Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Bachelorprogram i matematikk for industri og teknologi

ingressbilde

Introduksjon

Vil du arbeide med metodar som kan løyse framtidas utfordringar innanfor klimamodellering, medisinsk forsking eller oljeutvinning? Eller vil du opparbeide deg kompetanse til å jobbe med grøn teknologi? Då er dette studieprogrammet noko for deg.

Matematiske likningar har lenge vore eit viktig verktøy for å forstå verda omkring oss og for å utvikle ny teknologi. I dag er det ein sterk auke i bruken av matematiske utrekningar på nye fagfelt som medisin, biologi, økonomi og samfunnsfag. Ein konsekvens av dette er at ein må ha djupare forståing av korleis problemstillingar kan formulerast ved hjelp av likningar, og korleis desse likningane kan løysast ved hjelp av datamaskiner. Studiet i matematikk for industri og teknologi gir denne innsikta ved å kombinere matematiske fag med kurs innanfor andre fagfelt, som for eksempel fysikk, informatikk, biologi og økonomi.

Du vil få moglegheit til å fordjupe deg innanfor bruksområde som fornybar energi, CO2-lagring, bildebehandling, oljeutvinning og havmodellering

Visste du at ...

Den dyraste reknefeilen i norsk historie resulterte i tapet av ein oljeboringsplattform i Rogaland. Det kosta oss fire milliardar kroner.

Studievegar

  • Bachelor (3 år)

Bachelorprogrammet i Matematikk for industri og teknologi gir deg ein generell bakgrunn i matematikk som kan nyttast til å løyse utfordringar innanfor teknologi og naturvitskap. Du får trening i abstrakt tenking, og i å modellere naturvitskaplege problem ved hjelp av matematiske metodar. Under studiet kjem du til å utvikle ei evne til sjølv å sette deg inn i nye område av matematikk og naturvitskap. Dessutan får du øving i å formidle matematikk.

  • Master

Studiet leier naturleg til ein mastergrad i Anvend og utrekningsorientert matematikk, men det vil også kvalifisere for fordjuping innanfor andre retningar av matematikk, og gi eit solid grunnlag for masterstudium i nærliggande fag, for eksempel medisinsk biologi, statistikk, prosessteknologi og energi.

  • Forsking

Studiet er knytt til gruppa for Anvend og utrekningsorientert matematikk ved Matematisk institutt. Gruppa forskar innanfor bruksområde som fornybar energi, CO2-lagring, bildebehandling, oljeutvinning og havmodellering, i tillegg til grunnleggande matematiske problemstillingar.

  • Sjå også desse studia

Matematikk, statistikk, aktuar, informatikk-matematikk-økonomi (IMØ), fysikk, geofysikk, datateknologi, datavitskap, petroleum- og prosessteknologi, lektorutdanning med mastergrad i naturvitskap ­eller matematikk.

Utveksling

Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa.

Matematisk institutt har for eksempel kontakt med universiteta i byane Heidelberg i Tyskland, Berkeley i USA, Århus i Danmark og Hong Kong i Kina.

Sjå http://www.uib.no/matnat/utdanning/utveksling for meir informasjon.

Yrkesvegar

Kunnskapane du tileignar deg kan nyttast i vidt forskjellige fagfelt, og du har dermed stor fleksibilitet med tanke på jobbmoglegheiter. Bachelorprogrammet kan byggast ut med eit masterstudium i Anvend og utrekningsorientert matematikk eller andre masterprogram. Anvende matematikarar jobbar med blant anna teknologiutvikling, risikoanalyse, ressursforvaltning, forsking, undervisning og leiing. Trenden med eit aukande fokus på kvantitativ informasjon vil i framtida gi store moglegheiter innanfor nye fagfelt som forvaltning og samfunnsplanlegging.

Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i naturvitskap.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er
søknadsfristen 15. april.

 

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar
med realkompetanse er fristen 1. mars.

 

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på: http://www.uib.no/utdanning/opptak/samordna-opptak

 

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til
bachelorprogrammet i matematikk for industri og teknologi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og
REALFA: Matematikk R1 eller (S1+S2) OG fordjuping i eitt realfag (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2).

Meir informasjon finn du her: http://link.uib.no/?1jIFY

Tilrådde forkunnskapar

Undervisninga bygger på kunnskap som tilsvarar Matematikk R1+R2.

Poenggrense ved siste opptak

Nytt studium.

Antall studieplasser

15

Overgangsordninger

Finn ut kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker: http://link.uib.no/?3S29o

Det er mogleg å byte studieprogram både haust og vår.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i matematikk for industri og teknologi inneheld 100 studiepoeng med fagleg spesialisering. Dei siste studiepoenga kan du velje frå andre fag, eller dei kan brukast til vidare spesialisering i matematikk.

Dei 100 studiepoenga med spesialisering må oppfylle desse krava:

Ein grunnpakke på åtte emne som gir grunnleggande kunnskap innanfor matematisk analyse, lineær algebra, differensiallikningar, statistikk og programmering.

Eit prosjektarbeidsemne i matematikk, normalt i sjette semester

Eit emne i fysikk, eller eit anna naturvitskapleg emne.

Når du har fullført studieprogrammet ditt, skal du ha tileigna deg bestemte kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetansar. Desse er skildra i omtalen av studiet på: uib.no/math.

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, ta kontakt med studierettleiar:

studieveileder@math.uib.no

55 58 30 30

BAMN-MATEK/Bachelorprogram i matematikk for industri og teknologi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, høst - -
Utenlandsopphold, vår - -
Exsamen philosophicum (krav: 10 SP)
Du kan velje mellom to variantar av ex.phil. Seminarvarianten kan kun veljast i 1. semester.
  Vel eit av emna
Emnekode Emnetittel SP S A
EXPHIL-MNSEM Examen philosophicum - seminarmodell 10 1-6 5
EXPHIL-MNEKS Examen philosophicum- skuleeksamen 10 1-6 5
Spesialisering i matematikk for industri og teknologi (krav: 100 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
INF100 Grunnkurs i programmering (Programmering 1) 10 1-6 1
MAT111 Grunnkurs i matematikk I 10 1-6 1
MAT112 Grunnkurs i matematikk II 10 1-6 2
MAT121 Lineær algebra 10 1-6 2
MAT131 Differensiallikningar I 10 1-6 2
MAT160 Reknealgoritmar 1 10 1-6 3
MAT212 Funksjonar av fleire variable 10 1-6 3
PHYS111 Mekanikk 1 10 1-6 4
STAT110 Grunnkurs i statistikk 10 1-6 5
MAT264 Laboratoriekurs i reknevitskap 10 1-6 6
Valfrie emne (krav: 70 SP)
Vel fritt emne som til saman utgjer 70 studiepoeng