Nordisk: Språkbruksanalyse
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår. |
| Fagleg overlapp | NOSP210, NOSP250 og NOSP310 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna. NOSP210-L tilsvarer 2/3 av NOSP210, NOSP250 og NOSP310, slik at utteljinga for NOSP210-L i kombinasjon med eitt av dei andre emna blir 15 stp. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet gjev ei innføring i teori om tekst og språkbruk, særleg knytt til ikkje-litterære tekstar. Det skal gje innsikt i mellom anna tekstbinding, sjangerlære og samanhengen mellom språk og situasjon.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha studert emnet skal studentane kunne utnytte den teoretiske innsikta dei har fått, i praktisk tekstanalyse. Dei skal kunne gjere greie for korleis tekstar heng saman, korleis tekstar grupperer seg i sjangrar, og korleis situasjonskonteksten påverkar tekstutforming og meiningsproduksjon.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsspråk
Norsk og ev. dansk og svensk.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
NOSP102 og NOSP103 eller tilsvarande.
Fagleg overlapp
NOSP210, NOSP250 og NOSP310 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.
NOSP210-L tilsvarer 2/3 av NOSP210, NOSP250 og NOSP310, slik at utteljinga for NOSP210-L i kombinasjon med eitt av dei andre emna blir 15 stp.
Undervisning og omfang
Undervisninga er felles med NOSP250/310 og dels NOSP210-L.
Førelesingar: 1 dobbeltime i veka i 13 veker. Kan delvis ha seminarform.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen.
Vurderingsformer
Skriftleg prøve på 6 timar.
Ingen andre hjelpemiddel er tillatne på den skriftlege prøva enn slike som vert lagde ved eksamensteksten.
Studenten vel målform (bokmål eller nynorsk) sjølv. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala
Karakterskala A-F.
Læremiddelomtale
Pensumet tilsvarer om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Instituttet fastset pensumet.
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no