Gå til innhold
English A A A
Emne STAT230

Livsforsikringsmatematikk

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Annankvar vår, jamne årstal.
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet skal gje ei brei innføring i teori og teknikk for livsforsikringsmatematikk.

Det gir eit godt grunnlag for bruk i livsforsikringsbransjen og trygdevesenet.

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne skal studentane kunne:

  • Kjenne den elementære rentelæra. Kunne rekne med dei ulike typa lån: fastlån, serielån og annuitetar.
  • Kjenne dødlighetsteori: hasardfunksjon, attståande levetid og standard levetidsfordelingar, og selekt dødeligheit.
  • Forsikring på ett og fleire liv: opplevingsforsikring, dødsrisikoforsikring og kombinasjonen: vanlig livsforsikring. Fastetting av premie ut fra ekvivalensprinsippet.
  • Rekne ut dei ulike slag kostnader knytt til forsikringa.
  • Utleie Thieles differensiallikning for ulike livsforsikringar.
  • Rekne ut sikkerheitspåslag og ulike slag bonus tilbakeføringar.

Undervisningssemester

Annankvar vår, jamne årstal.

Eksamenssemester

Eksamen vert gitt høgst ein gong i året

Undervisningsspråk

Norsk (Engelsk vil bli brukt dersom utvekslingsstudentar følgjer kurset.)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

STAT220

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatoriske øvingar. (Gyldige i to semester: (Gyldig i to semester: inneverande + hausten etter)

)

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen: 5 timar. Lovlege hjelpemiddel: Kalkulator. Eksamen vert gitt høgst ein gong i året.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.