Integrert master i aktuarfag
Programmet tilbys av
Introduksjon
Korleis skal oljefondet investere for å få høgast mogleg avkastning, men samtidig ha låg risiko for tap? Kva bør bilforsikringa di koste? Aktuar er nemninga på fagfeltet som nyttar statistiske og matematiske metodar for å løyse slike og andre problemstillingar innanfor forsikring og finans.
Framtida er uviss og full av risiko, men verda er full av talmateriale. Talmaterialet ber med seg informasjon som du ved hjelp av analysar og modellering kan bruke til å finne svara på komplekse problemstillingar, som for eksempel korleis oljefondet kan forvaltast best mogleg. Som aktuar analyserer du risiko og finansielle effektar av framtidige hendingar. Du kan dermed vurdere kva som vil vere ei god avgjerd fordi du kan seie noko om sannsynet for kva framtida vil bringe.
Profesjonsstudiet i aktuarfaget gir deg formell aktuarkompetanse. Kompetansen er svært ettertrakta i næringslivet, noko som gjer at du stiller sterkt i arbeidsmarknaden. Aktuarar har god forståing av matematikk, statistikk og finans, og nyttar dette i ein økonomisk samanheng. Det gjer at du som aktuar kan gi gode råd om kva slags avgjerd som bør takast, og at du blir i stand til å behandle risiko på ein god måte.
Visste du at ...
Ei type sjøforsikring vart teken i bruk av Babylonarane allereie nesten 2000 år f.Kr.?
Studievegar
- Integrert master (5 år)
I det femårige profesjonsstudiet inngår emne innanfor statistikk og matematikk, som gir grunnleggande kunnskapar om sannsynsrekning, statistiske analysemetodar og generell matematikk. I tillegg kjem emne i forsikringsmatematikk, finans og økonomi. Profesjonsstudiet i aktuarfag gir ei sterkare spesialisering i forsikringsmatematikk og økonomiske fag enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i statistikk, og det gir det formell aktuarkompetanse.
- Forsking
Faggruppa i statistikk ved UiB forskar på problemstillingar innanfor bio- og medisinsk statistikk, utrekningsorientert statistikk, statistisk metode, samt finans og forsikringsmatematikk. Gruppa er eitt av dei største fagmiljøa i Noreg innanfor statistikk.
Sjå også desse studia
Matematikk for industri og teknologi, statistikk, informatikk-matematikk-økonomi (IMØ), fysikk, geofysikk, datateknologi, datavitskap, petroleum- og prosessteknologi, samfunnsøkonomi, lektorutdanning med mastergrad i naturvitskap eller matematikk.
Oppbygging
Profesjonsstudiet i aktuarfag oppfyller krava for aktuarkompetanse. Dette er årsaka til at mange av elementa i studieplanen er obligatoriske. I dei to siste semestera skriv du ei masteroppgåve om eit aktuelt emne frå fagfeltet. Du kan velje om du vil skrive oppgåva i løpet av eitt eller to semester. Dersom du vel ei oppgåve på eitt semester, tar du i tillegg eit ekstra semester med kurs.
Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på nettet: uib.no/math
Utveksling
Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa.
For meir informasjon, sjå:
Yrkesvegar
Gjennomført program i finansteori og forsikringsmatematikk gir formell aktuarkompetanse, og du vil vere attraktiv for mange ulike bransjar i ein global arbeidsmarknad. Som aktuar kan du jobbe innanfor livsforsikring og skadeforsikring, pensjon, reassuranse, konsulentselskap, risikostyring, kapitalforvaltning, bank/finans, offentleg forvaltning, undervisning og forsking. Utvikling av datasystem, prisfastsetting av forsikring og finansielle produkt, produktutforming og risikoutrekningar er eksempel på problemstillingar aktuarar arbeider med.
Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden master i aktuarfag.
Meir infomasjon
Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:
studieveileder@math.uib.no
55 58 30 30
Søknadsprosedyre
For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.
For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.
Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak
Søk opptak til Universitetet i Bergen og til integrert masterprogram i aktuarfag.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).
Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY.
Tilrådde forkunnskapar
Undervisninga bygger på kunnskap som svarar til Matematikk R1+R2.
Poenggrense ved siste opptak
Nytt studium.
Antall studieplasser
10
Overgangsordninger
Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o
Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Utenlandsopphold, høst | - | - | ||||||||||
| Utenlandsopphold, vår | - | - | ||||||||||
| Exsamen philosophicum (krav: 10 SP) | ||||||||||||
| Du kan velje mellom to variantar av ex.phil. Seminarvarianten kan kun veljast i 1. semester. | ||||||||||||
| Vel eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-MNSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| EXPHIL-MNEKS | Examen philosophicum- skuleeksamen | 10 | 1-6 | 5 | ||||||||
| Spesialisering i aktuar (krav: 170 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MAT111 | Grunnkurs i matematikk I | 10 | 1-10 | 1 | ||||||||
| STAT110 | Grunnkurs i statistikk | 10 | 1-10 | 1 | ||||||||
| MAT112 | Grunnkurs i matematikk II | 10 | 1-10 | 2 | ||||||||
| MAT121 | Lineær algebra | 10 | 1-10 | 2 | ||||||||
| STAT111 | Statistiske metodar | 10 | 1-10 | 2 | ||||||||
| INF100 | Grunnkurs i programmering (Programmering 1) | 10 | 1-10 | 3 | ||||||||
| MAT212 | Funksjonar av fleire variable | 10 | 1-10 | 3 | ||||||||
| STAT220 | Stokastiske prosessar | 10 | 1-10 | 3 | ||||||||
| ECON130 | Makroøkonomi I | 10 | 1-10 | 4 | ||||||||
| MAT131 | Differensiallikningar I | 10 | 1-10 | 4 | ||||||||
| STAT210 | Statistisk inferensteori | 10 | 1-10 | 4 | ||||||||
| MAT160 | Reknealgoritmar 1 | 10 | 1-10 | 5 | ||||||||
| STAT201 | Generaliserte lineære modellar | 10 | 1-10 | 5 | ||||||||
| STAT230 | Livsforsikringsmatematikk | 10 | 1-10 | 6 | ||||||||
| STAT292 | Prosjektarbeid i statistikk | 10 | 1-10 | 6 | ||||||||
| STAT231 | Skadeforsikringsmatematikk og risikoteori | 10 | 1-10 | 7 | ||||||||
| STAT240 | Finansteori | 10 | 1-10 | 8 | ||||||||
| Valfrie emne (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Vel fritt emne som til saman utgjer 60 studiepoeng | ||||||||||||