Spesialemne I for komponistar
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Gjennom emnet skal studenten utvikle eit sjølvstendig kunstnarisk uttrykk på høgt nivå, og få utvikle spesialiseringa si gjennom høveleg teoretisk og praktisk arbeid.
Studenten skal framstille eit større verk eller fleire kortare verk eller satsar for framføring, anten med krefter frå instituttet eller med musikarar utanfrå. Lengd og kompleksitet vert avtalt med faglærar. I samband med arbeidet skal studenten setje seg inn i aktuelle problemstillingar, relevante verk og teknikkar. Når det er mogleg, skal studenten delta aktivt i innstuderinga.
Studenten skal gi ein munnleg presentasjon av dette arbeidet, til dømes i seminarform. Presentasjonen kan dreie seg om eige verk og produksjonsprosess, det kan vera ei utgreiing om relevant bakgrunnslitteratur og verkstudiar, teknikkar som er brukte, og så vidare.
Læringsutbyte/resultat
Studenten skal kunne
- gjennom arbeidet framvise ei sterk kunstnarisk uttrykksevne og utvikling av eit personleg tonespråk
- vise sjølvstende og klare målsettingar i arbeidet med eigne komposisjonar
- realisere og formidle sine musikalske intensjonar på eit høgt kompositiorisk nivå
- kritisk belyse sine eigne kunstnarlege val og løysingar i høve til sentrale stilartar og aktuelle tradisjonar
Undervisningssemester
Haust
Studienivå
Master
Krav til studierett
Opptak til Masterprogram i utøvende musikk eller komposisjon
Krav til forkunnskapar
Ingen
Undervisning og omfang
Studenten får individuell rettleiing av rettleiar i hovuddisiplin.
Obligatoriske arbeidskrav
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i to semester etter ordinært eksamenssemester.
Vurderingsformer
Anten:
Skriftleg semesteroppgåve på ca.10 sider (30.000 tegn +/- 10%), marg 2,5 cm. Times New Roman 12p, linjeavstand 1,5. Illustrasjonar, litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg.
Eller:
Føredrag, varigheit: ca. 30 minutt.
Dersom ein har valt vurderingsforma semesteroppgåve i MUV315, må ein velje foredrag i MUV316. Dersom ein har valt vurderingsforma føredrag i MUV316, må ein velje semesteroppgåve i MUV315.
Vurderinga vert gjort av minst to faglærarar, der den eine normalt er rettleiar i hovuddisiplin.
Karakterskala
Greidd eller ikkje greidd.
Undervisningsstad
Bergen
Emneevaluering
Jamleg evaluering skjer i dialog mellom lærar i hovuddisiplinen og studenten.
Kontaktinformasjon
Griegakademiet ¿ Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no