Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i biologi

ingressbilde

Introduksjon

Kvifor svømmer sild i sirkel? Kvifor må vi vere sjuke for å halde oss friske? Kan biller ta kampen opp mot brunsnigelen?

Biologi er læra om alt som lever, og tek for seg prosessar, mangfald og samanhengar i naturen. Evolusjon er det overordna prinsippet i biologien, som gir oss ein kraftfull modell til å forstå og forklare korleis alt vi ser i naturen har utvikla seg frå eit felles opphav gjennom 3,5 milliardar år.

Bachelorprogrammet i biologi gir deg ein brei naturfagleg bakgrunn, og du får innsikt i alt frå naturmiljøet sin kjemi og fysikk til matematikk og statistikk, fysiologi, molekylærbiologi, organismebiologi og mangfald, evolusjon og økologi. Du får møte biologi i praksis i omfattande lab- og feltkurs der mikrobar, dyr og planter står i sentrum.

Som student hos oss blir du frå første dag ein aktiv deltakar i det største biologiske fagmiljøet i Noreg. Studiet presenterer heile disiplinen biologi, og er lagt opp slik at studieaktiviteten bidreg til å etablere eit fagleg og sosialt fellesskap. Bergensregionen har sterke marine forskings- og innovasjonsmiljø og dette speglar seg i undervisninga vår. Institutt for biologi er ein del av Senter for framifrå utdanning i biologi, bioCEED.

Visste du at ...

Den minste fisken i verda veg berre 0,2 g når den er vaksen.

 

Studievegar

  • Bachelor (3 år)

Kjerneemna i det treårige studiet er evolusjon og økologi, organismar og biodiversitet, cellebiologi og genetikk og komparativ fysiologi. Du vil også få kunnskap om molekylærbiologi, kjemi, statistikk og fysikk.

 

  • Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram innan mikrobiologi, marinbiologi, fiskeribiologi og forvaltning, havbruksbiologi, biodiversitet, evolusjon og økologi, utviklingsbiologi og fysiologi og miljøtoksikologi.

 

  • Forsking

UiB har det største akademiske fagmiljøet i Noreg innanfor marinbiologi og driv forsking innan marin mikrobiologi, marin økologi, fiskeriøkologi, marin biodiversitet, utviklingsbiologi hos fisk, havbruk, fiskehelse og kvalitet på sjømat. UiB står også sterkt på fagfelta botanisk økologi, paleoøkologi, evolusjonær økologi, mikrobiologi, geobiologi og systematikk.

 

Sjå også desse studia

Berekraftig havbruk, molekylærbiologi, fiskehelse, lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk.

 

Utveksling

Vi anbefaler at valfridommen i det femte og sjette semesteret nyttast til internasjonal utveksling. Eitt eller to semester av utdanninga kan gjennomførast ved eit utanlandsk universitet eller ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS). Vi har i dag avtaler med fleire universitet i Europa og i Canada, Australia, Oseania, USA og fleire afrikanske land.

Sjå http://www.uib.no/matnat/utdanning/utveksling for meir informasjon.

 

Yrkesvegar

Studieprogrammet i biologi er eit godt utgangspunkt for utdanning retta mot ulike yrke, enten du vel å ta ein bachelorgrad eller halde fram med eit masterstudium. I tillegg til ei tung fagleg fordjuping innan eit sjølvvalt område av biologien, vil du med ein fullført mastergrad ha skaffa deg ein vitskapleg, sjølvstendig tenkemåte som er svært nyttig i arbeidslivet.

Marine ressursar er eit viktig satsingsområde i Noreg. Det finst fleire yrkesalternativ der forvalting av ressursane i havet og utviklinga i havbruksnæringa står sentralt. Både næringsmiddelindustrien og oljebransjen rekrutterer biologar. Det finst òg jobbar innanfor forsking og forvalting i både offentleg og privat sektor. Med master kan ein søke forskarstillingar som bygger på biologiutdanninga. Skolesektoren er også aktuell. Undervisningskompetansen din vil variere etter val av fagleg fordjuping.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Oppstart haust.

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i biologi er 3-årig (180 studiepoeng). Bachelorprogrammet i biologi plasserar dei klassiske biologidisiplinane i et breitt og moderne perspektiv. Gjennom studiet oppnår studentane ein brei fagleg kompetanse og praktisk erfaring i forsking. Dette vert oppnådd gjennom laboratorieundervising med moderne forskingsmetodikk, feltarbeid og sjølvstendige oppgåver. I studieplanen er det lagt vekt på gje studentane ein brei naturfagleg bakgrunn med kjemi, fysikk og statistikk i tillegg til de biologiske kjernefaga. De biologiske faga spenner om evolusjon og økologi, organismar sitt opphav og evolusjon, biodiversitet, fysiologi, molekylærbiologi, cellebiologi og genetikk. Undervisinga er knytt til forskinga ved Universitetet i Bergen, og det er lagt spesiell vekt på marin biologi som er eit satsingsområde ved universitetet. Målsettinga for studieprogrammet i biologi er å gje studentar ei brei og allsidig utdanning som kombinerar ny forsking innan de biologiske fagfelta.

Læringsutbyte

Studiet skal gi en bred plattform i naturfag og biologi fra molekylære til evolusjonære prosesser. Gjennom en grunnleggende forståelse av basale prosesser i naturen skal studenten kunne tilegne seg og bruke vitenskapelig kunnskap og innsikt i en rekke samfunnsrelevante utfordringer som omfatter naturmiljøet.

Ved fullført studium skal en kandidat

  • ha god kjennskap til moderne biologi og biologiens relevans i samfunnet
  • ha en bred og anvendelig naturfaglig bakgrunn
  • være i stand til å bruke utviklingslæra som en nøkkel til å forstå organismene sine tilpasninger
  • kunne lese og forstå vitenskaplige arbeid om aktuelle miljøspørsmål
  • besitte grunnleggende kunnskaper om virkemåten til organismer og økosystem
  • ha ferdigheter i naturvitenskapelig metode som gjør kandidaten i stand til å sette seg inn i nye problemstillinger, skrive analyserende rapporter og vurdere hvor sikker kunnskap er.
  • evne å løse problemer og oppgaver som krever grunnleggende kunnskap om naturen

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag.

 

For mer informasjon, se http://link.uib.no/?1jIFY

 

 

Innføringsemne

Ex.phil, MAT 101 eller MAT 111

Obligatoriske emne

Kravet til bachelorgraden i biologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng, og består av følgjande emne: BIO100, BIO101, BIO102, BIO103, BIO104, STAT101/110, MOL100, KJEM110, KJEM100/130/202 og PHYS101.

BIO100 Innføring i evolusjon og økologi er obligatorisk i første semester. I første semester inngår óg innføringsemne i matematikk (MAT101/MAT111) og innføringsemne i kjemi (KJEM110/KJEM100). KJEM110 er obligatorisk i bachelorgraden i biologi. Studentar som tek KJEM100 i første semester, bør ta KJEM110 i andre semester. Les meir om tilrådde forkunnskapar for kjemi-emna under emneskildringa for kvart emne.

Obligatoriske emne i andre semester er BIO101 Organismebiologi I og kjemi. Dei som har valt KJEM110 i første semester kan velje mellom KJEM202 Miljøkjemi og KJEM130 Organisk kjemi. Det tredje emnet i andre semester er Ex.phil. Versjonen av ex.phil som vert undervist i vårsemesteret er særskilt tilpasse studieprogramma i biologi, og vi tilrår alle som skal studere biologi å ta denne ex.phil-versjonen. Andre ex.phil-versjonar vert óg godtatt i bachelorgraden.

BIO102 Organismebiologi II er obligatorisk i 3. semester, saman med eit emne i statistikk (STAT101/STAT110) og eit emne i fysikk (PHYS101).

I fjerde semester er obligatoriske emne MOL100 Innføring i molekylærbiologi, BIO103 Cellebiologi og genetikk og BIO104 Komparativ fysiologi.

Femte og sjette semester innheld valfrie emner.

 

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

Valfridomen i 5. og 6. semester i studieprogrammet kan nyttast til internasjonal utveksling. UiB har etablert samarbeidsavtalar med ei rekkje universitet på fleire kontinent, og fleire avtalar vil bli inngått dei nærmaste åra. Studentar vil få hjelp til å finne utanlandske lærestader som passar med deira utdanningsplan og interesser. Studentar med interesse for arktisk biologi, geologi, geofysikk og teknologi bør sjå nærmare på tilbodet frå UNIS (Universitetssenteret på Svalbard).

Vurderingsformer

Obligatorisk undervising og informasjon om evalueringsformer er skildra for kvart enkelt emne. Sjå emneskildring.

Grunnlag for videre studium

Bachelorgraden gjer grunnlag for masterstudier innan fagområdet. For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter i spesialiseringa i bachelorgraden. Enkelte studieprogram/studiretningar kan ha særskilte opptakskrav.

Relevans for arbeidsliv

Mange biologar arbeider innan natur- og miljøforvalting, havbruk, skuleverk, offentleg forvalting, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentbedrifter. I dei fleste tilfella opnar det seg langt fleire moglegheiter for dei som har fullført mastergraden. Universitetet i Bergen tilbyr ei rekkje mastergradsstudier som byggjer på bachelorgraden i biologi. Etter avslutta masterstudium har ein i tillegg til ei tung fagleg fordjuping på et valt felt innan biologien, lært å arbeide sjølvstendig og som ein del av ei forskingsgruppe. I tillegg opparbeider ein seg ei rekkje praktiske og akademiske ferdigheiter som er nyttige i arbeidslivet.

Sjå http://www.uib.no/bio/utdanning/biologer-i-jobb for nokon eksemplar på kva ein kan bli som biolog.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for biologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Beate.Rensvik@bio.uib.no/ studie@bio.uib.no

Tlf 55 58 22 41

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

 

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i biologi, studiekode i Samordna opptak: 184327. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).

Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY

Tilrådde forkunnskapar

Vi anbefaler at du har forkunnskapar tilsvarande Biologi 2 og Kjemi 2.

 

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

 

 

Antall studieplasser

85

Overgangsordninger

Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o

Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.

Læringsutbyte

Studiet skal gi en bred plattform i naturfag og biologi fra molekylære til evolusjonære prosesser. Gjennom en grunnleggende forståelse av basale prosesser i naturen skal studenten kunne tilegne seg og bruke vitenskapelig kunnskap og innsikt i en rekke samfunnsrelevante utfordringer som omfatter naturmiljøet.

Ved fullført studium skal en kandidat

  • ha god kjennskap til moderne biologi og biologiens relevans i samfunnet
  • ha en bred og anvendelig naturfaglig bakgrunn
  • være i stand til å bruke utviklingslæra som en nøkkel til å forstå organismene sine tilpasninger
  • kunne lese og forstå vitenskaplige arbeid om aktuelle miljøspørsmål
  • besitte grunnleggende kunnskaper om virkemåten til organismer og økosystem
  • ha ferdigheter i naturvitenskapelig metode som gjør kandidaten i stand til å sette seg inn i nye problemstillinger, skrive analyserende rapporter og vurdere hvor sikker kunnskap er.
  • evne å løse problemer og oppgaver som krever grunnleggende kunnskap om naturen

Oppbygging

Bachelorprogrammet i biologi inneheld 20 studiepoeng med innføringsemne, 100 studiepoeng med spesialisering og 60 studiepoeng som du kan velje frå biologiske fag eller andre fagretningar.

I dei siste semestra vel du sjølv den faglege samansettinga fritt ut frå kva faglege interesser og karriereplanar du har. Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/studieprogram/BAMN-BIO.

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.mnfa@uib.no

55 58 30 30

BAMN-BIO/Bachelorprogram i biologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, høst - -
Utenlandsopphold, vår - -
Innføringesemne (krav: 20 SP)
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1-6 1
MAT101 Brukarkurs i matematikk I 10 1-6 1
  Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 2
EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 2
Spesialisering i biologi (krav: 90 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM110 Kjemi og energi 10 1-6 1
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi 10 1-6 1
BIO101 Organismebiologi 1 10 1-6 2
BIO102 Organismebiologi 2 10 1-6 3
PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære 10 1-6 3
BIO103 Cellebiologi og genetikk 10 1-6 4
BIO104 Komparativ fysiologi 10 1-6 4
MOL100 Innføring i molekylærbiologi 10 1-6 4
  Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
STAT101 Elementær statistikk 10 1-6 3
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 1-6 3
Spesialisering i biologi - kjemivalg (krav: 10 SP)
KJEM110 er obligatorisk for alle studentane, og ligg som eit obligatorisk emne i utdanningsplanen din. Alle studentar skal ta minimum 20 sp kjemi. Organisk kjemi (KJEM130) og miløkjemi (KJEM202) er sterkt tilrådd, men andre kjemiemne kan veljast etter interesse.
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM130 Organisk kjemi 10 1-6
KJEM202 Miljøkjemi 10 1-6
KJEM100 Kjemi i naturen 10 1-6
MAT102 Brukarkurs i matematikk II 10 1-6 1
Valfrie emne (krav: 60 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 60 studiepoeng