Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i datateknologi

Datateknologi

Introduksjon

Lurer du på korleis Google finn svar på søka dine så raskt? Eller korleis grafikken i eit dataspel eigentleg blir laga? Ønsker du å vere med på å utvikle IT-løysingar for framtida?

Datateknologi handlar om å løyse problem ved hjelp av datamaskiner. Problema kan stamme frå eit vidt spekter av greiner innan vitskap, teknologi, industri, næringsliv og underhaldning. Studiet går ut på å lære korleis ei datamaskin fungerer, og korleis du kan nytte datamaskina til å løyse ulike problem.

Sjølv om dei fleste av oss er avanserte brukarar av denne infrastrukturen, krevst det likevel spesialkompetanse for å vidareutvikle og å drive teknologien som held det heile saman. Studiet i datateknologi gir deg kvalifikasjonar til å arbeide innanfor dette området. Du tek både teoretiske emne, med eit rikt innslag av matematikk, og praktisk retta emne med øvingar på moderne datautstyr. På den måten skal studiet gi deg god teknisk innsikt, men òg utvikle forståing og kreativitet.

Visste du at ...

UiB er medarrangør av NM i programmering og stadig ligg blant dei beste i Noreg og Europa.

 

Studievegar

  • Bachelor (3 år)

I det treårige bachelorstudiet inngår emne som datanett, matematikk, statistikk, algoritmar og datastrukturar, funksjonell webdesign og diskrete strukturar.

  • Master

Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i informatikk.

  • Forsking

Forskingsaktiviteten i fagmiljøet er delt opp i seks grupper: algoritmeteori, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering.

 

  • Sjå også desse studia

Forskingsaktiviteten i fagmiljøet er delt opp i seks grupper: algoritmeteori, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon og visualisering.

 

 

 

Utveksling

Dersom du ønsker å ta delar av studiet i utlandet bør dette gjerast i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtaler med Università degli studi di Roma III (Italia), Humboldt-Universität (Tyskland), Vienna University of Technology (Østerrike), Charles University, Praha (Tsjekkia), og University of Newcastle (Australia). UiB har dessutan mange andre utvekslingsavtaler.

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/matnat/utdanning/utveksling 

Yrkesvegar

Du blir kvalifisert for mange ulike datarelaterte jobbar både i privat verksemd og offentleg forvalting. Aktuelle arbeidsplassar kan vere IT-bedrifter, men du kan òg arbeide i for eksempel finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring og konsulentverksemd. Arbeidsoppgåvene ein er kompetent til å jobbe med spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, internett, datasikkerheit og oppgåver knytte til utvikling av datasystem. Graden gir også grunnlag for undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

I dag er datamaskiner og internett ein integrert del av samfunnsstrukturen. Sjølv om dei fleste av oss er avanserte brukarar av denne infrastrukturen, krev det likevel spesialkompetanse for å vidareutvikle og drive teknologien som held alt saman. Bachelorstudiet i datateknologi gir deg grunnleggjande kunnskapar til å arbeide innanfor dette området. Studiet inneheld mellom anna tema som programmering, web-teknologi, nettverk og operativsystem. Bachelorstudiet er spesielt ved at du står ganske fritt i val av emne, også emne frå andre fagområde. Du kan velje ei brei tverrfagleg utdanning, eller ei smal utdanning med mange IT-emne. Dei siste semestra av studiet opnar for ulike spesialiseringar, mellom anna med tanke på vidare masterstudiar. Aktuelle retningar kan vere software-utvikling, kommunikasjonsteknologi, datagrafikk, og ulike biologiske problemstillingar.

I undervisninga legg vi opp til at studenten sjølv må vere aktiv gjennom øvingar og prosjektarbeid, i tillegg til at vi også held tradisjonelle førelesningar. Studiet er teknologisk orientert med vekt på bruksmåtar, der eit av hovudmåla er å forberede studenten til å kunne jobbe med og delta i utvikling av større programsystem. Sidan datateknologi er prega av raske teknologiske omskiftingar, er utdanninga lagt opp til at studenten tileignar seg fundamentale metodar som varar lengre enn dagsaktuell spesifikk teknologi.

 

Bioinformatikk som studiemoglegheit innafor bachelorprogrammet datateknologi

Bioinformatikk er eit fagområde i skjæringspunktet mellom informatikk og biologi. Teknikkar og metodar frå informatikk blir brukte for å løyse problem som er relaterte til molekylærbiologisk forsking, spesielt analyse av den store datamengda som blir produsert. I tillegg til at generelle informatiske metodar blir brukt, er det behov for spesialiserte metodar. Innafor blant anna funksjonell genom- og proteinforsking blir det stadig utvikla ny teknologi som krev nye bioinformatiske metodar. Studiemoglegheiten bioinformatikk skal spesielt førebu studentar til eit masterstudium i bioinformatikk.

Om du vil sjå meir om tilrådde forkunnskapar og tilrådd studieplan for bioinformatikk som studiemoglegheit, kan du lese meir på denne sida: http://www.uib.no/fg/bioinformatikk/undervisning/studere-bioinformatikk

Læringsutbyte

Etter fullført BA-program i datateknologi skal studentane

 

  • programmere mellomstore informasjonssystem og bidra til store dataprogram
  • bruke og forstå operativsystem og nettverk
  • formulere og løysa problemstillingar innan programtryggleik, nettverkstryggleik og algoritmar
  • formulere og løyse problemstillingar innan ulike informatikkrelaterte områder

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle krav om realfag (REALFA).

Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?3iUHB

Obligatoriske emne

Krav til bachelorgraden i datateknologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng. I tillegg må minst 30 sp. veljast blant valfrie MAT- og INF-emne på 100- og 200- nivå (med unntak av INF109).

1. sem. Haust: INF100, MAT101/MAT111, Ex.Phil

2. sem. Vår: INF101, MNF130, INF111

3. sem. Haust: INF102, STAT101/STAT110, TOD077

4. sem. Vår: INF112, INF142

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte byggjer emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt "Krav til forkunnskap" eller "Tilrådde forkunnskapar" på emna.

Delstudium i utlandet

Ønskjer du å ta delar av studiet i utlandet, bør du gjere det i løpet av det tredje året. Vi har i dag avtalar med University of Bologna (Italia), Università degli studi di Roma III (Italia), Makerere University (Uganda), Universitetet i Uppsala (Sverige), Charles University, Praha - (Tsjekkia) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har dessutan mange andre utvekslingsavtalar.

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet

Grunnlag for videre studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søke til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.

Relevans for arbeidsliv

Du vil gjennom studiet kvalifisere deg for ei rekke ulike datarelaterte jobbar både innanfor privat verksemd og offentleg forvalting. Aktuelle arbeidsstader kan vere i reine IT-bedrifter, men også innanfor andre verksemder, som i finans- og bankvesen, oljeindustri, forsikring, konsulentverksemd m.m. Arbeidsoppgåvene spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, systemutvikling, internett, og oppgåver knytt til datatryggleik. Graden gir også grunnlag for undervisingskompetanse i informatikk for skoleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studieveileder@ii.uib.no

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for informatikk har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studieveileder@ii.uib.no Tlf: 55 58 40 93.

Søknadsprosedyre

For søkarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkargrupper og for søkarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

 

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak .

 

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i datateknologi, studiekode i Samordna opptak: 184829.

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og

MATRS: Matematikk R1 eller S1+S2

Tilrådde forkunnskapar

Vi tilrår at du har bakgrunn som tilsvarar Matematikk R1+R2.

Poenggrense ved siste opptak

Ordinær: 43,8

Førstegangsvitnemål: 41,1

 

Antall studieplasser

50

Overgangsordninger

Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o

Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.

Læringsutbyte

Etter fullført BA-program i datateknologi skal studentane

 

  • programmere mellomstore informasjonssystem og bidra til store dataprogram
  • bruke og forstå operativsystem og nettverk
  • formulere og løysa problemstillingar innan programtryggleik, nettverkstryggleik og algoritmar
  • formulere og løyse problemstillingar innan ulike informatikkrelaterte områder

Oppbygging

Krav til bachelorgraden i datateknologi er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng. I tillegg må minst 30 studiepoeng veljast blant valfrie matematikk- og informatikkemne.Statistikk tel også som valfrie poeng i matematikk.

Gjennom heile studiet vil du møte ein kombinasjon av teoretiske og meir praktiske emne. Studiet har hovudfokus på programmering, men dekker heile spekteret frå tekniske til praktisk orienterte datafag. Gjennom å legge stor vekt på grunnleggande datafag blir du i stand til å tilpasse deg og utvikle deg i takt med dei stadig vekslande trendane på fagfeltet. Du oppnår dermed ei brei fagleg plattform som dannar grunnlag for arbeidslivet og vidare utdanning.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/studieprogram/BAMN-DTEK. 

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:
studierettleiar.mnfa@uib.no
55 58 30 30

BAMN-DTEK/Bachelor i datateknologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Innføringesemne (krav: 20 SP)
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 1
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1-6 1
MAT101 Brukarkurs i matematikk I 10 1-6 1
Spesialisering i datateknologi (krav: 90 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering 1) 10 1-6 1
INF101 Vidaregåande programmering (Programmering 2) 10 1-6 2
INF102 Algoritmar, datastrukturar og programmering 10 1-6 3
INF111 Introduksjon til informasjonsteknologi 10 1-6 2
INF112 Systemkonstruksjon 10 1-6 4
INF142 Datanett 10 1-6 4
MNF130 Diskrete strukturar 10 1-6 2
  Vel minst eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
STAT101 Elementær statistikk 10 1-6 3
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 1-6 3
Obligatorisk emne
SP S A
Datamaskiner og operativsystem (HiB) - -
Informatikk/matematikk (krav: 30 SP)
Du vel 30 SP blant matematikk og informatikkemna. NB! INF109 Dataprogrammering for naturvitskap blir ikkje godkjent som ein del av spesialiseringa i bachelorgraden.
Valfrie emne (krav: 40 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 40 studiepoeng
Valemner på Høgskolen i Bergen
Valfritt
SP S A
Avansert programvareteknologi (HiB) - -
Moderne systemutviklingsmetoder (HiB) - -
Agentteknologier (HiB) - -
Utvalgte emner i programvareutvikling (HiB) - -
Modell-basert programvareutvikling (HiB) - -