart semester.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal kunne:

  • vise sjølvstende i arbeid med innstudering av eit repertoar
  • realisere og formidle sine musikalske intensjonar på eit høgt instrumentalt/vokalt nivå
  • evne å arbeide interaktivt i ei instrumental- eller vokal gruppe, og utøve samspel på eit høgt nivå

Undervisningssemester

Høst

Undervisningsspråk

Det vil bli brukt både norsk og engelsk i undervisninga. Individuell rettleiing vil bli gitt på norsk eller engelsk etter behov. Undervisning i seminarform/gruppe vil, avhengig av den språklege samansetninga av studentgruppa, gå føre seg på norsk eller engelsk.

Studienivå

Master

Krav til studierett

Opptak til Masterprogram i utøvende musikk eller komposisjon.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisning og omfang

Studenten får individuell rettleiing av rettleiar i hovudinstrument (og eventuell akkompagnatør) gjennom heile semesteret. Undervisninga i gruppe blir eventuelt gitt av andre instrumental/vokal-lærerarar eller leiarar (dirigentar) av ensemble/orkester.

Obligatoriske arbeidskrav

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to semester etter ordinært eksamenssemester.

  • Rettleiing i utøving/komposisjon

Fellesundervisning (ensemble, fellestimar m.m.)

Vurderingsformer

Ein konsert på minst 35 minutt vert halden i løpet av semesteret. Studenten skal ikkje tidlegare ha brukt repertoaret på eksamen.

Konserten vert vurdert av minst to interne sensorar, der den eine normalt er rettleiar i hovudinstrumentet.

 

Studenten må på eige skjema søkje om avvikling av MUV310/MUV311 seinast 3 veker før konserten. Konsertstad, konsertdato og repertoar skal godkjennast av rettleiar i hovudinstrument. Lydfesta opptak frå konsert (for eksempel i eit anna land) kan i særleg høve gjelde som vurderingsgrunnlag. Dette må godkjennast av rettleiar i hovudinstrument og programkoordinator.

Karakterskala

Greidd eller ikkje greidd.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen og studenten.

Kontaktinformasjon

Griegakademiet ¿ Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no