Konsertframføring II
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet har som mål å vidareutvikle studentens utøvande erfaring og kompetanse, og består av to delar:
1. Studenten skal arbeide fram mot ein eigen konsert. Repertoaret kan innehalde både soloverk og kammermusikk. Dersom tilhøva ligg til rette for det, kan MUV310 eller MUV311 gjennomførast i eit orkester eller ensemble på høgt profesjonelt nivå. Dette må avtalast med rettleiar i hovedinstrument og programkoordinator. Dei eigne konsertane i MUV310 og 311 kan alternativt slåast saman til ein konsert på minst 70 minutt (2 x 35 minutt) i vårssemesteret (normalt 2. semester).
2. Studenten deltek i instrumentale fellestimar, ensembleaktivitetar (orkesterpraksis, sinfonietta, kammerorkester m.m) og prosjekt i instituttets regi. Planar for dette vil vere utarbeidd ved oppstart av kvart semester.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal kunne:
- vise sjølvstende i arbeid med innstudering av eit repertoar.
- realisere og formidle sine musikalske intensjonar på eit høgt instrumentalt/vokalt nivå.
- evne å arbeide interaktivt i ei instrumental- eller vokal gruppe og utøve samspel på eit høgt nivå.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsspråk
Det vil bli brukt både norsk og engelsk i undervisninga. Individuell rettleiing vil bli gitt på norsk eller engelsk etter behov. Undervisning i seminarform/gruppe vil, avhengig av den språklege samansetninga av studentgruppa, gå føre seg på norsk eller engelsk.
Studienivå
Master
Krav til studierett
Opptak til Masterprogram i utøvende musikk eller komposisjon.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Studenten får individuell rettleiing av rettleiar i hovudinstrument (og eventuell akkompagnatør) gjennom heile semesteret. Undervisninga i gruppe blir eventuelt gitt av andre instrumental/vokal-lærarar eller leiarar (dirigentar) av ensemble/orkester.
Obligatoriske arbeidskrav
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to semester etter ordinært eksamenssemester.
Vurderingsformer
Ein konsert på minst 35 minutt vert halden i løpet av semesteret. Studenten skal ikkje tidlegare ha brukt repertoaret på eksamen. Konserten vert vurdert av minst to interne sensorar, der den eine normalt er rettleiar i hovudinstrumentet.
Studenten må på eige skjema søkje om avvikling av MUV310/MUV311 seinast 3 veker før konserten. Konsertstad, konsertdato og repertoar skal godkjennast av rettleiar i hovudinstrument. Lydfesta opptak frå konsert (for eksempel i eit anna land) kan i særleg høve gjelde som vurderingsgrunnlag. Dette må godkjennast av rettleiar i hovudinstrument og programkoordinator.
Karakterskala
Greidd eller ikkje greidd.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen og studenten.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet ¿ Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no