Gå til innhold
English A A A
Emne NUTR150

Matvarekunnskap

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Vår
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Kurset gir kunnskap om råvarer og matvarer, om deira bruk i matlaging og kva dei har å seie for kosthaldet. Kurset dreier seg og om matvareproduksjon i hushald, storkjøkken og industri; prosessar i næringsmiddelindustrien; næringsstoff i mat og ferdigprodukt; hygiene og mattryggleik; sensorikk og konserveringsmetodar; forsking og utvikling i næringsmiddelindustrien samt lover og reglar som regulerer produksjon og frambod av mat, deklarasjonar og merking av matvarer, og forvaltninga av dette lov- og regelverket.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studenten kunne:

 

Kunnskapar:

  • beskrive sammensetning av næringsstoffer i vanlege matvaregrupper
  • beskrive korleis matvarer vert produsert og framstilt for konsum, knytta til bedriftsbesøk.
  • forklare og vurdere betydningen av matproduksjon med både tradisjonell og moderne teknologi og metoder og deres effekt på næringsinnhald og produktkvalitet.
  • gi en oversikt over lovgjeving i forhold til matvarer og matproduksjon, inkludert lover om deklarasjon/merking, tilsettingsstoff og genmodifisert mat.

 

Ferdigheiter:

  • bruke kostberegningsprogrammer (for eksempel Mat på Data) og Matvaretabellen på nett.
  • identifisere og presentere innhaldet av spesifikke aminosyrer, karbohydrat, feittsyrer, vitamin og mineral i samansette måltid og ulike kosthald.
  • lage mat med fokus på hygiene, matvarene og ingrediensane sine kjemiske eigenskapar og næringsinnhald.

 

Kompetanse:

  • samarbeide med medstudentar om matlaging og andre gruppeoppgåver.

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Institutt

Institutt for indremedisin

Krav til studierett

Opptak til bachelorprogram i human ernæring

Krav til forkunnskapar

NUTR-INF, BIOBAS og NUTR207 eller motsvarande

Undervisning og omfang

Førelesingar, kjøkkenarbeid, bedriftsbesøk, gruppearbeid, kostregistrering, heimeoppgåver og PC-øvingar.

Obligatoriske arbeidskrav

  • registrering av eigen kost og utrekning av næringsinnhald ved hjelp av "Mat på data".
  • besøk i verksemder og på storkjøkken.

praktisk kjøkkenundervisning, med innlevering av to oppgåver.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, fire timer

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

I samband med instituttet sitt kontinuerlege arbeid for å forbetra studiet blir det jamleg organisert studentevaluering av studieopplegg og undervisning, med tilbakemelding til studentane. Evalueringsresultata vil liggje til grunn for revisjonar av studieplanar, pensum og studie-/undervisningsopplegg.

Kontaktinformasjon

studie-nutrition@uib.no/ (+47) 55 97 73 45 / (+47) 55 58 25 35