Gå til innhold
English A A A
Emne KJEM100

Kjemi i naturen

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust (Fargekode: gul)
Fagleg overlapp K101: 10stp
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Gi studentar med svak kjemibakgrunn frå vidaregåande skule ein basis for vidare studium i kjemi eller andre realfag. Forståing av korleis naturen og livet er bygd opp av kjemiske sambindingar er sentral i naturvitskaplege fag. Kjemi er studiet av oppbygginga, eigenskapane og reaksjonane til stoff. Av tema som inngår kan nemnast: Atom og molekyl, periodesystemet, støkiometri (mol, konsentrasjon, gasstrykk), reaksjonstypar, kjemisk jamvekt (pH, buffer, titrering, indikator, løysingsevne), enkel varmelære, (bio)uorganisk kjemi (metallkompleks), (bio)organisk kjemi (typar av sambindingar, namnsetjing, funksjonelle grupper, biomolekyl). Deler av pensumet vil bli illustrert med praktiske demonstrasjonsforsøk.

 

 

 

Læringsutbyte/resultat

Etter fullført emne KJEM100 skal studenten kunne:

  • namngje og skrive formlar for kjemiske stoff.
  • gjera greie for ulike reaksjonstypar i vatn.
  • gjennomføra støkiometriske utrekningar.
  • gjera greie for oppbygging av atom og molekyl.
  • (gjera greie for stofftypar, blandingar og krefter mellom molekyl.)
  • bruka prinsippa for kjemiske likevekter til å gjennomføra utrekningar.
  • gjera greie for stoffklassar i organisk kjemi og dei viktigaste typane av biologiske makromolekyl.

Undervisningssemester

Haust (Fargekode: gul)

Eksamenssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

MAT101, kan lesast parallelt.

Fagleg overlapp

K101: 10stp

Obligatoriske arbeidskrav

Innleveringsoppgåver (gyldige i 6 påfølgande semester).

Vurderingsformer

Mappeevaluering basert på midtsemestervurdering (30%), og skriftleg slutteksamen (4t) (70%).
Utfyllande eksamensreglar:
1. Obligatorisk innlevering er gyldig i 6 påfølgande semester.
2. Midtsemestervurdering og slutteksamen har berre gyldigheit i same semester som dei gjennomførast.
3. I semester med undervisning:
a) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare semester må gjennomføre mappeevaluering.
b) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare semester kan
Enten
i. Etter skriftleg melding til instituttet innan fristen for eksamensoppmelding, delta i mappeevalueringa, og må då gjennomføre alle delane av mappeevalueringa inneverande semester
Eller
ii. Berre avlegge avsluttande eksamen. Resultatet frå denne eksamen utgjer karaktergrunnlaget.
4. I semester utan undervisning:
a) Studentar med godkjend obligatorisk innlevering kan ta avsluttande eksamen, som då utgjer karaktergrunnlaget.
b) Studentar utan godkjend obligatorisk innlevering frå tidlegare kan ikkje avlegge eksamen.

Tillatne hjelpemiddel på eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.
Oppgåver, journalar og andre obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.


 

 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.