Gå til innhold
English A A A
Emne NORAN251-L

Andrespråkslæring og -undervisning for integrert lektorutdanning

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vårsemsteret.
Fagleg overlapp NORAN251-L, NORAN104 og NORAN104-F har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet har språklæringsprosessen og språkundervisninga som hovudfokus. Såleis fell det naturleg i to delar, språklæringsteori og andrespråksundervisning, men dei to delane må sjåast på som ein integrert heilskap. Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis språket blir lært, og på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning.

Den språklæringsteoretiske delen av emnet omfattar mange ulike aspekt. Eitt sentralt tema er sjølve gangen i læringsprosessen, dei kognitive, kjenslemessige og sosiale sidene av språklæringa, og skilnader og likskapar mellom å lære språk som førstespråk, andrespråk og framandspråk. Sentralt står også spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, om læringsprosessen følgjer generelle og rigide mønster eller varierer frå individ til individ, t.d. etter kva som er innlæraren sitt førstespråk, og sist, men ikkje minst, om korleis læringsprosessen kan påverkast av ytre stimuli som t.d. undervisning. Språklæringsprosessen vert også sett i samband med sosial og kulturell kontekst.

Den didaktiske delen av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der til dømes den tospråklege situasjonen er eit utgangspunkt. Difor vil emnet gje innsikt i moderne tospråklegheitsteori, t.d. kva det vil seie å vere tospråkleg (eller fleirspråkleg), ulike former for individuell tospråklegheit, både som tilstand og som prosess, og i ulike situasjonar. Den språkdidaktiske delen av pensumet syner korleis språkundervisninga blir implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Hovudvekta i didaktikkpensumet ligg på ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp, medan praktisk metodikk fell utanfor. Hovudfokuset er på Noreg og det norske samfunnet. Både grunnskulen, den vidaregåande skulen og vaksenopplæringa vert omhandla. Emnet skal også gje noko innblikk i kartlegging og vurdering av språkferdigheiter både innanfor og utanfor undervisningssituasjonen.

I studiet inngår grunnleggjande opplæring i analyse av innlærarspråk. Analysen integrerer både språklege og læringsteoretiske problemstillingar, og viser at studenten kan bruke kunnskapen sin til pedagogiske føremål.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullførte emnet skal studenten ha tileigna seg dei læringsteoretiske og didaktiske kunnskapsressursane han treng som språkpedagog, dvs. kunne undervise på ein reflektert, sjølvstendig og medviten måte, og ha så gode språkpedagogiske kunnskapar at han som praktiserande lærar kan nyttiggjere seg desse i undervisninga.

Undervisningssemester

Vårsemsteret.

Undervisningsspråk

Norsk og ev. dansk og svensk.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NOSP102, NOSP103-L

Fagleg overlapp

NORAN251-L, NORAN104 og NORAN104-F har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Undervisning og omfang

Undervisninga er felles med NORAN104.

 

Undervisningstype og -mengd:

Førelesingar 4 timar i veka i om lag 13 veker.

Studentkollokvium med sporadisk lærartilsyn: 2 timar i veka

Samla undervisningsmengd: 52 timar førelesingar og 26 timar kollokvium per student.

 

Dessutan rettleiing på semesteroppgåve.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk å levere utkast til semesteroppgåva og motta rettleiing på den.

Obligatoriske aktivitetar gjeld berre i det semesteret då dei vert gjennomførte.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve.

Semesteroppgåva skal ha eit omfang på 10-15 sider.

 

Målforma på semesteroppgåva vert fastsett ved loddtrekking etter fristen for melding til eksamen.

 

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring.

 

Det vert ikkje arrangert eksamen utanom undervisningssemesteret.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og blir fastsett av instituttet.

Studentane skal leggje opp tre forskjellige mellomspråkstekstar som kan danne grunnlag for eksamen.

 

I samband med analyse av mellomspråkstekstane legg studenten opp kortfatta innføringar i to minoritetspråk i Noreg. Desse språka skal ikkje lærast for praktisk-kommunikative føremål men for å illustrere språklege og læringsteoretiske problemstillingar, og som ein didaktisk reiskap. Både mellomspråkstekstane og dei to minoritetsspråksmonografiane inngår i teoripensumet.

 

I tillegg til teoripensumet skal studenten gjere seg kjend med to læreverk i norsk som andrespråk, eitt for grunnskulen eller den vidaregåande skulen og eitt for vaksenopplæringa.

Han skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningsliner knytte til desse.

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no