Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Integrert lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk

Lekor naturvitskap eller matematikk

Introduksjon

Har du lyst på eit yrke der du dagleg møter ungdom i ein spennande fase i livet? Der du kan bidra til å skape interesse for faga som er avgjerande for å sikre Noreg si framtid som høgteknologisk nasjon?

Norsk ungdom ligg i verdstoppen når det gjeld å bruke ny teknologi. Vil du bidra til å auke interessa deira for kunnskapen som ligg bak mobiltelefonane, datamaskinene og internett? Ei interesse for realfag er avgjerande når vi veit at satsing på teknisk-naturvitskaplege fag er blant dei viktigaste tiltaka for å gjere norsk industri og næringsliv meir nyskapande.

Den spennande, interessevekkjande undervisninga i realfaga må starte i grunnskolen og på ungdomsskolen. Korleis kan ein få elevane til å oppleve dei klassiske naturvitskaplege faga som anna enn berre tunge og teoretiske? Vi trur at gode lærarar med høg kompetanse vil kunne gi meir engasjerande undervisning og slik utvikle positive holdningar til realfaga.

Visste du at ...

Studentar på lektorutdanninga får moglegheita til å ta delar av praksisopplæringa på ein skole i Sør-Afrika.

Studievegar

På dette femårige studiet fordjupar du deg i to fag, det faget du vil ta master i og eit undervisningsfag nummer to.

 

Aktuelle fagkombinasjonar er:

  • Matematikk og fysikk
  • Matematikk og kjemi
  • Biologi og matematikk
  • Kjemi og geofag
  • Biologi og kjemi
  • Matematikk med naturfag som fag 2

 

Alle kombinasjonane gir deg grunnlag for undervisning i desse faga i skulen.

Gjennom studiet lærer du korleis kunnskap blir utvikla, du reflekterer over faga og over korleis du kan formidle dei. I tillegg har du praksis i skulen. Lektorutdanninga er sett saman med tanke på deg som vil utdanne deg til realfagslærar i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.

 

 

 

Andre studievegar

Du kan også utdanne deg til lærar ved å ta ein bachelorgrad (tre år) eller ein mastergrad (fem år) som inneheld to undervisningsfag, før du søkjer opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). PPU er eittårig og inneheld både fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Oppbygging

På grunn av ny nasjonal rammeplan vert oppbygginga av lektorprogrammet litt endra for studenter som vert tekne opp til høsten 2014 og senere.

Då vil alle studieløp innehelde:

  • 70 studiepoeng profesjonsfag (praktisk-pedagogisk utdanning)
  • 130 studiepoeng i faget du skal skrive masteroppgåve i
  • 60 studiepoeng i undervisningsfag nummer to
  • ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Oppgåva kan ha ein skoleretta eller reint fagleg profil. Det er også mogleg å velje ei fagdidaktisk oppgåve.
  • praksis i skolen

Dei obligatoriske fagemna i programmet sørgjer for at du får eit godt grunnlag for undervisning i den vidaregåande skolen og tilstrekkeleg fordjuping med tanke på masteroppgåva. Profesjonsfaget vert teken parallelt med fagstudia, slik at fokus vert halde på lærarutdanning gjennom heile studiet. I tillegg til praksis og ordinær undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk inngår skolebesøk og lærarstudentsamlingar.

På denne nettsida kan du finne oversikt over oppbygging av dei ulike fagkombinasjonane: http://link.uib.no/?3VmaI


 

Utveksling

Dersom du ønskjer det, er det mogleg å ta eitt semester av fagstudiet i utlandet. Vi vil forsøke å leggje til rette for at dette kan inngå som ein integrert del av utdanninga di.

Det er også mogleg å ta ein av praksisperiodane i utlandet. Foreløpig er det berre Sør-Afrika vi har eit slikt samarbeid med.

 

Yrkesvegar

Lektorutdanninga kvalifiserer for tilsetjing på mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskolen, i vidaregåande skole og i vaksenopplæringa.

 
For meir informasjon om yrket som lærar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/lektor

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Lektorutdanninga med master i naturvitskap eller matematikk er ei femårig integrert lærarutdanning (300 studiepoeng). Utdanninga fører fram til graden master i naturvitskap og matematikk med integrert praktisk-pedagogisk utdanning.

Den integrerte lektorutdanninga utgjer eit profesjonsstudium som utdannar lærarar for ungdomstrinnet i grunnskulen og for den vidaregåande skulen. Utdanninga kombinerer praktisk-pedagogisk opplæring med solid fagkunnskap i minst to universitetsfag.

Studiet skal gi eit solid grunnlag i dei respektive vitskapsfaga med vekt på fagleg forståing, problemløysing og forståing for metodar og tenkjemåtar i faga. Vidare skal studiet gi grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, gi kunnskap om skulefaga og fremje dugleikar for praktisk yrkesutøving. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av vitskapsfaga og skulefaga i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng.

Studiet skal gi vitskaplege funderte kunnskapar og evner i det faget studenten tek mastergrad i. Det skal gi ei god innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig arbeide med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og kompetente til å ta medansvar for elevars læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring.

I lektorutdanninga med master i naturvitskap eller matematikk vel studenten to fag; eit masterfag (fag 1) og eit sidefag (fag 2). Dette gir studenten grunnlag for undervisningskompetanse i to fag i vidaregåande skule. Utdanninga avsluttast med ei masteroppgåve i matematikk, fysikk, kjemi, geovitenskap eller biologi avhengig av val av masterfag. Masteroppgåva kan ha ein reint fagleg profil, ein reint fagdidaktisk profil eller ha element av begge typar.

Læringsutbyte

A) Fagleg kunnskap

  • Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte.
  • Studenten skal kunne arbeide sjølvstendig med relativt omfattande og krevjande faglege oppgåver.
  • Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen og samfunnet.
  • Studenten skal kunne setje sentrale styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng.
  • Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring.

 

B) Tilrettelegging for elevar si læring i faga

  • Studenten skal kunne bruke faget og undervise i det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer.
  • Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre.
  • Studenten skal kunne demonstrere fenomen i naturen samt praktisk bruk av matematikk, og leggje til rette for elevers læring gjennom praktisk observasjon og eksperimentering.
  • Studenten skal kunne fremme elevers kompetanse til å sjå korleis prinsipp og tenkjemåtar i faget kan nyttast i møte med fagrelaterte utfordringar i samfunnet og ved deltaking i demokratiske prosesser.
  • Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt spekter av framgangsmåtar.
  • Studenten skal kunne gjennomføre og leggje til rette for faglege dialogar med elevane, individuelt og i grupper, om observasjonar og fenomen i naturen og om fagets omgrep og teoriar gjennom bruk av konkretiseringar og ulike forenklingsnivå.
  • Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og evne til å ta hand om eiga læring.
  • Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen.
  • Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag.
  • Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.

 

C) Profesjonskompetanse

  • Studenten skal ha forståing for den rolla faget og skulen spelar for samfunnet som heilskap.
  • Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og skulens rolle.
  • Studenten skal kunne bidra til eit godt læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap.
  • Studenten skal kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling beherske dei ulike arbeidsoppgåver som elles ligg til lærarprofesjonen.
  • Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere organiseringsmåtar og styringsformer i skulen.
  • Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar.
  • Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat munnleg og skriftleg.
  • Studenten skal kunne fremme miljømedvit, naturglede og respekt for naturens tålegrenser.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du oppfylle krav om realfag (LÆREAL). Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?2rEgn

Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid er det ein fordel å ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei faga ein vel som fag 1 og fag 2. Det er særleg avgjerande å ha R1+R2 for å kunne følgje vanleg progresjon innan matematikk og fysikk.

Innføringsemne

PEDA111 , MAT111/MAT101 og et av emna KJEM110, BIO100 og STAT110 avhengig av fagval.

Obligatoriske emne

I programmet inngår obligatoriske emne i fag, fagdidaktikk og pedagogikk.

Studenten vel masterfag (fag 1) og sidefag (fag 2) allereie ved studiestart. Kva emne i fag og fagdidaktikk som er obligatoriske avhenger av desse vala.
Alle studentar må gjennomføre et obligatorisk HMS-kurs før første lange praksisperiode.

Det inngår 100 dagar praksisopplæring som fordelar seg omlag slik:

1. semester: 7 dagar

3. semester: 7 dagar

5. semester: 7 dagar

7. semester: 49 dagar

8. semester: 30 dagar

Alle deler av praksisopplæringa er knytt til emne i pedagogikk og fagdidaktikk som inngår i programmet. For nærare informasjon, sjå emneskildring for det einskilde emne.

Studiet avsluttast med ei 30 studiepoengs masteroppgåve. Dette kan vere ei oppgåve med skoleretta eller reint fagleg profil. Det kan også veljast ei fagdidaktisk oppgåve. I så tilfelle tilrådast det at studenten tar 10 studiepoeng emne/spesialpensum knytt til metodar eller forskingsfelt i fagdidaktikk.

For å kunne gå i gang med masteroppgåva, må snittkarakterane på spesialiseringsemna normalt vere C eller betre.

 

Fellesemne:

 

Masterfag:

Emna som er utheva er spesialiseringsemne. Vel eit av dei

Matematikk:

  • MAT111, MAT112, MAT121, MAT131, MAT212/MAT221, STAT110, bacheloroppgåve
  • Matematikkdidaktikk
  • Minimum fire MAT-emne valt mtp masteroppgåva. Det er ikkje krav til at alle emna skal ha MAT-kode. Andre emne kan avtalast med rettleiar/institutt.

Moglege sidefag: Fysikk, kjemi, biologi, naturfag

Fysikk:

Sidefag: Matematikk

Kjemi:

Moglege sidefag: Matematikk, biologi

Biologi:

  • BIO100, BIO101, BIO102, BIO103, BIO104, MOL100, bacheloroppgåve
  • Biologididaktikk
  • Minimum fire BIO-emne valt mtp master oppgåva Det er ikkje krav til at alle emna skal ha BIO-kode. Andre emne kan avtalast med rettleiar/institutt.

Moglege sidefag: Matematikk, kjemi

Geofag:

Mogelege sidefag: Kjemi

 

Sidefag:

Matematikk:

Fysikk:

Kjemi:

Biologi:

Geofag:

Naturfag:

Til saman 70 studiepoeng i naturfag, der følgjande inngår:

samt Naturfagdidaktikk

Rekkefølgje for emne i studiet

På denne nettsida finner du ein oversikt over oppbygginga av dei ulike studieretningane: http://link.uib.no/?3VmaI

 

 

Krav til progresjon i studiet

Det stilles både karakter- og progresjonskrav i studiet. Sjå utfyllande reglar for studiet for nærmare informasjon.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ha utanlandsopphald eit semester for å ta emne i vitskapsfaga. Kva semester som passer best avheng av kva fag ein fordjupar seg i. Ta kontakt med studierettleiar tidleg i studiet for å få rettleiing om dette. Ein kan også søke om å få gjennomføre praksisperioden i 7. semester i Cape Town.

 

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Studenten skal gjennom studiet få møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåve, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verkty. I tillegg vil det i enkelte emnar inngå laboratoriearbeid, ekskursjonar og rapportskriving. For nærmare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Læring gjennom rettleidd praksis i skulen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planleggje og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det vert i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.

Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga skal vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med kompetanse i å kunne leggje til rette for elevars læring og utvikling.

Relevans for arbeidsliv

Fullført og greidd studium medfører sertifisering som lærar i dei aktuella faga i vidaregåande skule og på 5.-10. trinn i grunnskulen Utdanninga kvalifiserer først og fremst for undervisningsarbeid med undervisningsstilling som lektor i skulen.

For meir informasjon om yrket som lærar, sjå:
http://utdanning.no/yrker/beskrivelse/lektor

Evaluering

Emne- og programevaluering vert gjennomført med jamne mellomrom. Det kan nyttas ulike evalueringsformer.

Programansvarleg

Lærarutdanningsutvalget ved Det matematisk-naturvitskapelege fakultet, laerer@mnfa.uib.no

Adminstrativt ansvarleg

Matematisk institutt ved studiekonsulent Marianne Jensen, Matematisk institutt
Epost: studieveileder.laerer@mnfa.uib.no

 

Meir infomasjon

Ta kontakt på e-post eller telefon: studieveileder.laerer@mnfa.uib.no, 55 58 28 41.

Du kan også finne utfyllende informasjon om programmet på disse nettsidene: http://www.uib.no/matnat/utdanning/laererutdanning-ved-mn-fakultetet

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
lektorutdanning med master i naturvitskap eller matematikk

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

I tillegg må du oppfylle krav om realfag (LÆREAL). Meir informasjon finn du på http://link.uib.no/?2rEgn

Politiattest (jfr. forskrift ved opptak til høgare utdanning).

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføre utdanninga på normert tid bør du ha full fordjuping frå vidaregåande skule i dei to sentrale faga i studieretninga.

Poenggrense ved siste opptak

Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.

Poenggrenser er oppgitt der tallet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.

Antall studieplasser

30

Overgangsordninger

Du har høve til å byte studieprogram haust og vår. Informasjon om kva for program som er opne for intern overgang og korleis du søkjer, finn du på http://link.uib.no/?3S29o

Læringsutbyte

A) Fagleg kunnskap

  • Studenten skal ha tileigna seg den fagkunnskapen som gjeld for dei respektive universitetsfaga, og kunne arbeide med fagkunnskapen på ein sjølvstendig måte.
  • Studenten skal kunne arbeide sjølvstendig med relativt omfattande og krevjande faglege oppgåver.
  • Studenten skal ha utvikla ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i faga og til den rolla faga spelar i skulen og samfunnet.
  • Studenten skal kunne setje sentrale styringsdokument for faga i ein historisk og ideologisk samanheng.
  • Studenten skal kunne gjere greie for og drøfte grunnlagsspørsmål og teoriar i pedagogikk og fagdidaktikk, og bruke det som grunnlag for kritisk refleksjon over egen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring.

 

B) Tilrettelegging for elevar si læring i faga

  • Studenten skal kunne bruke faget og undervise i det, ut frå fagleg spesifikke tenkjemåtar, arbeidsmåtar og tekstformer.
  • Studenten skal kunne bruke fagleg innsikt i samtale og samarbeid med elevar, kollegaer og foreldre.
  • Studenten skal kunne demonstrere fenomen i naturen samt praktisk bruk av matematikk, og leggje til rette for elevers læring gjennom praktisk observasjon og eksperimentering.
  • Studenten skal kunne fremme elevers kompetanse til å sjå korleis prinsipp og tenkjemåtar i faget kan nyttast i møte med fagrelaterte utfordringar i samfunnet og ved deltaking i demokratiske prosesser.
  • Studenten skal kunne leggje til rette for tilpassa undervisning for den enkelte elev og ulike skuleslag gjennom eit breitt spekter av framgangsmåtar.
  • Studenten skal kunne gjennomføre og leggje til rette for faglege dialogar med elevane, individuelt og i grupper, om observasjonar og fenomen i naturen og om fagets omgrep og teoriar gjennom bruk av konkretiseringar og ulike forenklingsnivå.
  • Studenten skal kunne utvikle elevars innsikt i og evne til å ta hand om eiga læring.
  • Studenten skal kunne møte utfordringar knytte til den fleirkulturelle og fleirspråklege skulen.
  • Studenten skal kunne drøfte utfordringar knytt til vurdering for og av læring generelt og særskilt i eigne fag.
  • Studenten skal kunne setje dei ulike delane innanfor fagemna saman, og sjå korleis emna heng saman med andre emne, samstundes som ein har auge for det mangfaldet som fagemna spenner over.

 

C) Profesjonskompetanse

  • Studenten skal ha forståing for den rolla faget og skulen spelar for samfunnet som heilskap.
  • Studenten skal kunne vise etisk yrkesutøving overfor elevar og ulike samarbeidspartnarar, og ha medvit om lærarens og skulens rolle.
  • Studenten skal kunne bidra til eit godt læringsmiljø gjennom demokratiske læringsfellesskap.
  • Studenten skal kunne være ein tydelig leiar og i tillegg til kunnskapsformidling beherske dei ulike arbeidsoppgåver som elles ligg til lærarprofesjonen.
  • Studenten skal ha kjennskap til og kunne vurdere organiseringsmåtar og styringsformer i skulen.
  • Studenten skal ha utvikla kunnskap og innsikt som gjer ein i stand til å utvikle seg vidare som lærar.
  • Studenten skal kunne vurdere samt gjennomføre undersøkingar knytt til elevars læring og utvikling og kommunisere resultat munnleg og skriftleg.
  • Studenten skal kunne fremme miljømedvit, naturglede og respekt for naturens tålegrenser.
MAMN-LÆRE/Lektorutdanning i realfag - for kull 2013 og tidligere
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, vår - -
Fellesemner (krav: 75 SP)
Disse emnene er felles for alle på MNs lektorprogram
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PEDA111 Innføring i pedagogikk 10 1
RDID100 Realfagdidaktikk 10 3
NATDID201 Naturfagdidaktikk I 5 5
PEDA112 Læringsprosessens møtepunkt: Læring, undervisning og vurdering 5 5
PEDA113 Læringsmiljø: Organisering og leiing 10 7
MNF201 Vitenskap i vår tid 10 8
ILPRA101 Første praksisperiode 0 7
ILPRA102 Andre praksisperiode 0 8
PEDA114 Læraren sin profesjonalitet og yrkesidentitet 5 8
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 - 1
EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 - 1
Innføringsemne (MAT) (krav: 10 SP)
    Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT101 Brukarkurs i matematikk I 10 1-6 1
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1-6 1
Spesialisering (krav: 225 SP)
Her velger du hvilket fag du vil ta master i
Master i matematikk
Master i matematikk - obligatoriske emner (krav: 100 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 - 1
MAT112 Grunnkurs i matematikk II 10 - 2
MAT121 Lineær algebra 10 - 2
MAT131 Differensiallikningar I 10 - 2
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 - 7
MATDID201 Matematikkdidaktikk 1 5 7
MAT399K Masteroppgåve i matematikk 30 - 10
MATDID202 Matematikkdidaktikk 2 5 7
      Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT212 Funksjonar av fleire variable 10 - 3
MAT221 Diskret matematikk 10 - 3
Master i matematikk - valgfrie matematikkemner (krav: 30 SP)
Velg tre matematikkemner med tanke på masteroppgaven
Fire valgfrie emner (krav: 40 SP)
Velg fire emner. Disse emnene kan enten brukes til å fordype deg mer i masterfaget, dekke inn undervisningsfaget naturfag og/eller til å reise på utveksling
Master i matematikk - fag 2 (krav: 65 SP)
Her velger du hvilket undervisningsfag du vil ha i tillegg til matematikk
Fysikk som undervisningsfag (krav: 65 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PHYS111 Mekanikk 1 10 - 3
PHYS112 Elektromagnetisme og optikk 10 - 4
PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk 10 - 4
PHYS110 Perspektiv i fysikk 10 - 5
PHYS115 Kvantefysikk og statistisk mekanikk 10 - 5
PHYS114 Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk 10 - 6
PHYSDID200 Fysikkdidaktikk 5 8
Kjemi som undervisningsfag (krav: 65 SP)
Obligatoriske emner (krav: 35 SP)
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM110 Kjemi og energi 10 - 3
KJEM120 Grunnstoffenes kjemi 10 - 5
KJEM130 Organisk kjemi 10 - 4
KJEMDID200 Kjemididaktikk 5 8
Minst et av emnene KJEM122 og KJEM131 (krav: 10 SP)
          Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM131 Organisk syntese og analyse 10 - 5
KJEM122 Syntetisk uorganisk kjemi 10 - 6
Max to av kjemiemnene (krav: 10 SP)
          Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
MOL100 Innføring i molekylærbiologi 10 - 4
KJEM210 Kjemisk termodynamikk 10 -
KJEM202 Miljøkjemi 10 -
KJEM250 Analytisk kjemi 10 -
MOL200 Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering 10 -
Biologi som undervisningsfag (krav: 65 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi 10 - 3
BIO101 Organismebiologi 1 10 - 4
BIO102 Organismebiologi 2 10 - 5
BIO103 Cellebiologi og genetikk 10 - 5
BIO104 Komparativ fysiologi 10 - 6
MOL100 Innføring i molekylærbiologi 10 - 4
BIODID200 Biologididaktikk 5 8
Naturfag som undervisningsfag (krav: 65 SP)
I tillegg til emnene som er listet opp må man ta 30 sp innen naturvitenskapelige emner
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NATDID202 Naturfagdidaktikk II 5 8
Biologidel av naturfagkombinasjonen (krav: 20 SP)
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi 10 -
          Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
BIO101 Organismebiologi 1 10 -
BIO102 Organismebiologi 2 10 -
Kjemidel av naturfagskombinasjonen (krav: 20 SP)
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM110 Kjemi og energi 10 - 3
          Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM100 Kjemi i naturen 10 -
KJEM120 Grunnstoffenes kjemi 10 -
KJEM122 Syntetisk uorganisk kjemi 10 -
KJEM130 Organisk kjemi 10 - 4
KJEM131 Organisk syntese og analyse 10 -
Fysikkdelen av naturfagkombinasjonen (krav: 20 SP)
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære 10 - 5
PHYS102 Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk 10 - 6
Master i fysikk med matematikk (krav: 225 SP)
Master i fysikk med matematikk - obligatoriske emner (krav: 165 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 - 1
MAT112 Grunnkurs i matematikk II 10 - 2
MAT121 Lineær algebra 10 - 2
MAT131 Differensiallikningar I 10 - 2
MAT212 Funksjonar av fleire variable 10 - 3
PHYS111 Mekanikk 1 10 - 3
PHYS112 Elektromagnetisme og optikk 10 - 4
PHYS113 Mekanikk 2 og termodynamikk 10 - 4
PHYS114 Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk 10 - 4
PHYS110 Perspektiv i fysikk 10 - 5
PHYS115 Kvantefysikk og statistisk mekanikk 10 - 5
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 - 7
MATDID201 Matematikkdidaktikk 1 5 7
PHYSDID200 Fysikkdidaktikk 5 8
PHYS399K Masteroppgåve i fysikk 30 - 10
MATDID202 Matematikkdidaktikk 2 5 7
Master i fysikk med matematikk - valgfrie fysikkemner (krav: 30 SP)
Velg tre fysikkemner med tanke på masteroppgaven
Fire valgfrie emner (krav: 40 SP)
Velg fire emner. Disse emnene kan enten brukes til å fordype deg mer i masterfaget, dekke inn undervisningsfaget naturfag og/eller til å reise på utveksling
Master i kjemi (krav: 225 SP)
Master i kjemi - obligatoriske emner (krav: 105 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM110 Kjemi og energi 10 - 2
KJEM130 Organisk kjemi 10 - 2
KJEM120 Grunnstoffenes kjemi 10 - 3
KJEM131 Organisk syntese og analyse 10 - 3
KJEM122 Syntetisk uorganisk kjemi 10 - 4
KJEM210 Kjemisk termodynamikk 10 - 5
KJEM250 Analytisk kjemi 10 - 6
KJEMDID200 Kjemididaktikk 5 8
KJEM399K Masteroppgåve i kjemi 30 - 10
Master i kjemi - valgfrie kjemiemner (krav: 20 SP)
To kjemiemner velges med tanke på masteroppgaven
Fire valgfrie emner (krav: 40 SP)
Velg fire emner. Disse emnene kan enten brukes til å fordype deg mer i masterfaget, dekke inn undervisningsfaget naturfag og/eller til å reise på utveksling
Master i kjemi - fag 2 (krav: 60 SP)
Her velger du hvilket undervisningsfag du vil ha i tillegg til kjemi
Biologi som undervisningfag. (krav: 70 SP)
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
NATDID202 Naturfagdidaktikk II 5 7
BIODID200 Biologididaktikk 5 7
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi 10 - 7
BIO101 Organismebiologi 1 10 - 2
BIO102 Organismebiologi 2 10 - 5
BIO103 Cellebiologi og genetikk 10 - 6
BIO104 Komparativ fysiologi 10 - 4
MOL100 Innføring i molekylærbiologi 10 - 4
Matematikk som undervisningsfag (krav: 70 SP)
Velg ett MAT- eller STAT-emne. MNF130 kan også velges.
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 - 1
MAT112 Grunnkurs i matematikk II 10 - 4
MAT121 Lineær algebra 10 - 2
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 - 7
MATDID201 Matematikkdidaktikk 1 5 7
MATDID202 Matematikkdidaktikk 2 5 7
Master i biologi (krav: 225 SP)
Master i biologi - obligatoriske emner (krav: 95 SP)
      Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
BIO101 Organismebiologi 1 10 - 2
BIO100 Innføring i evolusjon og økologi 10 - 3
BIO102 Organismebiologi 2 10 - 3
BIO104 Komparativ fysiologi 10 - 4
MOL100 Innføring i molekylærbiologi 10 - 4
BIO103 Cellebiologi og genetikk 10 - 4
BIODID200 Biologididaktikk 5 7-8 8
BIO399K Masteroppgåve i biologi 30 - 10
Master i biologi - valgfrie biologiemner (krav: 30 SP)
Velg tre biologiemner med tanke på masteroppgaven
Fire valgfrie emner (krav: 40 SP)
Velg fire emner. Disse emnene kan enten brukes til å fordype deg mer i masterfaget, dekke inn undervisningsfaget naturfag og/eller til å reise på utveksling
Master i biologi - fag 2
Her velger du hvilket undervisningsfag du vil ha i tillegg til biologi
Kjemi som undervisningsfag. (krav: 70 SP)
Obligatoriske emner (krav: 40 SP)
          Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM110 Kjemi og energi 10 - 2
KJEM120 Grunnstoffenes kjemi 10 - 7
KJEM130 Organisk kjemi 10 - 2
NATDID202 Naturfagdidaktikk II 5 7
KJEMDID200 Kjemididaktikk 5 8
Minst et av emnene KJEM122 og KJEM131 (krav: 10 SP)
          Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
KJEM131 Organisk syntese og analyse 10 - 5
KJEM122 Syntetisk uorganisk kjemi 10 - 6
Max to av kjemiemnene (krav: 10 SP)
          Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
MOL100 Innføring i molekylærbiologi 10 - 4
KJEM210 Kjemisk termodynamikk 10 -
KJEM202 Miljøkjemi 10 -
KJEM250 Analytisk kjemi 10 -
MOL200 Metabolisme; reaksjonar, regulering og kompartmentalisering 10 -
Matematikk som undervisningsfag (krav: 70 SP)
Velg ett MAT- eller STAT-emne. MNF130 kan også velges.
        Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 - 1
MAT112 Grunnkurs i matematikk II 10 - 4
MAT121 Lineær algebra 10 - 2
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 - 7
MATDID201 Matematikkdidaktikk 1 5 7
MATDID202 Matematikkdidaktikk 2 5 7
Dekke naturfag i tillegg til to fag? - gjelder kull13 og tidligere
Det er obligatorisk med to undervisningsfag i lektorprogrammet. Dersom du ønsker det kan du bruke de valgfrie emnene i programmet til å ta det som gjenstår for å dekke naturfag i tillegg.

Med to obligatoriske undervisningsfag inngår allerede minst 60 sp i ett eller to av fagene fysikk, kjemi, biologi. For å dekke naturfag som undervisningsfag må du i tillegg ta minst 20 sp innen de(t) av fagene fysikk, kjemi, biologi som du ikke allerede har dekket. Eks. Har du valgt master i kjemi, med biologi ved siden av, må du ta minst 20 sp innen fysikk. Eks. Har du valgt master i fysikk, må du ta minst 20 sp i hvert av fagene biologi og kjemi.

Anbefalte emner:

Fysikk: PHYS101 + PHYS102,
Biologi: To av emna BIO100, BIO101 og BIO102,
Kjemi: KJEM110 + et av emna KJEM100, KJEM120, KJEM122, KJEM130, KJEM131