Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår. |
| Fagleg overlapp | RET206: 15 studiepoeng |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Særemnet kan byggjast opp omkring eitt av følgjande område, eller ein kombinasjon av desse: 1) den litterære retorikkens historie og system, 2) tropar og figurar i studiet av skjønnlitterære og/eller sakprosatekstar/essayistikk, 3) ein eller fleire tradisjonar eller periodar i litterær retorikk og stilistikk (eksempel: retorikk i litteratur og lov og rett, Leo Spitzers stilhistoriske studiar, narrativ retorikk og teori), 4) ein sentral litteraturvitskapleg retorikk-teoretikar (eksempel: Roland Barthes, Paul de Man, Kenneth Burke).
RET256 skal gje studentane høve til å fordjupe seg i litterær retorikk og retorisk fortolking og analyse av ulike typar litterære tekstar innanfor både skjønnlitterære og ikkje-skjønnlitterære sjangrar.Emnet er ein del av bachelorprogrammet i retorikk. Studentar på dette programmet som tar ei dobbel spesialisering i retorikk og litteraturvitskap, må ta RET256 som det obligatoriske teoretiske særemnet på 200-nivå. I tillegg kjem det skjønnlitterære særemnet ALLV252 eller ALLV202.
Studentar på bachelorprogrammet i litteraturvitskap og bachelorprogrammet i kjønnsstudium kan ta RET256 i staden for ALLV251 som det litteraturteoretiske emnet på 200-nivået i ei spesialisering i allmenn litteraturvitskap.
RET256 kan også takast som frie studiepoeng.
Læringsutbyte/resultat
Å forstå retorikk i tale og skrift og kunne analysere både skjønnlitterære og ikkje-skjønnlitterære tekstar retorisk, å tileigne seg innsikt i den klassiske retorikken, retorikken si historie og i nyretorikk, også på samfunnsområde der retorikk er viktig, som i rettsvesenet og i politikk.
Undervisningssemester
Vår.
Undervisningsspråk
Norsk.
Studienivå
Bachelor.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
ALLV101-104.
Fagleg overlapp
RET206: 15 studiepoeng
Undervisning og omfang
Undervisninga er felles med RET206.
Det blir gjeve undervisning i form av seminar, ca. 30 timar per semester.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Obligatoriske arbeidskrav
Rettleiing er obligatorisk for alle studentar og skal baserast på minimum to rettleiingsmøte. Gjennom rettleiinga skal studentane i samråd med faglærar definere eit problemområde for ei gitt bacheloroppgåve.
Studentane må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side og blir opplyst ved instituttet.
Vurderingsformer
Ei bacheloroppgåve på 12-15 maskinskrivne sider (ca. 3500-5000 ord) og ei munnleg prøve der det blir eksaminert både i bacheloroppgåva og i resten av pensumet.
Studenten formulerer eit problemområde for oppgåva i samråd med faglærar, med utgangspunkt i rettleiinga og den godkjende pensumlista.
Kandidaten får ein karakter på bacheloroppgåva og ein karakter på den munnlege prøva. Kvar del vil telje 50% av den samla karakteren. Kandidaten må greie begge eksamensdelane i same semester.
Karakterskala
Karakterskala A - F.
Læremiddelomtale
Pensum i det litteraturvitskaplege særområdet omfattar ca åtte verk. Av desse skal minst to vere av ikkje-teoretisk art (essays, sakprosa, skjønnlitteratur). Eit utval på 100 sider litteraturteori gjeld som eitt verk. Likeins tel eit utval på 25 sider lyrikk eller 150 sider kortprosa som eit verk. Dei litterære verka skal helst lesast på originalspråket. Normalt kan studentane ikkje føre opp verk som dei har lagt opp ved tidlegare fageksamenar. Unntak frå denne regelen kan berre gjerast i samråd med faglærar. Pensum skal godkjennast av fagmiljøet. Studentane blir rådde til å byggje pensumet sitt på tekstar og verk som er nytta i undervisninga, men det er også høve til å leggje opp eit individuelt pensum i samråd med faglærar.
Undervisningsstad
Bergen.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no