Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i matematikk

ingressbilde

Introduksjon

Godtar du ikkje svaret «Fordi det berre er sånn» er eit studium i matematikk noko for deg.

Ønsker du å forstå kvifor matematiske verktøy og metodar fungerer? Som for eksempel kvifor formelen for løysing av andregradslikningar verkar? Vil du vite kva som blir meint når vi seier at det er umogleg å dele ein vinkel i tre like vinklar med passar og linjal? Kunne du også tenke deg å forstå kvifor det er sant? Er du fascinert av geometrien bak fysiske teoriar som Einsteins relativitetsteori eller superstrengteori? Er du interessert i å forstå det store bildet?

Matematikk er eit nyttig fag som kan brukast til veldig mykje forskjellig. Moderne teknologi er utenkeleg utan matematikk, og kunnskap om matematikk er ein føresetnad for å kunne treffe kvalifiserte vedtak om nesten alle forhold i det moderne samfunnet.

Matematisk tankegang blir brukt også i leik og underhaldning, som for eksempel når du løyser ein sudoku. Dessutan er matematikk eit fag i rivande utvikling som er fascinerande i seg sjølv. Nysgjerrigheit og trong til utforsking er dei viktigaste drivkreftene for utvikling av faget.

Visste du at ...

Verdas største kjente primtall per januar 2013 har over 17 millionar siffer. Premiar blir delte ut til dei som finn nye primtall med meir enn ein million siffer.

Studievegar

  • Bachelor (3 år)

Bachelorprogrammet i matematikk fokuserer på matematikk som eit fag med sjølvstendig verdi og interesse. Du blir undervist av internasjonalt aktive forskarar som gir deg kunnskap om det teoretiske grunnlaget for matematiske fagfelt som analyse, algebra og topologi. Du får trening i abstrakt tenking og i å analysere problem av matematisk art der løysingsmetoden ikkje nødvendigvis er kjend, og får evne til sjølv å sette deg inn i nye område av matematikk og naturvitskap. Dessutan får du øving i å formidle matematikk.

  • Master

Avhengig av val kan eit bachelorprogram i matematikk kvalifisere deg til dei fleste masterprogram i naturvitskap. Om du liker å studere matematikk anbefaler vi masterprogram i algebra/algebraisk geometri, matematisk analyse eller topologi.

  • Forsking

Vi forskar innanfor eit breitt spekter av matematiske problemstillingar: klassiske problem, nye problem som dukkar opp i den rivande utviklinga av matematikken sjølv, og problem knytt til andre felt som moderne teoretisk fysikk.

  • Sjå også desse studia

Matematikk for industri og teknologi, statistikk, informatikk-matematikk-økonomi (IMØ), fysikk, geofysikk, datateknologi, datavitskap, petroleum- og prosessteknologi, samfunnsøkonomi, lektorutdanning med mastergrad i naturvitskap eller matematikk.

Utveksling

Vi anbefaler å ta eit studieopphald i utlandet i løpet av dei siste to studieåra. Alle fag i bachelorprogrammet er standardfag som finst på dei fleste universitet.

Sjå http://www.uib.no/matnat/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Yrkesvegar

Med ein bachelor i matematikk vil du vere i stand til å analysere og løyse matematiske problemstillingar som måtte dukke opp på ein arbeidsplass. Dette gjer deg for eksempel eigna til å arbeide i utviklingsavdelinga ved ei bedrift innanfor kommunikasjon, finans og teknologi. Som bachelor må du rekne med å spesialisere deg vidare internt på arbeidsplassen, men du vil stille med eit betre teoretisk fundament enn mange av kollegaene dine.

Skoleverket treng lærarar med matematikk-kompetanse på alle nivå. Ønsker du å bli lærar, må du i tillegg ha praktisk-pedagogisk utdanning. Ei naturleg fortsetjing på bachelorstudiet er sjølvsagt å fullføre ein mastergrad i matematikk, med dei jobbutsiktene det gir. Matematikarar har for eksempel fått jobb i konsulentbyrå som SAFETEC, Det Norske Veritas AS og Oliver Wyman, eller i forsking og undervisning på vidaregåande skolar, lærar- og ingeniørhøgskolar og universitet. Vel du å forfølge ein karriere innanfor matematikk, får du anledning til å bli del av eit internasjonalt forskingsmiljø med heile verda som arbeidsplass.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i matematikk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).

Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY.

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga bygger på kunnskap som tilsvarar Matematikk R1+R2.

Poenggrense ved siste opptak

Nytt studium.

Antall studieplasser

10

Overgangsordninger

Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o

Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i matematikk inneheld 90 studiepoeng med fagleg spesialisering. Dei siste studiepoenga kan du velje frå andre fag, eller dei kan brukast til vidare spesialisering i matematikk.

Dei 90 studiepoenga med spesialisering må oppfylle desse krava:

Ein grunnpakke på sju emne som gir grunnleggande kunnskapar innanfor matematisk analyse, lineær algebra, topologi og algebra.

Eit prosjektarbeidsemne i matematikk, normalt i sjette semester.

Eitt emne i matematikk eller statistikk, fritt val i samsvar med dine interesser og vidare planar.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på nettet: uib.no/math.

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.mnfa@uib.no

55 58 30 30

BAMN-MAT/Bachelor i matematikk
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, høst - -
Utenlandsopphold, vår - -
Søknad om permisjon fra bachelorstudier ved MN-fakultetet - -
Innføringsemne (krav: 10 SP)
Seminarmodellen på ex.phil er primært eitt tilbod til 1.semesterstudentane
  Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1
EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 1
Spesialisering i matematikk (krav: 70 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1-6 1
INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering 1) 10 1-6 4
MAT112 Grunnkurs i matematikk II 10 1-6 2
MAT121 Lineær algebra 10 1-6 2
MAT131 Differensiallikningar I 10 1-6 2
MAT212 Funksjonar av fleire variable 10 1-6 3
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 1-6 3
Spesialiseringsval i naturfag (krav: 10 SP)
Vel eitt emne innanfor naturfag på 10 SP. Studentar som vil ta mastergrad i anvendt matematikk bør velje PHYS 111
Spesialiseringsval (krav: 10 SP)
Vel eitt emne innanfor matematikk eller statistikk på 10 SP.
Valfritt emne (krav: 80 SP)
Vel fritt emnar som til saman utgjer 80 studiepoeng